Hopp til innhold

Blir jekka ned etter breiale meldingar: – Veslebroren som aldri når opp

Rekruttherrane har i lang tid yppa med dei norske eliteherrane. Veslebror som skrik, meiner Johannes Thingnes Bø og får klart svar frå rekruttløparane.

Endre Strømsheim, Johan-Olav Smørdal Botn, Johannes Thingnes Bø

REKRUTT OG ELITE: Endre Strømsheim (nede til venstre) og Johan-Olav Smørdal Botn (nede til høgre) er begge på rekruttlaget, men har yppa seg mot Johannes Thingnes Bø (bak) og resten av elitelaget. 

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Laurdag gjorde Johannes Thingnes Bø som han gjorde i nærast kvart einaste renn førre sesong: Han vann sesongopninga på Sjusjøen i suveren stil.

Men både inn mot sesongopninga og i etterkant av rennet kom det ei rekkje verbale stikk mellom utøvarane på rekruttlandslaget og elitelandslaget.

– Vi har ein kultur som eg tviler på at nokre andre landslag i verda har. Det er det som gjer at vi er så gode, seier rekruttlagets Vebjørn Sørum i direkteintervjuet etter rennet.

– Men vi er betre på resultat. Kanskje dei har betre lagmiljø. Det er herleg innsats av alle, det er bra at vi kan vere så mange, svarer Thingnes Bø.

Sørum vart nummer tre laurdag, slått av Thingnes Bø og Sturla Holm Lægreid. Tett bak han følgde dei andre utøvarane på rekruttlaget:

  • Endre Strømsheim vart nummer fire.
  • Mats Øverby vart nummer seks.
  • Martin Uldal vart nummer ti.
  • Vetle Rype-Paulsen vart nummer tolv.
  • Johan-Olav Smørdal Botn vart nummer 13.

Eliteløperane Tarjei Bø, Johannes Dale-Skjevdal og Filip Fjeld Andersen vart høvesvis nummer fem, åtte og ni.

– Eg trur det svir litt ekstra for elite å føle at vi er såpass nærme. Dei kjenner nok litt på det, det håpar eg i alle fall, sa Sørum på pressetreffet fredag.

  • Søndag er det fellesstart på programmet i Sjusjøen, med start 12.30 for kvinner og 14.15 for menn. Fellesstartane blir sende på NRK1 og i NRK TV.

Lægreid: – Våre argaste konkurrentar

På elitelandslaget har dei merka seg at det har komme ein del meldingar frå rekruttane gjennom sommaren og hausten.

– Det er veslebroren som aldri når opp det laget der, så dei kjem til å skrike uavhengig av kva som skjer framover. Anten dei er best eller er suverent dårlegast, sa Thingnes Bø til NRK fredag.

Spurd om Thingnes Bøs karakteristikk av rekruttlaget, svarer rekruttane sjølv:

– Det får vere hans ord. Han legg merke til oss. Vi får nøye oss med det for denne gongen, seier Mats Øverby.

– Vi må halde fram med å skrike litt høgt og prøve litt til. Vi satsar på at vi klarer å hamle opp med han utover i sesongen, seier Sørum.

Ein som er glad for at rekruttane melder litt er Sturla Holm Lægreid.

– Vi har sakna litt svensk-norsk melding, så når svenskane ikkje klarer å prestere, får rekruttlaget ta over. Dei er vår argaste konkurrent akkurat no, seier han.

Han bryt likevel inn når NRK i pressesona etter rennet spør Sørum om kva han sa om miljøet på rekruttlaget på direktesendinga:

Thingnes Bø spøkte om juling

I forkant av sesongopninga hadde spesielt Johan-Olav Smørdal Botn fått mykje merksemd. Rekruttløparen var på eit testløp på Beitostølen få dagar i forkant av sesongopninga totalt overlegen på eit testløp.

Like bra gjekk det ikkje laurdag, der fem bom øydela for eit toppresultat.

Dermed ser vegen mot ein verdscupplass vanskelegare ut for Botn, der store delar av rekruttlaget kjempar mot landslagsløpar Filip Fjeld Andersen.

Noreg skal ta med seg totalt sju utøvarar til verdscupopninga i Östersund seinare i november.

Einar Hedegart i intervjusonen etter sesongåpningen på Sjusjøen

Unggutt med Thingnes Bø-stikk etter utklassing: – Han kan takke meg

Der har allereie Thingnes Bø, Lægreid, Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale-Skjevdal og rekruttløpar Strømsheim fått klarsignal.

– Eg har utruleg stor støtte hos lagkameratane mine. Vi har lyst til å vere laget vårt på tur og halde det slik. Eg skal gjere det eg kan og får utruleg mykje støtte frå lagkompisane mine der, sa landslagsløpar Andersen før sprinten.

At Strømsheim har fått klarsignal, var også noko Thingnes Bø var i det spøkjefulle humøret om på pressetreffet fredag.

På spørsmål om at karakteristikken av rekruttlaget som veslebror som skrik høgt, var «litt av ein velkomst» for Strømsheim, såg Thingnes Bø seg spøkjefullt over skuldra.

– Står han her no? Han kjem til å slå meg ned, sa skiskyttarstjerna med eit stort glis.

Vil ta med seg kulturen til elitelaget

Rekruttløpar Sørum trekkjer først og fremst treningskulturen som ein suksessfaktor.

– Alle gjer jobben. Det er ingen økter som er dårlege. Vi utviklar nye økter, nye planar, det er alltid noko å jobbe med. Folk er nysgjerrige på trening, både fysisk og skyting. Vi har teke eit ekstremt stort steg i år, seier han, og held fram:

– Viss eg eller nokon av dei andre tek steget opp frå rekrutt til elite, håpar eg vi dreg med oss den kulturen. For eg trur han er betre på rekrutt enn elite, så ærleg må eg vere.

25-åringen, som debuterte i verdscupen mot slutten av førre sesong, understrekar at han opplever at det er god stemning på begge lag. Samtidig trekkjer han igjen fram at han meiner rekruttane er ivrigare på utvikling.

– Vi kan ikkje liggje på latsida på våren og sommaren, vi må «pushe» heile vegen. Og så er det litt for å gi eit lite stikk, det må til, seier han med eit smil.

Vebjørn Sørum har gått fra blindtarmoperasjon til seier i verdenscupen på én sesong.

Skiskyttertalentet havnet på sykehus i Italia: – Jeg var heldig

I treningsarbeidet har rekruttlaget mellom anna sverja til bruken av «dobbel terskel», ein treningsmetode som verkeleg har vorte populær i Noreg gjennom Team Ingebrigtsen i friidrett.

– Ein blir jo sjølvsagt påverka. Både eg og gutane har sett Team Ingebrigtsen på TV. No er sport meir tilgjengeleg enn nokon gong, så du blir jo påverka, men eg vil like gjerne seie triatlon og sykkel. Vi har mange flinke folk vi diskuterer med der, seier rekruttrenar Anders Øverby.

Det blir samtidig fortalt om veker med rundt 30 treningstimar.

– Det er ekstremt. Det er veldig ekstremt. Men så er det litt det systemet vi har laga, som gjer at vi har ein god modell for korleis vi kan fange opp når nok er nok. Og så er dei ekstremt godt trena. Det er grunnmuren i det, seier Øverby.

– Unggutar fulle av «testo»

Ein som veit korleis det er både hos rekruttane og eliten, er Johannes Dale-Skjevdal. Han er denne sesongen tilbake på elitelaget, etter å ha vore hos rekruttane førre sesong.

– Eg var ein del av rekrutt i fjor og miljøet var veldig bra, men det betyr ikkje at elite har eit dårleg miljø, seier han, og held fram:

– Det er ein del unggutar fulle av «testo» på det rekruttlaget. Vi har det veldig fint på elite òg, og det trur eg Vebjørn veit. Han prøver å kaste litt bensin på det bålet. Eg trur vi trivst godt saman alle saman, eg. Eg har vore på begge lag, og kan stadfeste at eg trivst begge stader.

sfdfd

Klæbo får svar etter overgangs-fleip: – Døra står åpen

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal