Hopp til innhold

Supertalenta som vil overta etter Carlsen: – Kjem til å ta over trona

Etter år med særs få sjakkturneringar står sjakken framfor eit generasjonsskifte. Dei unge supertalenta står omtrent i kø for å rive Magnus Carlsen ned frå trona, og særlig talvet tolv bør få nordmannen til å skjelve.

Alireza Firouzja, Gukesh og Nodirbek Abdusattorov

VM-STJERNER: Alireza Firouzja (frå venstre), Gukesh og Nodirbek Abdusattorov.

Foto: Christian Kråkenes / Montasje: Geir Jone Karlsen / NRK

Under VM i hurtigsjakk fekk éin av dei det store gjennombrotet sitt, Nodirbek Abdusattorov. Sensasjonen frå Usbekistan er berre 17 år gammal, og er ein del av ein heilt ny generasjon.

Dei har lært sjakk på ein heilt annan måte enn nordmannen, som gjer dei til annleis spelarar. Med hjelp av sterke datamaskiner har dei lært spelet på ein heilt ny måte, som gjev dei ein fordel i kampen om å overta sjakktrona.

– Det er berre eit tidsspørsmål før dei er der oppe, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.

Veldig mange prøver, men få klarer å bli verdsmeister i sjakk. Det dukkar stadig opp vedunderbarn i både Kina og India, men sidan 2011 har Carlsen vore den suverene einaren.

Talentet alle snakkar om

Carlsen og Firouzja

SUPERDUELL: Magnus Carlsen møtte Alireza Firouzja i hurtigsjakk i romjula - og vann.

Foto: Lennart Ootes / FIDE

I haust klatra 18 år gamle Alireza Firouzja opp på 2.-plass på verdsrankinga, og er han som er nærast målet om å ta trona frå Carlsen. Han er så god at nordmannen sjølv drog han opp av hatten like etter VM-kampen i desember.

– Viss ein annan enn Firouzja vinn kandidatturneringa, er det lite sannsynleg at eg spelar neste VM-match. Da trur eg at eg vil seie at eg er tilfreds, sa Carlsen da.

Pappa Henrik Carlsen utdjupar:

– Han har vorte veldig god i ung alder. Han har relativt dårleg skår mot dei tre beste klassiskspelarane i verda basert på rating dei siste åra: Ding, Caruana og Magnus.

Han er knallhard mot dei fleste andre elitespelarar. Han imponerer rett og slett veldig, og det er vanskeleg å tenkje seg at han ikkje blir ein sterk utfordrar òg for Magnus framover.

Stjerneskotet frå Sentral-Asia

Nodirbek Abdusattorov

SENSASJON: Nodirbek Abdusattorov tok eit overraskande VM-gull.

Foto: CHRISTIAN KRAKENES

I romjula kom eit nytt namn blant dei unge stjernene: Nodirbek Abdusattorov. Han er 17 år gammal og kjem frå Usbekistan.

– Eg er ikkje ei stjerne enno. Men eg skal bevise kva eg kan framover, seier han til NRK.

Han er ein del av fleire usbekarar som er på veg inn i verdseliten i kanonfart.

– Usbekistan er eit typisk land der det er mange som satsar på sjakk fordi det er ein måte å komme seg opp i samfunnet. Dei ser på sjakken som ei moglegheit, seier Grønn.

Barnestjerna frå India

GUkesh

UNG: Gukesh er bare 15 år gamal.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Ein tredje junior som fekk sjakkpublikummet til å sperre auga opp er Dommaraju Gukesh, som ofte blir kalla «Gukesh». Han er fødd i 2006, og er den yngste av dei tre som oftast blir trekt fram.

I sommar vart han verdshistorias nest yngste stormeister; han var 17 dagar unna å slå Sergej Karjakins rekord som den aller yngste.

– Eit mareritt å møte, seier regjerande noregsmeister i sjakk Kristian Stuvik Holm.

Gukesh er éin av fleire unge indarar som har komme opp bak Vishy Anand.

– Spørsmålet er kva slags framgang dei kjem til å ha. Da Magnus var 15 var han ikkje betre enn desse indarane, dei kan gjere stor framgang frå 15 til 17. Gukesh er spennande, seier Atle Grønn.

Kvifor har dei vorte så gode?

Fleire ekspertar meiner det er eit tidsspørsmål før Carlsen forsvinn som den beste sjakkspelaren i verda. David Howell er sjakkekspert i chess24 og stormeister frå England. Han meiner den nye generasjonen er skummel å møte og trur dei «kjem til å bli verkeleg gode». Han forklarer kva som gjer den nye generasjonen unik:

– Dei har studert sjakkdatamaskiner frå første dag. Dei spelar veldig direkte, seier han.

Atle Grønn trur ein av «den neste generasjonen» har store moglegheiter til å overta. Han meiner det allereie er klart at spelarane som er litt yngre enn Carlsen (som Anish Giri) ikkje er gode nok til å ta over, men at dei som er 10–15 år yngre har langt betre sjansar.

Atle Grønn

EKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Det blir verre for Magnus år for år, men han er ikkje i noko dårleg alder. I gamle dagar sa ein ofte at 30–35 var den ideelle alderen for sjakkspelarar. Så sa ein kanskje 25 da Kasparov kom.

Historisk sett er han i ganske god alder. Men han seier sjølv at han slit litt med rekninga og variantar, seier Atle Grønn og legg til:

– Heilt fantastisk intuisjon og erfaring veg opp.

Så hentar NRKs sjakkekspert fram eit reknestykke frå sjakkhistoria: Kramnik var 12 år yngre enn Kasparov då han tok over, Kasparov var 12 år yngre enn Karpov. Og Firouzja er 12,5 år yngre enn Carlsen.

– Fell pladask

Sjølv om rekneferdigheitene blir sløva med alderen, viste Magnus Carlsen kvifor han har vore verdas beste sidan 2011 under VM i lyn- og hurtigsjakk. Carlsen fortalde sjølv at han hadde ein dårleg dag og sleit med å finne flyten.

Likevel var han med i gullkampen heilt til siste parti i begge turneringar.

– Når dei unge har ein dårleg dag, fell dei heilt pladask, seier Grønn.

Og jo høgare dei kjem på verdsrankinga, jo hardare blir jobben med å utvikle seg.

– Dei fleste av desse barnestjernene mislykkast i å bli verdsmeister. Det blir vanskelegare heile tida. Jo høgare, jo vanskelegare er det å gjere framgang. Sjakken er brutal, seier Atle Grønn.

Magnus Carlsen

VANN: Magnus Carlsen med VM-pokalen frå Dubai, hans femte VM-tittel.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal