Hopp til innhold

Gullvinnaren skal ha fått brutal mat-beskjed

Då symjaren Ruta Meilutytė (25) fekk motet til seg og søkte hjelp for problema sine, reagerte ho på reaksjonen. Norsk symjar fortel at slike tilfelle diverre er ganske vanleg.

Italy Swimming Europeans

GULL: Ruta Meilutytė har slite med å godta sin eigen kropp. Denne veka tok ho gull på 50 meter bryst i EM i Roma, etter to år vekke frå sporten.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Det var få månadar før OL i Rio i 2016, at litauiske Ruta Meilutytė nådde botnpunktet. Ho kunne ikkje lenger halde fram med hennar utfordringar med mat.

Sjølv kallar ho det ei «avhengigheit», og den avhengigheita hadde fått vekse seg stor.

Ho skamma seg for å føle seg som ho gjorde, og trong å seie det høgt.

Då symjaren først fekk stotra ut nokre ord til ein trenar, mimrar ho at ho sa det slik: «Når eg et for mykje, gjer eg meg sjølv sjuk».

Ifølgje Meilutytė reagerte ein i støtteapparatet slik:

«Du fekk kaloriane ut, i det minste».

– Det var openbert ikkje eit godt svar å få, fortel Rūta Meilutytė i podkasten SwimSwam.

Fredag stod ho fram for første gong om eteforstyrringa, som starta i puberteten, og no fortel Ingeborg Vassbakk Løyning at dette er noko mange symjarar slit med.

I søkelyset

Ruta Meilutytė blei den yngste litauiske utøvaren til å ta ein olympisk gullmedalje. Det gjorde ho som 15-åring i London i 2012, på distansen 100 meter bryst.

Lithuania's Ruta Meilutyte kisses her gold medal after winning the women's 100m breaststroke final at the London 2012 Olympic Games at the Aquatics Centre

GJENNOMBROT: Meilutytė kyssar gullmedaljen i London-OL i 2012.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

I fjor sommar vende ho tilbake til symjing, etter ein to år lang utestenging, som følge av at ho ikkje møtte opp på tre dopingtestar.

Meilutytė hevdar det skjedde på grunn av at ho tok eit halvt år pause frå symjinga etter Rio-OL i 2016.

Ho hadde ynskjer om å legge opp.

– I 2015 hadde eg ei eteforstyrring som var ute av kontroll. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, og eg var heilt aleine med det, seier Meilutytė.

Ho meiner at sporten er ei av årsakene til at ho har utvikla ei eteforstyrring. I symjing er kroppen ekstra synleg.

– I puberteten byrja eg å få kommentarar om at eg verka tung, at eg hadde lagt på meg, og at eg burde bekymre meg for det. Eg burde heller fått hjelp av kyndige på området. I staden fekk eg berre: «Du må slanke deg», seier ho.

Det litauiske symjeforbundet skriv at dei ikkje hadde aning om symjarens utsegn.

– Forbundet hadde ingen informasjon om Rūtas eteforstyrring før podkasten. Då ho framleis er i EM, har vi ikkje moglegheit til å snakke med ho. Det er eit sensitivt tema, og vi ynskjer å ha ein samtale utanfor konkurranse, skriv sportsdirektør Justas Achramavičius i ein e-post til NRK og held fram:

– Det er uvisst når denne samtalen fann stad, og vi kan ikkje vite kven som var involvert i samtalen. Så fort ho kjem tilbake frå Roma, vil vi prate med ho og vurdere situasjonen, skriv Achramavičius og legg til at dei vil føreslå korrigering av utdanningsprogram og oppdatere instruksar i tilfelle liknande problem.

NRK har vore i kontakt med fleire i Det litauiske svømmeforbundet, men ikkje lykkast i å få svar.

Vere open

Vegen ut blei ein pause frå sporten, og fokus på meditasjon og terapi. Ho fortel at mediteringa blei som ei slags sjølvpleie, men at det som verkeleg hjelpte var terapi.

Og å snakke om det. Ho meiner at dersom fleire opnar seg om temaet, så vil andre føle seg trygge når dei først hamnar i situasjonen og søkjer hjelp.

Ho er klar på at ingen menneske skal måtte stå aleine med ei slik utfordring.

– Når du har ein slik type avhengigheit, kan du ikkje halde den lukka og skjult. Då veks den seg større. Den må ut i lyset, for då har du mindre kontroll over deg sjølv, seier ho.

I VM tidlegare i år, tok ho gull på 50 meter bryst, og under årets EM i Roma, tok ho bronse på 100 meter bryst og gull på 50 meter bryst.

Symjaren sette også ny personleg rekord på distansen, og blei med det den fjerde raskaste kvinna i historia.

European Aquatics Championships

JUBEL: Meilutytė med armane høgt i lufta etter at EM-gullet blei hennar.

Foto: ANTONIO BRONIC / Reuters

– Eg er takknemleg for å vere her. Det handlar ikkje så mykje om tida, men meir om kven eg vil vere som person og utøvar. Å gjere det som er rett for meg. Eg er takknemleg for alt som skjedde, meir kan eg ikkje seie, sa Meilutytė til arrangørane etter gulløpet.

Les også: Biletet symjeverda snakkar om: – Ho såg ut som om ho kjeda seg

Svømming, 1500 m fri.
Svømming, 1500 m fri.

– Sårt

Landslagsutøvar Ingeborg Vassbakk Løyning har sjølv fått med seg historia til Meilutytė frå EM i Roma.

Ho tykkjer det er stort at ein så stor profil står fram om eteforstyrring.

– Eg veit at det er fleire i symjing som slit med det same. Det er nesten ikkje så du kjem unna det, seier Løyning til NRK.

Pressetreff med VM-troppen i svømming

LITT SKUFFA: Løyving deltok på 50 meter, 100 meter og 200 meter rygg i EM, men resultata blei ikkje heilt som forventa.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Kvifor er det ei utfordring i symjing?

– Kroppssamanheng er jo ein viktig faktor for å prestere, men det er jo også ekstremt personleg. Du blir eksponert for mykje hud, og det er veldig lett at det kan bli eit sårt tema.

– Det er både positivt og negativt. Enten kan det vere med på å auke angsten, eller normalisere det, seier ho.

Ho fortel at ho har sjølv vore usikker på kroppen sin, men at ho er spesielt glad for at Noregs symjelandslag har eit så godt støtteapparat rundt seg.

– Eg har jo vore ung og er jente sjølv. Men eg har ekstremt mange gode folk rundt meg, så slik sett er det ingen stor utfordring, seier ho.

– Korleis er det norske støtteapparatet på dette?

– Vi er gode på det. Vi har ein open dialog, og viss du har lyst på oppfølging, så får du det. Det skal dei absolutt ha ros for. Vi får tilbod om tilrettelegging på dei fleste område, seier ho.

Les også: Tenåring tok 17 (!) medaljar – ler av Haaland-spørsmål

Jon Jøntvedt/Haaland
Jon Jøntvedt/Haaland

Siste nytt

  • Klæbo har inngått ny storavtale

    Johannes Høsflot Klæbo har signert en privat sponsoravtale med klesprodusenten Craft og vedgår at den er en av hans aller største. Avtalen, som bekreftes i en pressemelding onsdag, strekker seg fram til etter VM i Trondheim i 2025.

    Fra før har Norges Skiforbund allerede en avtale med samme leverandør av sports- og fritidstøy. Landslagene i langrenn, skiskyting og kombinert har alle valgt Craft som sin leverandør av tøy.

    Klæbo vil ikke si noe om det økonomiske for hans egen del.

    – Jeg ønsker ikke å gå i detaljer på avtalens størrelse. Men jeg kan si såpass at det er en av mine største og viktigste sponsoravtaler, sier langrennsstjernen.

    Verdenscup langrenn Planica
    Foto: Primoz Lovric / NTB
  • Duplantis vil ikke ta stilling til russisk utestengelse

    Den svenske stavhopp-stjernen Armand Duplantis sier han ikke har noen mening om at russiske utøvere er utestengt fra idrettsbanen som følge av krigføringen i Ukraina.

    Siden Russland invaderte Ukraina i februar har ikke russiske utøvere fått konkurrere i internasjonale konkurranser.

    Det betyr blant annet at Duplantis ikke har fått måle krefter med rivalen Timur Morgunov på lang tid. I 2018 kjempet de om EM-medaljer mot hverandre.

    – Det er en vanskelig situasjonen for ham, sier Duplantis til det svenske nyhetsbyrået TT.

    Selv om mange synes sanksjonene mot russisk idrett er riktige, dukker det stadig opp stemmer som viser støtte til utøverne som er rammet. Armand Duplantis sier han ikke vil ta stilling til utestengelsen.

    – Det er et komplisert spørsmål. Det er vanskelig å bedømme hva som er riktig og feil, så jeg er glad jeg ikke trenger å fatte den beslutningen, sier han.

    – Men hva synes du om den?

    – Jeg vet ikke. Jeg har ingen mening om den. Jeg kan forstå begge sidene, svarer stavstjernen.

    Duplantis sier han ikke har hatt kontakt med rivalen Morgunov siden invasjonen i Ukraina, men går langt i å innrømme at han føler med ham.

    – Ja. Det er vanskelig å ikke gjøre det. Han er en veldig talentfull stavhopper og var veldig flink, sier svensken.

    22-åringen har vunnet alt som går an å vinne de siste årene. I tillegg har han forbedret verdensrekorden til 6,21 meter. (NTB)

    Qatar Athletics Diamond League
    Foto: Hussein Sayed / AP
  • Dobler antall sprintløp i 2023

    Det internasjonale motorsportforbundet (FIA) har bestemt at antall sprintløp i Formel 1 i 2023 skal økes fra tre til seks.

    – Jeg er veldig glad for at det blir seks sprintløp i 2023 og deretter. Vi skal bygge videre på formatet som vi introduserte under VM i 2021. Det gir enda mer spenning i en F1-helg, sier direktør Stefano Domenicali, ifølge Aftonbladet.

    Forbikjøring
    Foto: FERENC ISZA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste