Hopp til innhold

Beklaga denne seansen: – Fint å vere på «instaen» til Mourinho

Desse bileta av Ola Solbakken og Roma-manager José Mourinho gjekk viralt. Det sette nordmannen berre pris på.

Ola Solbakken og José Mourinho

– Eg synest det er artig. Det er fint å vere på «instaen» til Mourinho, seier Solbakken til NRK.

Trønderen har no sett punktum bak den første, halve sesongen sin i Roma-drakt etter overgangen frå Bodø/Glimt i januar.

Det har «svinga», som han sjølv seier, og fasiten viser 14 ligakampar – halvparten som innbytar. Det var også eit innhopp som skulle stele litt meir merksemd enn tenkt.

Ola Solbakken

I ROMA: Ola Solbakken.

Foto: AP

Ville gjort det same

Under heimekampen mot Sampdoria i april jaga Roma den første skåringa, og nordmannen skulle kastast innpå ti minutt ut i 2.-omgang.

Men samtidig som Mourinho gav Solbakken dei siste taktiske instruksane på sidelinja, sørgt Georginio Wijnaldum for 1–0. Mourinho kikka opp, løfta armen og bad Solbakken setje seg igjen.

«Beklagar, Ola», skreiv Mourinho på Instagram, der han la ut klippet som tok fyr i sosiale medium.

José Mourinho på Instagram
Foto: @josemourinho / Instagram

Der og då tenkte ikkje nordmannen noko over det.

– Eg kunne gjort det same som trenar sjølv. Viss eg skulle setje inn ein offensiv spelar, og vi gjekk opp i leiinga, ville eg spart han, eg òg, seier 24-åringen.

Ifølgje Solbakken var det tre liknande episodar i løpet av vårsesongen. Mot Sampdoria vart innhoppet dytta litt over 20 minutt, og nordmannen serverte Stephan El Shaarawy til 3–0 på overtid.

Mourinho såg openbert humoren i situasjonen, og han tok han ikkje opp med Solbakken sjølv.

– Det var humor, ja. Eg treng ikkje nokon ordentleg unnskyldning for den, seier Solbakken.

Finalebråk

Det vart langt meir alvor då Roma seinare tapte for Sevilla i europaligafinalen. Roma og José Mourinhos åtferd mot dommarane, særleg etter kamp, skapte overskrifter verda over.

José Mourinho

AMPERT: Det gjekk ei kule varmt for José Mourinho.

Foto: Reuters

Landslagssjef Ståle Solbakken er tydeleg på at du som profil skal oppføre deg og vere eit førebilete.

– Men det er jo emosjonar, dette. Det er jo eksempel på at ein har gått for langt, det har jo eg gjort sjølv i mi tid, òg. Så det handlar om å kontrollere det. Men samtidig må det ikkje vere sånn at dei som er verst dreg ein fordel av det, for då vil det jo lønne seg, seier landslagssjefen.

Ståle Solbakken

SNART KAMPKLARE: Her følgjer Ståle Solbakken med på Ola Solbakken og Mats Møller Dæhli under ei trening på Ullevaal.

Foto: BILDBYRÅN

Han trekkjer fram at dårleg åtferd kan gå utover dommarrekrutteringa og lysta til å vere dommar.

Når det gjeld Roma under finalen, meiner landslagssjefen at det verka meir iscenesett enn styrt av emosjonar. Det synest han er verre.

Det ser eg på meir som planlagt, som noko du kanskje kunne forvente på førehand. At det er litt meir sånn at: «No går eg fram, og så sit du, og så går alle fram», beskriv Noreg-sjefen.

Ola Solbakken, som ikkje var ein del av europaligatroppen, følgde oppstyret frå avstand.

Han trur det handla om eit vinnarinstinkt som tok over.

– Det er ein god miks av taktikk og emosjon. Vi må vise til dommaren at det betyr mykje for oss, og leggje litt press på han, òg. Han skal prestere han også som alle andre. Men det er vel like mykje det andre, òg, seier Solbakken, som ikkje ønskjer å kommentere så mykje om finalen.

No ventar to viktige landskampar mot Skottland (laurdag) og Kypros (tysdag) før blikket snart blir vendt mot ein ny, heil sesong.

Solbakken trur det kan utgjere ein stor forskjell kontra inntoget i januar.

– Eg treng den pre-seasonen her, ikkje komme frå fem veker ferie der eg var i Mexico i fire av dei. Det er ikkje optimalt å komme til ny klubb frå det. Det er ikkje det enklaste, i alle fall. Så å få ein god pre-season i år, så kan det hjelpe litt, seier Solbakken.

Siste nytt

  • PSG signerte russisk landslagskeeper

    Matvej Safonov (25) er klar for å gi Gianluigi Donnarumma kamp om keeperplassen i Paris Saint-Germain.

    Russeren har signert en kontrakt med den franske hovedstadsklubben til 2029, skriver PSG på X.

    Safonov kommer fra den russiske klubben Krasnodar, hvor han har spilt i hele sin proffkarriere. Etter fem år på A-laget er fasiten 175 kamper.

    25-åringen har også notert seg for 14 A-landskamper for Russland.

    (©NTB)

    LzQafmbYJcU
    Foto: AFP
  • Lallana returnerer til Southampton: – Føles riktig

    Adam Lallana (36) gjør vender tilbake til Southampton ti år etter at han forlot klubben til fordel for Liverpool.

    Det bekrefter klubben på X.

    – Jeg visste med en gang at det føltes riktig, sier 36-åringen.

    Lallana gjorde proffdebuten sin i Southampton i 2006 og har siden spilt for klubber som Bournemouth, Liverpool og Brighton.

    I sin forrige periode i Southampton noterte briten seg for 60 mål og 45 målgivende på 265 kamper. Det sikret han en overgang til Liverpool i 2014, hvor han var fram til 2020. Da gikk turen videre til Brighton, som han har spilt for til og med forrige sesong.

    Southampton rykket forrige sesong opp til Premier League etter t de slo Leeds 1–0 i opprykksfinalen.

    (©NTB)

    NfY-j2lbpRU
    Foto: JOHN SIBLEY / AFP
  • Slik starter Tyskland og Skottland i åpningskampen i EM

    Åpningskampen i EM spilles fredag kveld mellom Tyskland og Skottland i München. Der stiller Tyskland med følgende lag:

    Tyskland (4-2-3-1): Manuel Neuer - Joshua Kimmich, Antonio Rüdiger, Jonathan Tah, Maximilian Mittelstädt - Toni Kroos, Robert Andrich - Jamal Musiala, Ilkay Gündogan, Florian Wirtz - Kai Havertz.

    Det betyr at blant andre Thomas Müller og Leroy Sané er henvist til benken fra start av trener Julian Nagelsmann.

    Skottland (5-3-2): Angus Gunn - Anthony Ralston, Jack Hendry, Ryan Porteous, Kieran Tierney, Andy Robertson - Scott McTominay, Callum McGregor, John McGinn - Che Adams, Ryan Christie

    hzmRAyPofJQ
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal