– Vi tek ikkje til oss kritikken, men vi toler debatten, seier Karsten Warholm om styrkeøvinga som har skapt forundring.
Like før jul la sunnmøringen ut ein video på sosiale medium der han løfta opp 406 kilo frå bakken og klaska vektene fleire gonger mot underlaget.
«Vi har ikkje gitt øvinga eit namn enno, men la oss gå ut frå at det er verdsrekord», skreiv han på Instagram.
Reaksjonen lét ikkje vente på seg. Sleggekastar Eivind Henriksen la raskt ut ein parodi på øvinga på sin eigen konto, og i kommentarfeltet til Warholm rann det inn med spørsmål og kritikk.
«Denne øvinga har ingen effekt», skreiv ein.
«Eg trur dei berre prøvene å lure motstandarane», spekulerte ein annan.
«Kan nokon ver vennleg og forklare denne øvinga?» spurde tidlegare fotballspelar Lars Kristian Eriksen på Twitter.
– Må vere litt galen
Warholm fortel at mange har lurt, men at NRK er dei første som skal få svaret på mysteriet som skapte debatt på internett.
– Den har plaga mange styrkespesialistar og diverse andre, smiler han.
26-åringen fortel at det er Leif Olav Alnes som er arkitekten bak øvinga. Trenaren bruker mykje tid på å gruble på korleis Warholm kan bli endå sterkare og endå betre skikka til å springe 400 meter hekk.
– Eg trur folk flest hadde vorte sliten av hjerneaktiviteten som går føre seg i hovudet på den mannen, seier friidrettsstjerna.
DUO: Leif Olav Alnes og Karsten Warholm har eit tett samarbeid.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– For å forstå hovudet til Leif Olav, må du nok vere litt gal sjølv. Det er ei hårfin linje mellom galen og genial, og Leif er nok litt begge delar. Han er i alle fall veldig genial.
Maskina Warholm bruker til å løfte vektene er spesiallaga på Olympiatoppen, på bestilling frå Alnes og co. Øvinga er ikkje noko nytt, men eit grep teamet har gjort i fire–fem år.
Så kva er eigentleg intensjonen?
Dette er forklaringa
– Tanken at du skal kunne trene «triple extension», som det heiter i løp, forklarer Warholm.
Ved «triple extension» er målet å trene eksplosivitet i hoftene, knea og anklane - samtidig. Eksplosivitet i beina er avgjerande for at Warholm skal kunne springe raskt og komme seg hurtigast mogleg over dei ti hekkane rundt banen.
– Du har alle desse sprintspesifikke musklane, som skjer heilt på toppen der. Det er derfor du sprettar han i bakken, så du får han opp til akkurat der du treng draget. Der kjem belastninga. Og så er øvinga bygd opp slik at du skal kunne løfte tunge vekter med mindre belastning, seier Warholm.
Han har fått med seg kritikken og latteren øvinga har skapt, men seier at dei ikkje kjem til å slutte med den unike treninga.
– Eg trur alle som har konfrontert Leif med denne øvinga og fått forklaringa, har vorte selt.
Warholm vil likevel ikkje tilrå den jamne treningssenterkunden å prøve noko liknande. Han trenar for å bli verdsmeister på 400 meter hekk til sommaren, og trenar spesifikt for det.
– På grunn av Leif gjer vi nok mange øvingar andre ikkje hadde klart å komme på. Men han tek ikkje med ei øving til trening han har sett på internett. Han har gått mange rundar med seg sjølv, og tenkt på korleis vi kan ta eit knepp til og byggje på dei kvalitetane vi allereie har.
NRK viser Warholms eige stemne «Karsten Warholm Invitational» 2. februar.