Hopp til innhold

Minst fem stillingar til nye politikontor: – Ei styrking av polititenesta

Regjeringa skal opne ti nye politikontor i år. Og det følger med minst fem stillingar til nesten kvar tenestestad.

Illustrasjonsfoto av politiet

Regjeringa gjenopnar ti nye tenestestader.

Foto: Karen Gjetrang

– Vi har klare forventningar om at vi skal ha eit synleg og meir tilgjengeleg politi. Vi vil oppleve at politiet skal vere raskt på plass når noko skjer.

Det seier ordførar i Kvinesdal i Agder, Per Sverre Kvinlaug.

I januar i år fekk politiet oppdraget frå Justisdepartementet om å gjenopne fleire politikontor over heile landet.

No er politiet i dialog med kommunane det gjeld om korleis dei kan bruka mannskapa.

Ordføraren har store forventingar.

– Nå er vi glade for at vi får eit styrkt politi i Kvinesdal.

Per Sverre Kvinlaug, ordfører i Kvinesdal.

Ordføraren i Kvinesdal har forventningar om at politiet skal vere synleg og raskt på plass når det er behov for det.

Foto: Lars Eie / NRK

Styrka beredskap

Kommunane som vil få nye tenestestadar i 2024 er Sørumsand i Lillestrøm, Rakkestad, Karlsøy, Kvinesdal, Levanger, Nesodden, Sør-Odal, Vaksdal, Åseral og Hemsedal. I Hemsedal blir det 2,5 årsverk.

Politidirektoratet opplyser at tenestestadene får minst fem stillingar kvar.

I vestre del av Agder utgjer det 10 ekstra politistillingar fordelt på kommunane Åseral og Kvinesdal.

– Ti ekstra stillingar i vestre del av Agder er ganske mykje. Det vil gi ei betydeleg styrking av polititenesta i den vestre delen av Agder.

Det seier visepolitimeister i Agder politidistrikt, Morten Sjustøl.

Det kan eksempelvis vere førebyggje, etterforskarar eller fleire patruljar som blir tilgjengelege for å handtere store og små oppdrag.

Han meiner at også nabokommunane kjem til å nyte godt av desse stillingane.

Morten Sjustøl
visepolitimester

Vestre del av Agder blir betydeleg styrkt, meiner visepolitimeister i Agder, Morten Sjustøl.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Les også Regjeringa oppretter politikontor mot politiets ønske

Trygve Slagsvold Vedum, partileder for Senterpartiet og finansminister. I prat med politibetjenter i Alta 010823.

La ned tenestestader

Regjeringa lova i Hurdalsplattforma i 2021 om å gjenopne 20 tenestestadar.

Det blei store diskusjonar da regjeringa bestemte seg for å gjenopne politikontor. Fleire protesterte mot avgjerda.

I Agder ønsker politiet å samarbeide med kommunane.

– Vi skal saman med kommunane finne den beste løysinga for befolkninga i området, seier visepolitimeisteren i Agder.

Agder politidistrikt får ein ekstrapott som skal dekke både husleige, tilsette og utstyr. Politiet har også fått to nye politibilar.

Les også Regjeringen oppretter ti nye politi­kontor: Politi­topper reagerer kraftig

Justisminister Emilie Enger Mehl og finansminister Trygve Slagsvold Vedum oppretter ni nye politikontor i Norge.

Turistbygd

Det er mykje turisme i Åseral som er kjent som ein hyttekommune. Og det blir ekstra mykje folk om vinteren. Ordførar Inger Lise Lund Stulien seier de skal ha møte med politiet.

– Vi ønsker nærleik og lokalkunnskap. Vi bor et godt stykke frå kysten. Dette med avstandar spelar inn. Vi er fornøgd med å få styrkt beredskap, seier ordføraren.

Politikontoret kan opnast tidlegast 1. oktober i år.

Da er det ein føresetnad at kommunane kan stille eigna lokale.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %