Dei norske storfavorittane i EM slo nederlandske Stefan Boermans og Yorick de Groot med 21-19, 24–26 og 15–12 i ein dramatisk finale.
Då det såg ut til å gå mot nederlandsk siger i tredje sett, slo OL-meistrane til. Frå 9–11 snudde dei til 14–12.
Så leverte Mol ei fantastisk blokk, og meisterskapet var norsk. Igjen.
Det såg så mørkt ut. Rett nok blei det norsk siger i første sett. Men Nederland vann det andre, og leia det tredje lenge. Men Mol og Sørums innspurt var god som gull.
– Motivasjonen vår var å vinne vårt fjerde strake. Men motstandarane spela strålande villeyball, sa Mol i sigersintervjuet rett etter kamsplutt.
– No er vi slitne. No gler vi oss til å reise heim og la alt dette synke inn, la han til.
– Det er godt å framleis vere utan tap i Wien. Vi kjenner oss heime her. Det er helt fantastisk å stå her og spele.
Det er Mol og Sørums fjerde strake EM-tittel. Det er også Noregs sjette totalt på herresida, og det er det ingen andre som har.
Viasat-kommentator Vegard Høidalen, sjølv europameister i 1997, meinte dette kanskje var like stort som OL-gullet.
– Det trur eg nesten gutane meiner, ikkje minst etter ein så dramatisk finale, sa Høidalen.
– Dei har levert på eit nivå eg ikkje trudde var mogeleg.
Slitne OL-vinnarar tok grep før EM
Mol og Sørum tok OL-gull i Tokyo for berre ei veke sidan, og kom til EM slitne etter presset der, og den lange reisa tilbake til Europa etterpå.
– Det har dei fått ein reaksjon på, og derfor har dei teke nokon grep, sa Iver Horrem i Volleyballforbundet etter kvartfinalen i går.
Grepet er å ikkje sjå på nokon av dei andre EM-kampane, og har heller ikkje fått snakka med pressa. Dessutan får dei ha familie og kjærastar til stades.
– Dei er slitne. Det går litt på reservetankane etter OL, sa Herrem.
Mol og Sørum har då heller ikkje vore like overlegne som i dei siste kampane i OL, og fleire av matchane har gått til tre sett. Men dei har hanka inn sigrar.
Finalen som hadde alt
Kampen innleia jamt, og laga følgde kvarandre til den obligatoriske tekniske timeouten på 11–10.
Så rykka Mol og Sørum frå og gjekk raskt opp til 16–12. På 20–17 hadde Noreg tre settballar. Nederland sto imot dei to første, men ein knallhard diagonal frå Sørum på den tredje sikra settsigeren 21–19.
Det andre settet blei ein skikkeleg thriller. Nederland leia med eitt og to poeng til 8–6. Så gjorde den norske duoen nokre feil, og Nederland drog frå til 15–10.
Men då sette Noreg opp farten og tok inn på Nederland. Dei kom på sida ved å blokkere ein nederlandsk settball, og det stod 20–20.
Deretter blokkerte Noreg settball etter settball for Nederland. På stillinga 23–22 slo Mol ein ball som blei dømd ut. Det måtte videodømming til, og den viste at millimeteren var på Mols side.
Men det heldt ikkje heilt inn. Nederland vann det dramatiske settet med 26-24, og det måtte eit tredje sett til.
Det opna som det andre slutta. Nederland heldt seg eit poeng eller to framfor Noreg lenge.
Men Mol og Sørum var à jour på 11–11. Og avslutninga var heilnorsk, den makta ikkje nederlendarane å hange med på.
Tidlegare søndag slo dei eit anna nederlandsk par, Alexander Brouwer og Robert Meeuwsen, med 17-21, 21–17 og 15–13 i ein jamn semifinale.
Det første norske EM-gullet for Norge til Bjørn Maaseide og Jan Kvalheim i 1994, det andre tok Jørre Kjemperud og Vegard Høidalen i 1997. Og no Anders Mol og Christian Sørum dei fire siste åra.
Totalt har Norge teke 25 EM-medaljar på seniornivå.