Hopp til innhold

Nektar å gi plass til veslebror: – Eg er sta

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum har omsider komme seg til EM i München. Intens sjukdom råkar Mol, men det er ingen alternativ å stå av.

Anders Mol i EM i München.

MUNNBINDET ER PÅ: Anders Mol har vorte ramma av ein kraftig influensa. Han kjenner seg betre, men er framleis ikkje i toppform.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Eg føler meg betre, sjølv om det går veldig sakte. Eg har hatt feber i fem dagar og vore sengeliggande store delar av førre veke, seier Mol med ei groggy stemme til NRK.

Anders Mol og Christian Sørum skulle i utgangspunktet spele verdsserie i Hamburg i helga som var, men torsdag blei det kjent at dei trakk seg på grunn av Mols form.

Den var så rusken at pappa og trenar Kåre Mol, i lag med makker Sørum, gjekk gjennom moglege alternativ.

Då dei drøfta reserveplanen med Mol, sette han foten ned.

– Ikkje aktuelt

Mol har blitt råka av ein intens influensa. Han har hatt streptokokkar, halsbetennelse og feber, og går no på antibiotikakur.

Anders Mol utanfor hotellet i München. Tysdag startar EM i sandvolleyball.

HAR HÅP: Anders Mol satsar på at han er frisk nok til å spele tysdag.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Den slo meg fullstendig ut. Eg måtte presse meg sjølv for å kome ut av senga. No er hovudmålet å få i seg nok mat og drikke. Det har vore eit stort problem den siste tida, fortel Mol.

– Du har framleis håp om å spele i morgon?

– Det er jo det. Det var litt snakk om at veslebror Markus skulle steppe inn, men eg kunne ikkje gi den sjansen til han så tidleg. Eg har lyst å spele sjølv. Eg er sta der, seier Mol.

Sørum fortel at han trur duoen kjem til å spele saman i morgon. Det er ingen andre moglegheiter.

– Vi prata litt om det i går, at vi kanskje kunne hente inn veslebroren til Anders for å ha ein reserve, og skrive Markus inn i dag, i staden for Anders, men det var ikkje aktuelt å sleppe til veslebror, seier Sørum.

Han held fram:

– Då verkar det på Anders at han er veldig innstilt på å få spele sjølv, så då får vi sjå korleis forma hans er i morgon.

Christian Sørum i EM i München.

EINSAM: Christian Sørum måtte flytte ut av hotellrommet med Anders Mol, og bu med trenar Kåre Mol. Han erkjenner at han har vore litt einsam utan makkaren sin.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Gjere taktiske endringar

Måndag skal dei registrere laget, og tysdag ventar kamp mot Israel.

Duoen håpar at dei kan kome seg gjennom den kampen utan å bruke alt for mykje krefter.

– Vi må prøve å spare litt energi. Israel er antatt svakare motstand, så det går kanskje an å ta det litt «lugnt» der. Og så er det mot Sverige i neste kamp. Då er det full pupp. Vi må vere klare, seier Mol.

– Du har ein god makkar, men Sørum kan vel ikkje vinne alt aleine?

– Eh. Nei, eg skulle gjerne sagt ja og fått han til å gjere alt, men han er heldigvis ein fantastisk makker, så han kan ta nokon ekstrapoeng. Eg håpar at han tar nokre ekstrapoeng for meg, eg treng verkeleg makkeren min denne veka her.

Sørum fortel at han skal gjere alt han kan.

Christian Mol i EM i München.

SPENT: Sørum slappar av på hotellet, og er spent på kva tilstand Mol er i når han vaknar onsdag morgon.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Eg må vere den som dreg laget litt. Ha litt ekstra energi, jobbar litt meir, er på og lagar planar, slik at han kan fokusere på dei arbeidsoppgåvene han har, seier Sørum.

Det er ikkje oppsiktsvekkande om dei vanlege arbeidsoppgåvene endrar seg litt i første kamp.

– Det er ikkje utenkjeleg at han kan gå fram og blokke. Eg kan spele litt i forsvar, for å spare litt hopp, og diverse. Det må vi berre sjå litt an. Vi veit ikkje heilt korleis det kjem til å bli enno. Kanskje det går greitt, men det er vanskeleg å seie akkurat no, seier Mol.

Primæroppgåva ligg på eit litt lågare nivå.

Les også OL-vinnarane sitt grep sikra historisk EM-gull

Anders Mol og Christian Sørum

– Tvangsforing

Influensaen gav ikkje spesielt matlyst hjå Mol den siste veka.

I München dei neste dagane er det varsla om særdeles varmt vêr, og det kan bli ein stor utfordring for mannen som har eit lågt energinivå for tida.

– Eg må gå på tvangsforing, og få i meg så mykje mat som mogleg, slik at eg kan vere i stand til å spele kampar.

– Heldigvis er det litt rolegare kampprogram her i EM, så det går an å kanskje få seg ein kviledag, og det trur eg at eg vil ha veldig godt av, seier han.

Anders Mol på hotellet i EM i München.

Anders Mol hentar seg mat på hotellet i München.

Anders Mol på hotellet i München, før EM tysdag.

Energilageret må fyllast opp.

Mat til Anders Mol under EM i München.

Pannekaker og eggerøre var på menyen.

Han fryktar at han vil gå tom.

– Det eg er redd for er at eg skal gå fullstendig tom, og at energilageret er heilt vekke. Eg har nok mista ein del kilo. Det er varmt, det er sand, og det er mykje aktivitet som eg ikkje har vore vand til dei siste dagane. Det blir spennande å sjå, seier han.

Om alt går etter planen, spelar Mol og Sørum klokka 19.00 tysdag. Duoen møter Israel, og den kampen kan du sjå her.

Les også Sandvolley-spelarens dramatiske døgn: Sov på rom med framande og fotfølgt av politi

Emilie Olimstad

Sportsnyheter

Manchester United

United ydmyket og får slakt – ekspert ber forsvarsstjerne gi seg

Manchester United gikk på sitt 13. tap for sesongen mot Crystal Palace. Spesielt forsvarsvikarene og manageren får sterk kritikk etter det som blir kalt årsverste av storklubben.

Siste nytt

  • Træen måtte bryte Giro d'Italia

    Den norske sykkelproffen Torstein Træen måtte tirsdag stå av Giro d'Italia som følge av krasjen på åpningsetappen.

    Træen skadet kneet stygt og måtte sy flere sting i lørdagens velt. Likevel kom han seg til mål og fullførte også etappene søndag og mandag.

    Tirsdag startet han også den fjerde etappenfra Acqui Terme til Andora, men underveis ble det stopp. Det melder Giro d'Italia i sine kanaler.

    28-åringen byttet lag fra Uno-X til Bahrain-Victorious før årets sesong.

    Træen var én av tre norske ryttere i årets Giro-felt. De to andre er Vegard Stake Laengen (UAE) og Tobias Foss (Ineos). (NTB)

    Torstein Træen under Tour de France i 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Vingegaard-milepæl etter skrekkvelten – håper på Tour-start

    Jonas Vingegaard gjennomførte tirsdag sin første sykkeltur utendørs etter den stygge velten i Baskerland rundt. Han har ikke gitt opp å vinne Tour de France tre år på rad.

    Den danske sykkelstjernen pådro seg flere ribbeinsbrudd, punktert lunge og betennelse i lungevevet etter velten i Spania tidlig i april.

    Midt i forrige måned ble 27-åringen skrevet ut fra sykehus. Der oppholdt han seg i tolv dager og ble operert i kragebeinet.

    Nå venter sykkelfansen i spenning på om Vingegaard har nok tid til rådighet til å komme i toppform tidsnok til Tour de France. Starten går i italienske Firenze 29. juni.

    – Jeg håper selvsagt å være der når starten på Tour de France går. Vi vet ikke helt hvordan formen og rehabiliteringen min utvikler seg, men jeg skal gjøre alt jeg kan for å være i toppform i Touren.

    Det sier VIngegaard i en video publisert av danskens arbeidsgiver, delvis norsksponsede Visma Lease a Bike.

    – Det er godt å endelig kunne sykle normalt igjen, og å være tilbake på veien. Jeg ser fram til de neste stegene, sier Vingegaard.

    Samtidig røper han at han fortslatt sliter med ettervirkninger etter velten, og at det fortsatt er enkelt ting han må bli frisk etter. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: PAU BARRENA / AFP
  • Stjernemålvakt har øyeproblemer – må avbryte turnering i Norge

    Den danske stjernemålvakten Niklas Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det ene øyet. Dermed må han droppe denne ukens trenasjonersturnering i Oslo.

    Øyeskaden oppsto da landin i søndagens seriekamp for Aalborg fikk han en ball i hodet. Øyet fortsatte å plage den danske landslagskapteinen i ettertid, og det ble undersøkt videre på sykehuset.

    Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det høyre øyet, og derfor tar landslagssjef Nikolaj Jacobsen ingen sjanser og sender ham hjem for å hvile.

    Det danske håndballforbundet opplyser tirsdag at Flensburg-keeper Kevin Møller har sluttet seg til landslagstroppen som erstatter for Landin. Danskene skal møte Kroatia og Norge i turneringen som spilles i Jordal Amfi.

    (NTB)

    EC men's handball: Denmark - Slovenia
    Foto: LISELOTTE SABROE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal