Hopp til innhold

Tarjei slo Fourcade med 0,1 sekund

Tarjei Bø skaut to fulle hus og vann sprinten i verdscuprennet i Holmenkollen i dag.

Tarjei Bø tok tre gullmedaljer
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Særleg imponerte ståandeskytinga hans, dei fem blinkane kom i eit forrykande tempo.

Martin Fourcade frå Frankrike var så nær som ha kunne, han kom i mål 0.1 sekund bak stryningen.

– Marginane på mi side

– Det ser ut til at eg er begynt å få marginane på mi side, sa Tarjei Bø til NRK etter at den sterke franskmannen hadde gått i mål.

Fourcade hadde to bom og gjekk eit knallsterkt langrenn, 48 sekund raskare enn Bø, men tapte med minst mogeleg margin på grunn av ein bom på kvar av skytingane.

Dermed kan Bø innkassere sin andre verdscupsiger denne sesongen, når ein reknar med VM-sigeren i fellesstart.

– Eg er i bra skiskyttarform, men ikkje god langrennsform. Eg har mykje å gå på. Eg kan gå bra sisterundar, men då må eg halde igjen litt i starten. No gler eg meg til å gå ut i lag med Fourcade i jaktstarten laurdag.

(Artikkelen held fram under biletet).

Johannes Thingnes Bø

GOD DEBUT: Johannes Thingnes Bø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

God debut av Johannes

Broren til Tarjei, Johannes Thingnes Bø,fekk sin individuelle debut i verdscupen i Holmenkollen. Han skaut feilfritt på liggande og hadde ein strafferunde på ståande skyting.

Johannes vart nummer 28, 1.39 bak broren. Dermed får han og gå jaktstarten på laurdag.

Emil Hegle Svendsen starta ikkje på rennet på grunn av sjukdom.