– Det er dritkjipt. Det er ein skade som tek tid som regel, seier Karsten Warholm om nyheitene rundt rivalen.
Regjerande verdsmeister på 400 meter hekk Alison dos Santos rauk nyleg menisken på trening. For kort tid sidan la han seg under kniven.
– Eg beheld fokuset, ingenting er forandra. Eg har mål i år og neste år. Vi skal komme oss gjennom dette saman, seier dos Santos, ifølgje Globo.
Rehabiliteringa og opptreninga er spådd å ta 8–12 veker, men enkelte brasilianske medium har spekulert i om heile sesongen ryk. Då vil i så fall dos Santos også miste høvet til å forsvare VM-gullet i Budapest i slutten av august.
VERDSMEISTER: Alison dos Santos.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFPSkaden til brassen føyer seg inn i rekkja av eit realt mannefall på 400 meter hekk dei siste åra, der alle dei største stjernene har pådrege seg alvorlege smellar:
- Rai Benjamin: Sleit med ein senebetennelse førre sesong, men sprang VM. Opererte for skaden etter sesongen.
- Abderrahman Samba: Opererte hamstringa i 2022. Mista VM.
- Karsten Warholm: Skadde hamstringa i sesongopninga i fjor. Rakk VM med eit nødskrik.
- Alison dos Santos: Løp inn til VM-gull. Denne månaden kom meldinga om at brasilianaren må operere menisken.
– Dei har kalla 400 meter hekk for «man killer», og eg har alltid assosiert det med at det er ei tung øving å springe. Det har vore veldig mange skadar i øvinga vår i det siste, samtidig som nivået er ultrahøgt. Det tyder på at det kostar å tøye grensene, for alle, meiner Warholm.
VILT LØP: Rai Benjamin var nærast Warholm under det legendariske løpet under OL i Tokyo.
Foto: Lise Åserud / NTBNRK sender friidretts-EM innandørs 2.-5. mars med mellom anna Warholm og Jakob Ingebrigtsen.
Pressar kvarandre sund
Benjamin, Samba, dos Santos og Warholm er fire av tidenes fem raskaste utøvarar på 400 meter hekk. Dei har pressa tidene ned, men mykje tyder på at den knalltøffe konkurransen også utgjer ei enorm belastning på utøvarane.
– Det er ei krevjande øving. Det er åtte gonger kroppsvekt kvar gong du landar etter ein hekk. Det er ikkje ei stor overrasking at det blir skadar av det over tid, meiner Warholms trenar, Leif Olav Alnes.
Han seier seg samd med eleven; langhekken er ein skikkeleg «man killer».
– Det opphavlege uttrykket kjem frå at øvinga er krevjande, men det har vorte aktualisert dei siste åra gjennom mange skadar. Eg tippar grunnen til det er at nivået er pressa. Når du dreg i ein strikk, ryk han på eit eller anna tidspunkt, seier Alnes.
NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, seier at han er usikker på om øvinga har høgare skaderisiko enn andre friidrettsøvingar. Spurt om dei mange skadane på toppløparane kan ha komme på grunn av at dei beste tøya grensene på trening, svarer han:
– Det høyrest ikkje usannsynleg ut. I tillegg er det ei øving med noko høgare risiko enn å springe flatt, sjølv om eg ikkje har inntrykk av dei fleste skadane kjem i samband med hekkepasseringar.
– Har hoppa over lista
Landslagslege Ove Talsnes rosar arbeidet Warholm og trenar Alnes har lagt ned dei siste åra og meiner Warholm har vore drivkrafta bak løftet 400 meter hekk har fått.
– Eg trur ikkje det er nokon tvil om at den treninga som Karsten gjennomfører og som dei (Warholm og Alnes) saman har konstruert er på eit heilt anna nivå enn det nokon annan 400 meter hekk-løpar nokon gong har gjort. Og eg trur det er veldig lenge til nokon kjem til å gjere noko liknande, både i treningsvolum og den eksperimentelle biten, seier han.
Legen seier den norske duoen har pressa dei fysiologiske grensene utover det ein er vant til og at er ukjent grunn for dei som driv med idrettsmedisin og skadeførebygging.
– Du har ein pakke der som er ganske ekstrem. Dei legg lista ein stad han ikkje har lege før. Dei har hoppa over den lista og også lagt den høgare. Det er klart at det ikkje er lett å vere Rai Benjamin då, seier Talsnes.
LANDSLAGSLEGE: Ove Talsnes.
Foto: Lise ÅserudFram til hamstringskaden i fjor har Warholm stort sett sloppe unna med nokon småvondter gjennom fleire år med eventyrleg suksess. For dos Santos kom den første store smellen etter eit par år på verkeleg toppnivå.
– Eg trur skadehistorikken vår har vore betre enn dei fleste. Vi hadde fire–fem år utan noko som eigentleg sette ein stoppar for prestasjonane våre. Med skaden i fjor var vi heldige med at det var ein enkel skade å fikse. Det tok nokre veker, så var vi ferdig med det, seier Warholm.
– Det er ingen garantiar i idretten, det er det som er så stygt med han òg, utdjupar han om skadane som rammar han sjølv og konkurrentane.
Åtvarar Warholm
Både Warholm og Alnes kryssar fingrane for at dos Santos er raskt tilbake. Det er gøyare å vinne når alle dei beste stiller til start, synest dei.
Ifølgje den brasilianske storavisa Globo hadde dos Santos to val når han skulle fikse skaden:
- Operere menisken tilbake til sin opphavlege posisjon. Då ville rehabiliteringa teke seks månader.
- Fjerne ein liten del som forhindrar knea å bevege seg som normalt. Då er rehabiliteringa berekna til 8–12 veker.
– Det er ikkje så mykje som må lækjast. Han må vente til hevelsane i kneet forsvinn og deretter starte med styrketrening, seier dos Santos' kirurg, Caio D'Elia, til Globo.
Det er førebels usikkert om dos Santos rekk VM. Warholm har verdsrekorden på distansen med 45.94, men brasilianaren er klar på at han skal slå han.
– Eg vil gjere det mykje betre enn det, og ikkje stagnere på 45.90 eit eller anna. Eg vil forbi det, og veit at eg kan utvikle meg til å nå det resultatet. Det er det eg jobbar mot, sa han før operasjonen.