Hopp til innhold

OL-vinnaren gliser av makkarens store mangel: – Han øver stadig på det

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum har flytta seg til EM i Wien etter gullbragda i Tokyo, men heller ikkje denne gongen vil vi sjå Sørum gjere ein av dei vanlegaste tekniske slaga.

Tokyo 2020 Olympics, Day 15, Christian Sørum

MANGLAR: Christian Sørum brukar berre ein type slag i mottaket sitt. Det er «baggerslag», som han gjer på biletet. Her frå OL.

Foto: JOHN SIBLEY / REUTERS

Den olympiske meisteren Christian Sørum har nemleg eit problem.

Han klarar ikkje å gjere fingerslag. Ifølge SNL er fingerslag eitt av dei mest nytta slaga i volleyball, og difor kan det verke litt rart at mannen som nettopp har tatt OL-gull – ikkje klarar det.

– På herresida er det veldig vanleg å legge med fingerslag. Det er veldig få som berre brukar baggerslag, stemmer Sørum i til NRK.

Aldri lært seg

Fingerslag er det vanlegaste slaget når du skal legge opp før makkaren skal smashe. Då brukar du hendene til å kontrollere ballen, ikkje underarmane.

Anders Mol

FINGERSLAG: Makkar Anders Mol brukar slaget. Slik ser det ut.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Dette klarar ikkje Sørum. Han brukar baggerslag. Det er eit slag der ballen treff begge underarmane i strak posisjon, og ballen skal helst kome høgt opp i lufta til medspelar.

Tokyo 2020 Olympics, Day 15, Christian Sørum og Anders Mol

BAGGERSLAG: Underarmane blir samla, slik som Sørum illustrerer på biletet.

Foto: JOHN SIBLEY / REUTERS

Kvifor er det slik at Sørum ikkje klarar fingerslag?

– Eg byrja tidleg med volleyball, og då er fingerslag eit vanskeleg slag å gjere. Eg klarte det ikkje då eg var liten, og måtte difor bruke baggerslag. Etter kvart som vi vaks opp og spelte meir og meir, brukte eg ikkje fingerslag. Ein blir dømd på det, og då blei det til at eg aldri gjorde det seier Sørum.

Han påpeikar at det er strenge reglar, og at ein fort kan gå på ein smell om ein gjer det feil.

– Eg trur dei aller fleste som spelar volleyball hadde slite med å få det til utan å bli dømd. Det er ein veldig teknisk krevjande idrett. Når det kjem harde «hotserver» og ballen blir spelt åtte meter opp i lufta, så skal du dempe den utan å halde den for lenge, og utan å få dobbeltslag. Det er ganske vanskeleg, erkjenner han.

Uvanleg

Korleis har det då blitt til at Noregs sandvolleyballduo har tatt OL-gull og blitt verdsmeistrar, utan at ein av to klarar det mest vanlege slaget?

– Det er jo enda vanskelegare å vinne OL-gull med å berre legge baggerslag, seier Mol entusiastisk, før han fortset:

– Det blir ikkje like mykje «tempolegg», og kombinasjonar som andre brukar. Det er lettare å legge raske legg med fingerslag, men Christian er eksepsjonelt god på baggerslag og han klarar å legge det med tempoforandring, seier han.

Sandvolleyballekspert Vegard Høidalen vil ikkje sei at mangelen av fingerslag er ein svakheit, men vil gjerne sjå at Sørum også byrjar med slaget.

– Det er ikkje vanleg at ein spelar som er så teknisk god som Sørum, ikkje er komfortabel med å slå fingerslag. Han kompenserer med eit ekstremt godt baggerslag, men eg meiner at han har eit potensial til å bli enda betre om han tok i bruk det slaget, seier Høidalen.

0KEnUCvbPWA

EKSPERT: Vegard Høidalen i midten, med Anders Mol til venstre og Christian Sørum til høgre. Her frå arrangementet på Jernbanetorget i 2019.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Del av ein kompleks handling

Eksperten kan fortelje at statistikken viser at dette er noko motstandaren prøver å utnytte i møte med dei.

– Før OL sa statistikken at viss du serva på Mol, får du litt meir poeng.

– Har det med mangelen på fingerslag å gjere?

– Det kan vere ein del av vurderinga, men då må vi sjå vidare på neste handling. Eg trur at viss du servar på Mol, så får du eit litt dårlegare servemottak, og eit litt dårlegare legg av Sørum. Men Mol har høgare rekkevidd, og slik sett vanskelegare å stoppe i angrep. Det er heilt garantert at servemottak og legg er ein del av vurderinga når motstandar vel kven ein skal serve på, seier han.

Likevel vil ikkje eksperten ha noko av at dette påverkar laget på noko måte.

– Å seie at Christian er ein dårleg oppleggar, er heilt riv ruskande gale. Han er ein ekstremt god oppleggar, som kan bli enda betre, avsluttar han.

Vil utvikle seg

Duoen kan fortelje at læring av teknikken er på agendaen. Kanskje ein gong i framtida vil ivrige volleyballfans sjå Sørum meistre fingerslaget.

– Han øver stadig på det, og eg veit han har lyst å utvikle det repertoaret, men akkurat no fungerer det «dritbra» å berre ha baggerslag, seier makkaren og gliser.

– Det er vanskelegare å lære fingerslag no når eg har opparbeida meg ein teknikk, men det er ikkje umogleg. Vi får jobbe litt med det i vinter og sjå kva som skjer til neste år, om det blir magi av desse henda også. Og godta at vi spelar litt dårlegare volleyball, om det hjelper meg langsiktig, avsluttar Sørum.

Mol og Sørum er klar for puljefinale i EM torsdag, etter seier mot franske Aye og Gauthier-Rat. Den kampen vann dei etter tre sett (24-14, 18-21, 15-9) og er no på veg mot sitt fjerde EM-gull. Puljefinalen spelast 19.15 torsdag kveld.

Tokyo 2020 Olympics, day 15, Beach Volleyball, final, Norway - ROC, Christian Sørum og Anders Mol

GULLGUTANE: Christian Sørum og Anders Mol med OL-gullet i munnen.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Siste nytt

  • Aftenbladet: Oilers-profil ute i seks uker

    Tommy Kristiansens (34) skade tar lenger tid å lege enn antatt, skriver Stavanger Aftenblad.

    Det betyr at Stavanger Oilers må klare seg uten den tøffe løperen i en måned til. Kristiansen ble skadd i CHL-kampen mot Dynamo Pardubice tidligere i måneden og har ikke vært på is i eliteserien ennå.

    – Det er alltid kjedelig med skader. Men det er en del av virksomheten, og vi får ikke gjort så mye med det. Men det er synd. Det ble til et større problem enn ønsket, sier Oilers' sportsdirektør Pål Haukali Higson til Aftenbladet.

    Stavanger har to seirer og ett tap så langt i eliteserien. Neste kamp spilles borte mot Frisk Asker torsdag. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Karriereslutt for østerriksk hopplegende

    Hopp-pioneren Daniela Iraschko-Stolz (39) legger opp på grunn av vedvarende skadetrøbbel.

    Veteranen fra Østerrike var utvilsomt en av dem som var med og dro lasset da hoppsporten for kvinner var i startgropen. Hun har medaljer i åtte verdensmesterskap og ble verdensmester i 2011. I 2014 tok hun sølv da kvinner for første gang fikk delta i OL. Det skjedde i Sotsji i Russland.

    Iraschko-Stolz vant også verdenscupen i 2015, som den første kvinnen fra Østerrike. I over to tiår var hun aktiv, og hun var også den første som i 2003 fikk notert et uoffisielt hopp over 200 meter.

    – Tiden er kommet for å avslutte karrieren. De som kjenner meg, vet at jeg har lyst til å fortsette, men det er også slik at jeg ikke har grunn til å klage ettersom jeg har kunnet drive sporten min i lang tid. Det har vært en fin tid, sier Stolz. (NTB)

    2019 FIS Nordic World Ski Championships
    Foto: LISI NIESNER / Reuters
  • Rapinoe i tårer – takket av med seier

    Megan Rapinoe (38) rundet av sin imponerende USA-karriere med 2-0-seier over Sør-Afrika i sin 203. landskamp.

    Det ble en følelsesladd kveld for Rapinoe og hennes støttespillere. 38-åringen spilte 54 minutter som kaptein og ble hyllet av publikum etter kampen.

    – Det gjør meg skikkelig stolt å tenke på at vi har hatt så mye suksess på fotballbanen, men også at vi har bidratt til å gjøre verden til et litt bedre sted, sa Rapinoe.

    Hun har ved siden av innsatsen på banen markert seg gjennom sitt arbeid for LHBT+-rettigheter og likelønn.

    (NTB)

    Soccer: International Friendly Women's Soccer-South Africa at USA
    Foto: Jon Durr / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ustoppelige Pellegrino 00:35
Neste