Hopp til innhold

Carlsen-nøling kan skape dramatisk scenario: Ekspert spår spesiell stemning i VM-kvalik

Om Magnus Carlsen trekkjer seg frå VM, er det plutseleg to VM-billettar i potten i årets kandidatturnering. Jokeren heiter Alireza Firouzja (18).

Magnus Carlsen

VM?: Det er ikkje sikkert Magnus Carlsen stiller i sjakk-VM igjen.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Denne veka møtest nokre av dei beste sjakkspelarane i verda i kandidatturneringa i Madrid, der vinnaren får møte den regjerande verdsmeisteren.

Men det «alle» snakkar om i sjakkmiljøet no, er om Carlsen orkar å stille til ein ny VM-match.

Denne turneringa har ein dimensjon langt utover det vanlege, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

For det kan bli delt ut to VM-billettar i årets kandidatturnering.

Viss Magnus Carlsen faktisk vel å trekkje seg frå VM, blir det vinnaren av kandidatturneringa i Madrid og den som endar som nummer to, som blir motstandarar i 2023.

TV 2s sjakk-kommentator Maud Rødsmoen meiner at Carlsens snakk om ein VM-exit skaper ei spesiell stemning blant sjakkspelarane, så lenge ingenting er endeleg avklart.

– Det kan skape nokre merkelege situasjonar mot slutten av turneringa når nokon ligg på andreplass, men ikkje veit om det er godt nok (til ein VM-billett), kommenterer ho.

Norway Chess

Fransk-iranske Alireza Firouzja blir beskrivne som ein spennande og uredd spelar.

Foto: Carina Johansen / NTB

Den neste store?

Men Noregs verdsmeister har fleire gonger sagt at han mest sannsynleg ikkje vil forsvare verdsmeistertittelen, dersom ikkje Alireza Firouzja vinn kandidatturneringa og dermed blir motstandaren hans.

– Så kva skjer om det ikkje er talentet som vinn kandidatturneringa?

– Det er eit veldig godt spørsmål, og eg trur ingen av oss har svaret på det, innrømmer Torstein Bae.

Så då er spørsmålet: Kva er det med denne tenåringen som openbert triggar Magnus Carlsen så mykje?

– Firouzja er ein veldig spennande spelar. Vi har venta i fleire år på at han skal bli den neste store. Han er ein uredd spelar som trur på siger, sjølv når han speler mot Magnus, seier Bae.

Les også Sjakkgeniet som kan forlenge Carlsens karriere

Alireza Firouzja og Magnus Carlsen

Firouzja er i tillegg ung, verdstrear og nærmar seg stadig Carlsen på verdsrankinga.

Han har allereie teke éin rekord frå nordmannen, då han sikra 2800 rankingpoeng som den yngste nokosinne. Det gjorde han som 18 år og fem månader gammal.

Rødsmoen fortel at Firouzja har trekt seg tilbake den siste tida og ikkje spelt langsjakkturneringar.

– Han har antakeleg drive med intense førebuingar og ønskjer nok ikkje å vise noko av det han har trena på. Det gjer også at vi ikkje veit så mykje om kva form han er i om dagen, fortel ho.

Ding Liren

Torstein Bae trur kinesiske Ding Liren er den største favoritten i kandidatturneringa.

Foto: THOMAS SAMSON / AFP

– Krevjande turnering

Men NRKs ekspert trur ikkje 18-åringen vinn i Madrid. Her blir rutinen avgjerande, trur han.

– Det vil vere ein utruleg prestasjon om han handterer presset og går til VM-kamp, seier Bae, som ikkje har Alireza Firouzja som favoritt i turneringa, men kinesiske Ding Liren.

– Det er veldig krevjande å komme gjennom denne kandidatturneringa. Nålauget er veldig trongt. Det var så vidt Magnus Carlsen greidde det i 2013, påpeikar han.

Sjekk faktaboks for Baes vurderingar av andre spelarar!

Det er altså ikkje opplagt at Carlsen vil få draumemotstandaren sin i ein VM-match. Bae trur likevel ikkje at nordmannen har avvist VM fullstendig.

– Men samtidig har han gitt uttrykk for at det er veldig slitsamt med langsjakk-VM og dei enorme førebuingane det krev, seier Bae.

Men Bae legg samtidig til at dei største meistrane i historia, som Garry Kasparov, vann VM seks gonger. Det er heller aldri nokon som har gitt frå VM-tittelen på den måten.

– Det kan lokke Magnus Carlsen vidare, men han må sjølv finne motivasjonen, seier Bae.

– Og han kan komme når det blir klart kven han skal møte, påpeikar han.

VM sjakk studio NRK

NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

Foto: Erik Johansen / NTB

Kan miste status i verda til sjakken

Rødsmoen påpeikar, til liks med Bae, at det kan vere fleire spelarar enn Firouzja som kan motivere Carlsen til ein ny VM-kamp.

Ho trur likevel på Carlsen når han seier at han vurderer å droppe VM.

– Det har vore så liten tvil dei siste matchane om at Magnus har vore den beste i verda. Eg trur han synest langsjakk-VM tek veldig mykje tid for å bevise noko alle er samde om, nemleg at han er verdas beste. Formatet er for lite spennande for han, seier ho.

Torstein Bae påpeikar likevel at Carlsen bør tenkje over at hans eigen status i sjakkmiljøet ikkje blir den same om han gir frå seg VM-tittelen i langsjakk.

– Det er klart, ein kan ha andre titlar, ein kan vere verdsmeister i lynsjakk og hurtigsjakk og vere nummer ein på rankinga, men historisk er det verdsmeisteren som er den store.

– Viss det er ein annan som er verdsmeister, så trur eg at Magnus vil merke at han ikkje lenger er den desiderte kongen i verda til sjakken. Då vil han måtte konkurrere om merksemda med den nye verdsmeisteren, fortel han.

Les også Supertalenta som vil overta etter Carlsen: – Kjem til å ta over trona

Alireza Firouzja, Gukesh og Nodirbek Abdusattorov

Siste nytt

  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP
  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Lilleberg og Pettersen ønsker å være med i VM: – Selvfølgelig har jeg lyst

    De to USA-proffene Emil Lilleberg og Mathias Emilio Pettersen har forsikret landslagssjef Tobias Johansson om at de ønsker å bidra for landslaget under VM.

    Spillerne er riktignok avhengig av hvordan det går i sluttspillet for sine respektive lag. Lillebergs Tampa Bay Lightning ligger under 0-3 i kamper mot Florida Panthers, mens Emilio Pettersens Texas Stars slo ut Manitoba Moose og møter Milwaukee Admirals i en best av fem-serie.

    – Jeg spiste middag med Emil for en måned siden, og han var veldig positiv til VM-spill når han er ferdig der borte. Men det er usikkert om Tampa vil sende ham til Syracuse, eller hva som skjer når de eventuelt ryker ut, sier Johansson til nitten.no.

    Første kamp for Emilio Pettersen & co. spilles først 2. mai. Serien avsluttes så sent som 12. mai, dersom de spiller alle de fem kampene.

    – Jeg prøver å ha fokus på sluttspillet her nå, men selvfølgelig har jeg lyst til å spille VM om det åpner seg opp en mulighet for det, sier Pettersen.

    – Kan du reise dersom dere ryker i neste runde med Texas Stars?

    – Jeg er usikker på hva som skjer med Dallas i sluttspillet, så jeg må ta det som det kommer da. Jeg kan ikke si noe 100 prosent nå, svarer han.

    Fra før har veteranene Mats Zuccarello og Patrick Thoresen stilt seg tilgjengelig til verdensmesterskapet i Praha, som spilles fra 10. til 26. mai.

    (©NTB)

    eFmZjB-LXIs
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal