Da datteren til Beathe Smeland Verdal ble utsatt for netthets skrev hun et åpent innlegg på Facebook. Da tok bygda grep.
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Bygda tok grep då den 13-årige dotter hennar vart utsett for grov netthets

Ein anonym TikTok-konto ønskte Andrea (13) død. Då skreiv mor Beathe eit ope innlegg på Facebook. Det utløyste ein flaum av støtte til dottera.

«Har du sett denne?»

Beathe og dottera Andrea er på veg ut døra for å gå på kino når Beathe får ein snap frå ein gammal kjend.

Andrea byrjar å gråte når mora viser biletet ho har fått.

Det viser ein anonym TikTok-konto der det står fæle ting om Andrea.

Det er ikkje første gongen Andrea har vorte utsett for netthets. Då har ho heva seg over det. Men denne gongen er det mykje verre.

Det står at dei ønskte at Andrea døydde.

No forstår Beathe kva for ein vond løyndom Andrea har bore på de siste dagane.

– Det var heilt forferdeleg. Det stakk langt inni brystet. Eg kan ikkje forstå at ungdom kan seie noko slikt til andre, seier ho til NRK.

Overveldande respons

Etter å ha snakka med dottera, valde Beathe å skrive om hendinga i eit innlegg på Facebook.

Responsen var overveldande. Familien opplevde at bygda slo ring rundt Andrea.

Kommentarfeltet vart fylt av støttande ord. Innlegget har vorte delt over tusen gonger.

Og både rektoren på skulen til Andrea, og ordføraren tok kontakt.

Det set både Beathe og Andrea pris på i dag.

Andrea ønsker ikkje å stå fram med bilete i saka, men har sagt at det er greitt at mora fortel historia.

Til NRK seier Beathe at Andrea har komme styrkt ut av det.

– Korleis har det vore for Andrea å få så mykje merksemd?

– Det har vore utelukkande positivt. Folk har berre vore gode. Dette er sårt og vanskeleg snakke om, men vi merkar at folk er ekstra snille, og seier ein ekstra fin ting når dei treff henne.

Les også De mistet sin to dager gamle sønn – nå får sykehuset kritikk

Heidi Tharaldsen og Petter Tolstad

Stolt over bygda

Ein av dei som tok kontakt etter Beathe sitt innlegg, var rektor Helene Håvorstad Ljosland ved Åseral barne- og ungdomsskule.

Ho stod på Sørlandssenteret då ho las innlegget til Beathe. Like etterpå ringde ho for å spørje kva ho kunne gjere.

– Ein kjenner ein blir sjokkert. Det var veldig vondt å lese innlegget. Når ein kjenner så sterkt på det sjølv – tenk korleis det er å vere ei jente i 8. klasse.

Ho er stolt over korleis bygda har slått ring rundt Andrea.

– Vi er ein liten kommune, på både godt og vondt. Men her viser ein seg på sitt beste når slike ting skjer. Då står vi saman og støttar kvarandre.

Rektoren seier at dei har hatt tett kontakt med både Andrea og Beathe om saka. FAU er også involvert, og det er planlagt eit felles møte for foreldre og elevar der dei vil snakke om ungdomskultur og miljøet på nett.

– Sjølv om det ikkje er ein direkte link til denne saka, er det viktig at vi har ein dialog rundt dette, seier Håvorstad Ljosland.

Ber foreldre sjekke mobilane

Beathe oppmodar foreldre til å følgje med på telefonane til ungdommane sine. Ho sjekkar sjølv jamleg telefonen til dottera.

Så lenge ho betaler for mobilabonnementet skal ho kunne sjekke telefonen til dottera utan forvarsel.

– Då kan eg også sjekke om ho gjer noko gale mot andre. Alle ungdommar gjer feil, og kan seie stygge ting til andre. Då må vi som foreldre følgje med og ta tak i det. Vi må lære dei skilnadene mellom rett og gale, og vise at det får konsekvensar.

Til NRK seier Andrea at fleire foreldre bør gjere det same. Sjølv kjenner ho seg tryggare med ein slik avtale med mora.

Les også Slår alarm om voldsboom – gir «kred» å være brutal

Elevombud i Kristiansand, Tone Martha Sødal.

Legg bort saker om netthets

Netthetsen mot Andrea er no meld til politiet. Ifølgje Agder politidistrikt aukar slike meldingar. Men dei har ikkje høve til å prioritere slike saker.

Sakene blir lagde bort, men ikkje gløymde. Dersom det kjem mange mobbesaker frå ei og same bygd vil politiet vurdere å opne sak, seier Jan Nesland, leiar for straffesaksmottaket.

Nesland understrekar at dette gjeld saker som går på hets.

Viss det går på trugslar, vil sakene bli prioriterte annleis. Og i mange tilfelle etterforska, seier han.

Beathe tykkjer det er frustrerande at deira sak er lagd bort. Men seier samstundes at ho har forståing for vurderingane til politiet.

– I møte med oss var politiet opne om at det var vanskeleg å få spora brukarar på TikTok. Det er ein kinesisk app, og vanskeleg for politiet å få tilgang.

NRK forklarer

Kva kan du gjere dersom du blir utsett for netthets?

Kva kan du gjere dersom du blir utsett for netthets?

Ungdom og netthets

  • Ifølge ei undersøking frå Medietilsynet hadde 25 prosent av unge i alderen 16–20 år opplevd ei eller anna form for hatefulle kommentar på internett mot seg i løpet av dei siste 12 månadane
  • Unge får flest hatefulle kommentarar på Snapchat og TikTok
  • Over halvparten av kommentarane kjem frå framande eller anonyme

Kilde: Medietilsynets rapport «Man må ha tykk hud eller unngå å være på nettet « frå 2022.

Kva kan du gjere dersom du blir utsett for netthets?

Ungdom og netthets

  • Ein tredel av dei som har fått hatefulle kommentarar seier det går ut over sjølvbiletet
  • Ungdommane har ei varierande forståing av kva omgrepet hatefulle ytringar inneber. Fleire knyter det til angrep på personar i kraft av deira gruppetilhøyring, mens andre nemner eksempel som i større grad er retta mot personar som individ.

Kilde: Medietilsynets rapport «Man må ha tykk hud eller unngå å være på nettet « frå 2022.

Kva kan du gjere dersom du blir utsett for netthets?

Kva kan du gjere?

Medietilsynet har følgande råd til deg som vert utsett for netthets:

  • Lagre meldinga eller bildet slik at du kan visa andre kva du vert utsatt for
  • Rapporter hendinga til plattforma der det skjer
  • Meld saka til politiet
  • Snakk med nokon du stoler på

Kilde: medietilsynet.no

– Sjokkert

Ordførar Inger Lise Lund Stulien seier til NRK at kommunen ofte får beskjed om at det er vanskeleg å etterforske netthets når dette blir meldt.

Det opplever ho som frustrerande.

Likevel meiner ho at politiet kan gjere ein jobb i det førebyggjande arbeidet i møte med ungdommar.

Ordføraren seier ho vart trist og sjokkert då ho las innlegget til Beathe.

– Det er helt uverkeleg. Man høyrer jo om slike saker. Men dette var så grovt. Og det råka ein av våre. Eg er imponert over at dei delte historia.

Ho er glad for at Andrea har blitt møtt med så mykje støtte i lokalsamfunnet.

Beathe trur terskelen har vorte høgare for å hetse andre etter at saka kom ut.

– Dei som skreiv dette må kjenne seg veldig dumme som lagar ein slik anonym konto og skriv så fæle ting, seier ho.

Les også Syk av skolen

Mor og sønn

Hei

Har du tips til hva vår neste sak bør handle om? Eller har du noen tanker eller innspill til denne saken?

Send meg gjerne en e-post.