– Alternativet var å leggja opp, men det er klart VM på heimebane freistar, seier NRKs ekspertkommentator Ola Lunde, som meiner det er naturleg at Bjørndalen tek to nye år etter prestasjonen i Sotsji-OL.
Tidlegare i dag vart det kjend at tidenes mestvinnande vinterolympiar har bestemt seg for å halda fram i to år til.
- På sin eigen Facebook-profil forklarar Bjørndalen meir om kva som fekk han til å halda fram, og kvifor resultata ikkje har vore så gode som han skulle ynskje dei siste åra.
Kjem til å nedprioritera verdscupen
Lunde meiner Bjørndalen ikkje har sjanse når det gjeld verdscupen samanlagt, og at det fyrst og fremst er viktig å velja ut enkelte løp han vil prioritera.
– Viss Ole Einar skal prestera i VM i Kontiolahti (2015) og VM i Holmenkollen (2016), kan han ikkje køyra eit fullt løp i verdscupen, seier han og legg til:
– Det handlar om restitusjon og å få tid til å koma seg. Det er det som er problemet når ein kjem opp i ein viss alder.
OL-meister Halvard Hanevold er einig med Lunde i at Bjørndalen ikkje kjem til å fokusera maks på verdscupen, men at han vil byggja alt opp mot VM i Holmenkollen i 2016.
– Han kjem til å fokusera på å gjera ekstremt gode enkeltløp, og bruka to år på å vera best mogleg førebudd til å ta eit nytt VM-gull på heimebane.
– Elskar å jobba knallhardt
Hanevold meiner utviklinga Bjørndalen har hatt med langrennsforma i år, er betryggande for å satsa i to nye år.
– Det synte han i Sotsji, at han kan koma litt som ein outsider, klinka til og ta gullet rett framfor nasen til dei me kanskje venta skulle ta det.
Den opphavlege planen til Bjørndalen var å setja punktum for ein 20 år lang karriere i verdstoppen etter verdscuprenna i Holmenkollen denne månaden. Hanevold er ikkje overraska over avgjersla om å halda fram.
– Ole Einar elskar å jobba knallhardt mot eit mål og leggja alt til rette for å klara det.
– Viss han fyrst bestemmer seg og motiverer seg for noko, er det maksimalt opplegg, legg Lunde til.