– Eg forstår at folk spør. Eg blei nummer seks etter mitt dårlegaste løp på lenge. Men samtidig tok eg eit gull nokre dagar før.
– Eg kjenner dykk, seier Bjørgen og smiler til dei mange journalistane som har møtt fra til pressekonferansen denne konkurransefrie VM-dagen.
Etter
torsdag, vart ho tidleg hekta av og hamna på ein for henne med skibytte laurdag.Ho var aldri med i tetkampen, og var langt etter medaljevinnarane Therese Johaug og Astrid Uhrenholdt Jacobsen i mål.
Det førte også til at ho
søndag, der ho etter planen skulle ha gått.– Veit at det snur fort
På 10 kilometeren tysdag skal ho gå saman med Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Heidi Weng og debutanten Ragnhild Haga.
– Er du ikkje litt usikker?
– Eg kjenner kroppen min, og veit at det snur fort.
– Eg har ein gullmedalje, så eg har greidd mine mål. Det var litt tungt sist, men det er igjen tre konkurransar. Det er betryggande, seier Bjørgen på spørsmål om resten av VM.
Trenaren: – Marit er frisk
Trenar Egil Kristiansen er heller ikkje nemnande uroleg.
– Nei, ho er frisk. Ho trenar som andre, og vi skal nok få sjå ei anna Marit på 10 km i morgon enn det vi såg fredag, seier trenmar Egil Kristiansen.
Bjørgen trur også svenskane kan bli tøffe konkurrentar tysdag.
Ikkje minst Charlotte Kalla, som parkerte dei norske jentene på tilsvarande distanse i Östersund helga før VM.
– Vi må gjere vårt aller beste. Charlotte blir sterk, men det er vi førebudde på, seier Bjørgen.
– Fin stigning
Egil Kristiansen har også tru på Astrid Uhrenholdt Jacobsen på tysdagens distanse med individuell start.
– Ho har hatt fin stigning sidan januar, og vi såg kva ho greidde på 15-kilometeren, seier Kristiansen om jenta som tok eit emosjonelt sølv der. – Men det er 10-kilometeren som er hennar beste distanse vanlegvis, seier Kristiansen.