Hopp til innhold

Antidoping-sjef slår alarm: Norske utøvarar braut meldeplikta 41 gonger

Antidoping Norge gav 41 åtvaringar for brot på meldeplikta i fjor. Det er ein kraftig auke, og det høgaste talet sidan 2006.

Antidoping Norge har fått bobil for å teste norske idrettsutøvere

KONTROLL: Utstyr som blir teke i bruk på ein dopingkontroll. Biletet er frå 2020.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vi er bekymra over auken.

Det seier Anders Solheim, leiar for Antidoping Norge.

Frå 19 åtvaringar for brot på meldeplikta i 2021, gav Antidoping Norge 41 åtvaringar til norske eliteutøvarar i 2022. Det er det høgaste talet sidan 2006.

Det er ikkje 41 personar, det er nok nokon som har fått fleire. Det blir ikkje rett å gå inn på kor mange det gjeld, seier Solheim.

Fire av utøvarane klaga på avgjerda, men fekk ikkje medhald.

Jobbar for å få ned talet

I Noreg omfattar meldeplikta om lag 100 eliteutøvarar. Dei må sjølv rapportere inn eitt tidspunkt der dei skal vere på ein gitt stad, og kan møte til uventa dopingkontroll.

Lista over norske utøvarar blir oppdatert kontinuerleg. For ti år sidan stod 150 norske utøvarar på lista.

Alle som blir sette på meldepliktslista får eiga opplæring. Kvar gong ein utøvar får åtvaring, går det kopi til særforbundet. Då får forbundet høve til å følgje opp utøvaren. Enkelte gonger tek særforbunda kontakt med oss, seier Solheim.

Les også: Norske utøvere hardt ut mot nytt lovforslag: – Kan ikke støtte en slik endring

Birgit Skarstein og Magnus Nedregotten
Birgit Skarstein og Magnus Nedregotten

Her ligg den viktigaste jobben for å få ned talet, meiner Noregs antidopingsjef.

Vi kan gi informasjon og rettleiing, men utøvaren sjølv må gi innrapporteringa. Det er eit strengt regime, det er ikkje tvil om det. Vi har stor forståing for at dette er krevjande, seier Solheim og legg til:

Vi har jobba med opplæring av særforbund og utøvarar for å få ned talet, og førebels ser det ut til å bli lågare i 2023 enn i 2022. Vi strekkjer oss langt for opplæring av utøvarar og korleis dette blir praktisert.

Antidoping Norge holder seminar for idrettsledere og media.

SJEF: Anders Solheim er dagleg leiar i Antidoping Norge.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Brot på reglane, fører til åtvaring. Éi åtvaring får ingen konsekvensar. Først når ein utøvar får tre åtvaringar i løpet av 12 månader, blir dette rekna som brot på antidopingreglementet.

Skarstein: – Kjempestrengt

Laurdag vart Birgit Skarstein intervjua av Nitimen i NRK Radio. Ho fortel om reglane i samband med ein lengre prat om dopingkontrollar og den såkalla «garantitida».

– Det er kjempestrengt. Det er jo nettopp det for å ta desse som juksar. Men det gjer jo at mange utøvarar blir stressa. Eg har kjent på dette sjølv – eg har fått åtvaringar sjølv når eg har heilt akutt har måtta gjere noko uventa eller vore sjuk.

Som eliteutøvar må Skarstein rapportere kvar ho er kvar natt, rutinemessige gjeremål og når og kvar ho trenar og konkurrerer. Ho har ein dagleg garantitime der ho forpliktar seg til å vere på ein gitt stad til ei gitt tid. Det kan tidvis vere krevjande, ifølgje Skarstein.

– Det er 365 dagar i året, og du skal halde orden på den garantitida kvar dag. For å få kvardagen til å gå opp må ein flotne rundt på han. Det kan vere vanskeleg å ha det på morgonen. Viss du til dømes har vorte sjuk i løpet av natta og ikkje høyrer dørklokka, kan du få ei åtvaring, seier ho og held fram:

– Det kan også vere at nokon plutseleg må kaste seg på eit fly. Eg har høyrt om utøvarar som har hatt familiemedlem på sjukehus og har gløymt denne garantitida. Då fekk dei åtvaring.

NRK har prøvd å få Skarstein til å utdjupe rundt åtvaringane, utan å lukkast.

Fleire internasjonale stjerner utestengd

Stavhoppar Sondre Guttormsen har tidlegare uttalt følgjande til NRK:

– Dei som blir tekne for meldeplikt skal bli stempla som «doparar» og ikkje noko anna. Det er ingen unnskyldningar. Får du éin, då er du på den appen. Får du to, då tilset du eit heilt team for å vere på den jævla appen altså. Det er ikkje vanskeleg altså, det tek eitt minutt.

Les også: Guttormsen tornar etter ny dopingsak: – Det er ingen unnskyldningar

Meldeplikta vart innført på starten av 2000-talet, og er eit system som gjer at utøvarar kan testast utanfor konkurranse.

Fleire idrettsutøvarar er dei siste åra utestengde for brot på meldeplikta. Friidrettsstjerna Christian Coleman er ein av mange friidrettsutøvarar som er dømde for brot på meldeplikta.

I sommar vart den svenske tennisspelaren Mikael Ymer utestengd i 18 månader etter å ha fått tre åtvaringar.

Prefontaine Classic: Day 2 - Diamond League 2023

VART UTESTENGD: Christian Coleman var utestengd i 18 månader, men er no tilbake. Han vann Diamond League-finalen i helga.

Foto: ALI GRADISCHER / AFP

Siste nytt

  • Tap for Mukubu og Thoresen i bryte-VM

    Morten Thoresen gikk mot kinesiske Husiyuetu Husiyuetu i 67-kilosklassen og tapte 0-5 i sin første kamp i VM i bryting.

    Også Exauce Mukubu ble slått ut lørdag. Han startet dagen med to overbevisende seiere, men i åttedelsfinalen ble det tap for Jalgasbay Berdimuratov fra Usbekistan. Mukubu tok de to første poengene, men tapte til slutt på at usbekeren fikk det siste poenget.

    Nå må både Mukubu og Thoresen vente og håpe at motstanderne tar seg til finale for å få rekvalifisering søndag.

    Morten Thoresen
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Carlsen vant Speed Chess Championship

    Magnus Carlsen vant fredag lynsjakkturneringen Speed Chess Championship. I finalen slo nordmannen Hikaru Nakamura.

    I online-turneringen har Carlsen har utklasset alle sine motstandere.

    (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Xavi forlenger med Barcelona

    Xavi (43) bekreftet fredag at han kommer til å forlenge kontrakten som trener for Barcelona med ytterligere ett år.

    Den nye kontrakten strekker seg fram til 2025. Et par timer senere kom også bekreftelsen fra klubben.

    Den tidligere midtbanespilleren tok over trenerjobben i 2021, og han ledet klubben til et nytt seriemesterskap sist sesong.

    – Vi vant to titler sist sesong og er en klubb i utvikling, sier treneren som overtok jobben på en treårskontrakt etter nederlenderen Ronald Koeman. Den kontrakten han hadde løp til 2024.

    Barcelona er plassert som nummer to i årets La Liga, to poeng bak Real Madrid. (NTB)

    6llf_df4WrY
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Se høydepunktene fra Norge - Østerrike 01:08
Neste