Hopp til innhold

Bø-gutane på 8. og 19. plass

Johannes Thingnes Bø var best av Bø-brørne på standplass, men likevel vart det storebror Tarjei som vart best av dei to under dagens sprint i Sotsji.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

BLANT DEI 20 BESTE: Både veslebror Johannes og storebror Tarjei gjekk i mål blant dei 20 beste under dagens sprintkonkurranse.

Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum (Montasje) / NRK

Begge stryningane stilte til start i dagens verdscuprenn i OL-byen, men ingen av dei greidde å hevde seg heilt i toppen.

Johannes Thingnes Bø fekk sin debut i verdscupen i Holmenkollen sist helg, og etter ein 28. plass på sprinten og 25. plass på jaktstarten fekk vere med vidare til Russland. I dagens sprintkonkurranse viste han kva han var god for.

Med feilfri skyting gjekk han til slutt inn til ein 19. plass, 1.30.2 bak vinnaren. Ingen kunne gjere noko med suverene Martin Fourcade.

Franskmannen skaut feilfritt og gjekk raskt i sporet, faktisk var det heile 42 sekund ned til andreplassen.

Norske Henrik L'Abée-Lund fekk si første pallplassering i verdscupen med tredjeplassen i dag.

Storebror Bø, Tarjei Bø, bomma ein gong på ståande skyting. Han gjekk i mål til ein 8. plass, 1.05.5 bak den franske vinnaren.

NRK sin ekspertkommentator Halvard Hanevold meiner 19.-plassen til Johannes Thingnes Bø var ein sterk prestasjon.

– Han har mykje å gå på. Det blir sagt at han ligg før Tarjei i forhold til alder, sa Hanevold