Hopp til innhold

Beskriv tåa som ein manet: – Heng og sleng

Aleksander Aamodt Kilde samanliknar stortåa si med ei manet etter sitt sesongøydeleggande fall i Wengen, og uttrykker uro for korleis det kjem til å påverke skikøyringa.

Kilde viser frem tærne

PREGA AV SKADEN: Aleksander Aamodt Kilde blir dagleg mint på den stygge skaden han fekk i januar og slit med etterverknadene.

Foto: MARTINE SØRHUS / NRK

– Dei fire tærne bevegar seg greitt opp, og så har du stortåa som berre heng og sleng, seier Aleksander Aamodt Kilde.

Alpinstjerna tek imot NRK i sitt splitter nye heim i austerrikske Innsbruck. Her trenar han seg opp mot eit mogleg comeback etter det dramatiske fallet i Wengen i januar.

Sidan har 31-åringen hatt meir enn nok med å komme seg tilbake på beina, og difor har han ikkje kunne garantere eit comeback som toppalpinist.

Aleksander Aamodt Kilde mister kontrollen, og faller stygt i Wengen

Aleksander Aamodt Kilde mistar kontrollen, og fell stygt i Wengen

Tidlegare i mars var han endeleg tilbake på beina, men han har framleis ein lang veg å gå.

– Muskelsenene som bevegar tærne mine er kutta av. Dei nervane er på ein måte sydde på igjen. Det tek tid, seier Kilde og held fram:

– Eg har krafta til å gripe og trykke frå, så det er veldig bra. Når eg skal hoppe og gå, så er det heilt fint. Det er bra for ein eventuelt vidare karriere. Men å løfte tåa, og løfte tærne generelt, det slit eg med.

Sjå Kilde beskrive kjensla i beinet:

– Ganske udigg

I eit intervju med austerrikske Servus TV beskreiv han stortåa som ein «jellyfish». Tåa skaper vanskar i det daglege.

– Når ankelsena bevegar seg heilt opp, så tek ho litt over. Då dett alle tærne litt ned. Så når eg går, må eg sørge for at hælen går ned, elles trakkar eg på tåa mi. Og det er ganske udigg, seier han og hald fram:

– Med sko går det veldig fint, men viss eg er berrføtt, så er det ei utfordring. I ein slalåmsko håpar eg det går bra etter kvart. Men det er det som er spørsmålet. Har det ein dårleg effekt på skikøyringa eller går det fint?

Les også Kilde kan ikke garantere comeback: – Det er en uklar situasjon

Aleksander Aamodt Kilde

Dette, i tillegg til ei vond venstre skulder, er det viktigaste som må på plass for å komme tilbake på toppnivå for Kilde.

Fallet gav nemleg ein stor skulderskade, som var såpass spesiell at ortopeden som behandla han ikkje hadde sett liknande tidlegare.

– Det rauk så mykje inni der at også nervane i skuldra har fått eit trykk. Så skal eg framleis ha ein lynrask start, så har eg ein jobb å gjere. Men akkurat nå er det lite trykk i skuldra, seier han.

Vil trene normalt i juni

I opptreninga han no er inne i, er han opptatt av å sette seg delmål. Det inneber også å trene opp tærne og skuldra gradvis dag for dag.

Nervane i foten kan han maks trene opp ein millimeter per dag. Då tek det tid.

Eg har sett meg eit mål om å vere med og trene mest mogleg normalt i juni saman med laget, seier Kilde.

Om han klarer det er ei anna sak.

Sommaren kjem kjapt og kroppen tek den tida ho tek å «heale». Det er vanskeleg å seie korleis skaden vil utvikle seg, sidan ingen har vore med på dette før, seier han.

Landslagslege Trond Floberhaugen seier det er for tidleg å sei når Kilde vil kome tilbake, eller korleis skaden vil prege han.

– Aleksander har vore gjennom ein alvorleg skade og vi må ta ei fase om gongen. Han er framleis i eit relativt tidleg stadium når det gjeld å lækje nervar, sener og musklar, seier han og held fram:

– Vi har det fulle fokuset vårt på at Aleksander skal bli frisk igjen, og rehabiliteringa går så langt som planlagt.

Les også Kildes oppgjør: – Om jeg skal komme tilbake, må noe endres helt øverst i Skiforbundet

Aleksander Aamodt Kilde

Kilde takkar dei sju ortopedane og to plastiske kirurgane som behandla han i timane etter fallet, for at han framleis kan komme tilbake på toppnivå og at utviklinga går rett veg.

Dei har gjort ein fantastisk jobb. Musklane byrjar å sjå ut som musklar igjen. Spørsmålet var om det faktisk var mogleg å få det tilbake til normalt igjen. Det ser lyst ut sånn sett, og det er digg å kjenne på.

Spilles av
Her sparker hun motspilleren
Neste

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Femte strake seier for Brandsegg-Nygård og Red Wings

    Michael Brandsegg-Nygård og hans Detroit Red Wings har fått en ypperlig start på NHL-sesongen. Søndag ble Edmonton Oilers slått 4-2.

    Red Wings har vunnet fem kamper på rad etter tapet for Montréal Canadiens i sesongåpningen, som også var nordmannens NHL-debut.

    Brandsegg-Nygård spilte 14.11 minutter søndag. Han noterte ett skudd på mål, tre blokkerte skudd og ett skudd utenfor, i tillegg til tre taklinger. Han var ikke på isen ved noen av kampens scoringer.

    Etter en målløs første periode festet Red Wings grepet da Dylan Larkin og Emmit Finnie scoret i midtperioden. Noah Philp reduserte for gjestene, men Larkins satte inn 3-1 før siste pause.

    Leon Draisaitl skapte ny spenning snaut halvveis i 3. periode, og kampen levde helt til Finnie satte punktum i tomt bur 1.22 minutt før slutt. Begge lag hadde store sjanser rett før det målet.

    Red Wings ble med seieren fjerde lag som nar nådd tosifret poengtall i den nye sesongen. Laget leder sin avdeling. (NTB)

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal