Hopp til innhold

Salvesen reagerer på Glimt-behandling: – Føler det dei sa ikkje har stemt

Lars-Jørgen Salvesen meiner at Bodø/Glimt ikkje gav han sjansane dei lova han. Trenar Kjetil Knutsen meiner dei spelte med opne kort.

Lars-Jørgen Salvesen

I STAVANGER: Lars-Jørgen Salvesens opphald i Bodø og Bodø/Glimt vart kortare enn han først hadde førestilt seg.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Førre veke signerte Salvesen for Viking, to månader etter at han først hadde sagt nei til Stavanger-klubben.

Debuten vart meir eller mindre perfekt, då han som innbytar kom inn og skåra Vikings andre mål i cupsigeren over Rosenborg på søndag. No er det gamleklubben Bodø/Glimt som ventar i kvartfinalen, i Bodø, på laurdag.

No fortel han både om kvifor han vart verande i Glimt tidlegare i vinter og kvifor han til slutt flytta sørover.

– Eg vart verande fordi eg ønskte å gi det ein skikkeleg sjanse, og eg fekk signal om at det skulle vere ein fair sjanse om eg ønskte å bli verande, seier Salvesen.

– Følar du at du ikkje vart vurdert på likt grunnlag?

– Det handlar om at eg kjenner det ikkje har vorte etterlevd av Bodø/Glimt. I tida etter at eg takka nei og no, kjenner eg ikkje at det dei sa den gongen har stemt undervegs i oppkøyringa, seier han.

Han legg til at han ikkje har noko personleg mot Glimt.

– Fotball er ein kynisk og brutal bransje. Eg skjønner at eg ikkje presterte bra nok i haust og eg blir overflødig med fire spissar. Eg har gitt det eit ordentleg forsøk, og så vart det slik til slutt. Glimt har komme i situasjonar der dei kan gjere som dei i vil i Noreg og då blir det tøft. Ein får nokre moglegheiter og klarer ein ikkje det, er det «on to the next one».

Lars-Jørgen Salvesen

DRAUMEDEBUT: Salvesen brukte berre åtte minutt på å skåre sitt første mål for Viking.

Foto: Carina Johansen / NTB

Lech Poznań-kamp vart vendepunkt

I eit intervju med NRK frå februar, var Salvesen fast bestemt på å slå tilbake etter å sjølv ha følt at han presterte under pari i fjorårssesongen.

Trenar Kjetil Knutsen var i det høvet klar på at dei hadde hatt ein god dialog.

– Eg har gitt han eit ærleg bilete på kvar han står, og vi har hatt ein fantastisk dialog. Den prosessen han har stått i, har han handtert imponerande bra. Det var hans val at han ønskte å bli, sa Knutsen den gong.

Salvesen seier han hadde eit ønske om å kjempe om plassen på laget, etter at han førre sesong skåra to mål på 840 minutt.

– Eg kunne ikkje leve med meg sjølv dersom eg hadde drege med halen mellom beina ved første moglegheit, berre fordi Bodø/Glimt ikkje ønskte meg vidare.

– Når kom vendepunktet?

– Frå første gong eg snakka med Viking i januar, og no, har det skjedd mykje. Det handlar om signal og prioriteringar i Bodø/Glimt, spesielt i samband med kampar som vart spelte og på trening der eg såg det ikkje var mange positive signal, seier Salvesen.

Lars-Jørgen Salvesen Glimt

INNBYTAR: Salvesen starta dei fleste kampane etter at han kom til Glimt, men i løpet av hausten fekk han dei fleste kampane sine som innbytar. Her kjem han inn for Runar Espejord. I Glimt har dei også nysigneringa Faris Pemi og Lasse Nordås som spissalternativ.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

I 2023 starta han på benken i begge kampane mot Lech Poznań og cupkampen mot Ranheim. Det einaste innhoppet kom i bortekampen mot Lech Poznań, der han vart bytt inn i Glimts desperate skåringsjakt på overtid.

– Eg tok dei få moglegheitene eg hadde og presterte godt på trening, men det verka ikkje som det hadde noko å seie. Lech Poznań-kampane vart litt avgjerande. Alle dei kampane vart eit slags vendepunkt, og då eg fekk signal på at Viking var interessert, var eg veldig klar i standpunktet mitt, seier 27-åringen.

Knutsen: – Vi speler alltid med opne kort

Konfrontert med Salvesens kritikk, svarer Knutsen:

– Det blir veldig lite konkret for meg. Eg tenkjer at det er viktig for alle partar å sjå framover. Han er Viking-spelar og vi må ta omsyn til det som dreier seg om Glimt. Det blir veldig fort til at vi skal diskutere kjensler her.

Han ønskjer ikkje å seie noko om kva signal Salvesen vart gitt i januar.

– Å gå inn på samtalar vi har hatt, det kjenner eg blir heilt feil å gjere i media. Vi speler alltid med opne kort og prøver å vere ærleg. Så er det ulike oppfatningar av det å vere i ein konkurransesituasjon. Det ser det ut som han byrjar å få litt andre meiningar om, seier Knutsen.

Kjetil Knutsen

ØNSKJER SALVESEN ALT GODT: Kjetil Knutsen seier han håpar det vil gå bra med Salvesen i Viking.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ifølgje Knutsen er det ikkje noko som har endra seg frå Glimts ståstad.

– Alle som er her veit at dei er i ein konkurransesituasjon. Det er slik det er å vere i Glimt. Det er forståeleg at folk blir skuffa og meiner at dei burde fått meir speletid og så vidare, men det er lite dei kan gjere noko med. Det er andre som tek avgjerder om kven som får speletid, seier trenaren.

Kvartfinalen i cupen mellom Bodø/Glimt og Viking spelast på laurdag kl. 16.15. Den kan du følge og sjå her.

Siste nytt

  • Overraskende tap for Djokovic i Shanghai – finalen glapp

    Tennisstjernen Novak Djokovic tapte semifinalen i Masters 1000-turneringen i Shanghai i strake sett mot Valentin Vacherot fra Monaco.

    Den serbiske 38-åringen tapte med settsifrene 3-6, 4-6.

    Vacherot er rangert som nummer 204 i verden og kom til hovedtablået i Masters 1000-turneringen gjennom kvalifiseringen. Nå kan han gå hele veien.

    Til sammenligning er Djokovic nummer fem i verden og har vunnet turneringen i Shanghai fire ganger tidligere.

    I finalen venter enten Daniil Medvedev eller Arthur Rinderknech for 26 år gamle Vacherot.

    (NTB)

    Novak Djokovic slår en ball med en tennisracket
    Foto: Andy Wong / AP / NTB
  • Mbappé reiser hjem fra landslagssamling – trøbbel med ankelen

    Fotballstjernen Kylian Mbappé forlater Frankrikes landslagssamling, som følge av en ankelskade.

    Frankrikes fotballforbund bekrefter at Mbappé reiser tilbake til Madrid etter fredagens landskamp mot Aserbajdsjan.

    26-åringen scoret i 3-0-seieren mot Aserbajdsjan, men haltet av banen etter 83 minutter. Like før landslagspausen hadde Mbappé skadet samme ankelen i en seriekamp mot Villarreal.

    Ankelskaden sørger for at Real Madrid-stjernen går glipp av VM-kvalifiseringskampen mot Island.

    Frankrike har imidlertid startet VM-kvalifiseringen perfekt med tre strake seire i gruppe D. Nasjonen tapte finalen i det forrige verdensmesterskapet i Qatar i 2022.

    (NTB)

    en mann som ligger på bakken med hendene på knærne
    Foto: Michel Euler / AP / NTB
  • Haaland-video går viralt: – Har du drukket?

    En video som følger Erling Braut Haaland tett på en av de siste landslagstreningene før lørdagens VM-kvalifiseringskamp mot Israel på Ullevaal Stadion går sin seiersgang på internett.

    Det eksklusive innblikket i treningen fra nasjonalarenaen, som ble publisert sent fredag kveld, har totalt over en million visninger i sosiale medier etter 890 000 visninger på Herrelandslaget sin Instagram-profil, samt over 315 000 visninger på Twitter/X i skrivende stund.

    I videoen sender angriperen flere humoristiske stikk til lagkameratene underveis i treningsøkten, hvor Thelo Aasgaard er blant spillerne som får gjennomgå.

    – Har du drukket? Hva gjorde du i går kveld? spør jærbuen til Aasgaard og smiler underveis i en av øvelsene.

    I tillegg gir Haaland, som ble kåret til månedes spiller i Premier League i september, innblikk i mentaliteten som kan ha ført til målraset i Premier League.

    – Mesteparten handler ikke om kvalitet. Det handler om mentalitet. Det handler om å ville score, sier Manchester City-angriperen i samtale med Brede Hangeland i det norske støtteapparatet.

    Norge - Israel har avspark klokken 18.00 lørdag. Kampen sendes på TV 2, NRK Sport på radio og kan følges her.

    En gruppe menn i sportsuniformer på en bane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal