Hopp til innhold

Rekdal fryktar hets på Briskeby: – Mest bekymra for familien min

Søndag returnerer Kjetil Rekdal til Briskeby for første gong som Rosenborg-trenar. Med eliteserieopninga friskt i minnet, har han no åtvara sønene mot hetsen som kan komme mot han.

Eliteserien 2022: Rosenborg - Molde.

TILBAKE: Rosenborg-trenar Kjetil Rekdal gler seg til helgas kamp mot HamKam, men er bekymra for familien.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Eg er mest bekymra for familien min som skal på kamp, seier Kjetil Rekdal om å returnere til Briskeby for første gong etter at han forsvann ut dørene i Hamar og heldt fram som Rosenborg-trenar.

Det er ikkje første gong familien Rekdal er på Briskeby denne sesongen. Og under eliteserieopninga mot Lillestrøm skal skjellsorda ha hagla mot den tidlegare hovudtrenaren, som valde å gå til Rosenborg før sesongen.

For HamKam sikra han opprykket til eliteserien førre sesong etter 14 års fråvær. Derfor var det ikkje populært blant hamarsingane at han tok sin hatt og gjekk like før sesongstart, noko sønene på 10 og 14 år hans skal ha fått erfare.

– Synest det er rimeleg stussleg at gutane, som var på Briskeby for å heie på HamKam, høyrde så mykje skit om Kjetil at dei ikkje kjenner seg velkommen på kamp, skreiv Rekdals kone, Ane Guro Skaare-Rekdal, på Facebook om opplevinga til dei to brørne.

OBOS-ligaen fotball 2021, HamKam - Raufoss

RYKTE OPP: Kjetil Rekdal vart ein populær mann på Hamar då han sikra opprykk til eliteserien førre sesong. At han forlét klubben til fordel for Rosenborg vart ikkje godt motteken.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Kjetil toler det

No har familien førebudd seg på kva som kan komme søndag kveld.

– Eg har snakka med gutane mine om at dei må rekne med å høyre mykje skit. For min del klarer eg å stengje det ute. Eg er berre oppteken av kampen, fortel Rekdal, som uansett ikkje forventar å sleppe mishagsytringar i returen:

– Det reknar eg for så vidt med. Det er vanleg det. Det er den åtferda du kan forvente i Noreg, så eg blir ikkje overraska om det blir mykje skitslenging.

HamKam-spelarane oppmodar publikum til å droppe hets mot gamletrenarens familie.

Det er aldri hyggjeleg at det skal gå utover andre folk. Måten han forlét HamKam på er det mange som har reagert på, men slik er fotballen. Det er ingen her som tenkjer noko særleg på det, for det er sånn fotballmekanismen er, seier Aleksander Melgalvis til NRK.

Eg håpar at viss det skal komme nokre merknader, så får det vere Kjetil som får høyre det og ikkje familien hans. Kjetil toler det, så det blir fint at han får høyre det litt, held fotballprofilen fram.

Aleksander Melgalvis

VIL TA POENG: Aleksander Melgalvis reknar med at gamletrenaren får nokre tilrop frå heimefansen søndag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Eg håpar publikum kan fokusere på å støtte oss og at vi slepper at familien hans ikkje kjenner seg velkommen på Briskeby. Vi er kameratar her på Hamar, så eg synest vi skal støtte oppunder det, poengterer Kristian Eriksen.

Lover kamp

Hamar-laget har berre vunne éin av dei første seks kampane, men har også klart seg med eitt tap. Heimemøtet med Rosenborg, som har to poeng meir, blir eit høgdepunkt. Trenarduoen Rekdal og Geir Frigård gjer det ekstra spesielt.

Eg veit at Kjetil og Geir er vinnarskallar begge to. Vi må vere på frå start, og vi har lyst til å gi dei kamp, fastslår Eriksen.

Eg likte både Kjetil og Geir veldig godt begge to. Det blir nok ein god kamp på banen, så dei skal nok få kjenne at dei er tilbake på Briskeby, meiner Melgalvis.

Siste nytt

  • Tap for Thoresen i bryte-EM

    Morten Thoresen gikk mot kinesiske Husiyuetu Husiyuetu i 67-kilosklassen og tapte 0-5 i sin første kamp i VM i bryting. Dermed må nordmannen håpe at kineseren går hele veien til finalen, i håp om å få gå rekvalifisering søndag.

    Bedre har det gått for Exauce Mukubu.

    Mukubu startet dagen med å slå Milad Alirzajev med 7-1. I 16-delsfinalen møtte han Luis Eduardo Avendano Rojas fra Venezuela. Det ble rått parti og nordmannen vant på poengmessig overlegenhet 10-0, etter 1.03 minutters bryting.

    Mukubu møter Jalgasbay Berdimuratov fra Usbekistan i åttedelsfinalen senere lørdag.

    Morten Thoresen
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Carlsen vant Speed Chess Championship

    Magnus Carlsen vant fredag lynsjakkturneringen Speed Chess Championship. I finalen slo nordmannen Hikaru Nakamura.

    I online-turneringen har Carlsen har utklasset alle sine motstandere.

    (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Xavi forlenger med Barcelona

    Xavi (43) bekreftet fredag at han kommer til å forlenge kontrakten som trener for Barcelona med ytterligere ett år.

    Den nye kontrakten strekker seg fram til 2025. Et par timer senere kom også bekreftelsen fra klubben.

    Den tidligere midtbanespilleren tok over trenerjobben i 2021, og han ledet klubben til et nytt seriemesterskap sist sesong.

    – Vi vant to titler sist sesong og er en klubb i utvikling, sier treneren som overtok jobben på en treårskontrakt etter nederlenderen Ronald Koeman. Den kontrakten han hadde løp til 2024.

    Barcelona er plassert som nummer to i årets La Liga, to poeng bak Real Madrid. (NTB)

    6llf_df4WrY
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Se høydepunktene fra Norge - Østerrike 01:08
Neste