Dei to skiskyttarbrørne frå Stryn skal gå tredje og fjerde etappe for det norske laget på stafetten søndag. Medan veslebror Johannes Thingnes Bø tek over etter Henrik L'Abee-Lund, er det storebror Tarjei Bø som skal gå ankeretappen.
Heime i Stryn synest pappa Klemet Bø at det er litt stas med begge gutane på same lag.
– Det er kjekt at Johannes får prøve seg litt i lag med bror sin, seier han og Johannes som framleis er juniorløpar.
Du kan sjå stafetten direkte på NRK1 eller direkte på nett her frå klokka 12.30.
To juniorar på laget
Det er også Vetle Sjåstad Christiansen som går først for det norske laget. Klemet Bø meiner det er bra at den norske lagleiinga er villig til å satse på dei unge.
– Dette er framtida. Det er kjekt at dei får prøve seg og lukte litt på miljøet, seier han.
Johannes Thingnes Bø fekk sin individuelle debut i verdscupen i Holmenkollen sist helg, og gjekk då inn til ein 28. plass på sprinten og ein 25. plass på jaktstarten.
No har han fått vere med til Russland og i OL-byen gjekk han inn til ein 19. plass på sprinten i går. Feilfri skyting til trass gjekk han i mål halvanna minutt bak vinnaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tippar Norge blant topp fire, på ein god dag
Storebror Tarjei Bø gjekk inn til 8. plass på sprinten i går med ein bom, Vetle Sjåstad Christiansen skaut feilfritt og tok plassen før Johannes, medan Henrik L'Abee-Lund viste seg å vere den sterkaste nordmannen i gårsdagens konkurranse. Han fekk si første pallplassering i verdscupen med tredjeplass.
- LES OGSÅ:
Korleis det går når desse fire skal gå stafett saman blir spennande å sjå. Pappa Klemet Bø er ikkje overtydd om at det blir medalje.
– Dei er vel ikkje heilt favorittar på papiret, og er det vel ikkje i realiteten heller. Kanskje dei blir blant dei fire beste, på ein god dag, er spådommen hans.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: