Hopp til innhold

Vipers vann slitekamp - ein siger unna kvartfinale i meisterligaen

Vipers Kristiansand tok eit lang skritt mot kvartfinale i meisterligaen etter seig kamp mot tysk motstand.

Ragnhild Valle Dahl, Vipers Kristiansand
Foto: Sander Heggheim / NRK

Vipers vann til slutt 34-32 på heimebane og har no alt i sine hender før dei tre siste kampane i gruppespelet.

Med siger borte mot danske Odense neste helg er sørlendingane nemleg klar for kvartfinale.

– Odense borte er ein utruleg tøff kamp. Det er på ingen måte gitt at vi skal vinne den. Vi må førebu oss godt, seier Vipers-spelar Ragnhild Valle Dahl.

Laurdag var det tyske Bietigheim som fekk bank i ein intens og spennande kamp i Kristiansand.

Ein motstandar som ikkje hadde vunne nokon av dei fem siste kampane i meisterligaen. Det var ikkje mogleg å sjå.

Anna Vjakhireva, Vipers Kristiansand

Anna Vjakhireva prøver å få ballen inn til lagvenninne Ana Debelic på streken.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Jamina Roberts, Vipers Kristiansand

Vipers-spelar Jamina Roberts med ballen.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Ragnhild Valle Dahl, Vipers Kristiansand

Ragnhild Valle Dahl prøver å lure Biethigheim-forsvaret.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Anna Vjakhireva

Anna Vjakhireva vrir ballen rundt det tyske forsvaret og set ballen i mål.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Sunniva Andersen, Vipers Kristiansand

Sunniva Andersen set ballen i mål frå kanten.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Ana Debelic, Vipers Kristiansand

Ana Debelic blir spelt fri og set ballen i mål for Vipers.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Slo tilbake i andre omgang

For tyskarane starta best og kjempa Vipers ut av stilen. Sørlendingane hadde problem med å stoppe motstandarane, som scora heile åtte mål på straffe i første omgang.

Bietigheim leia 17-15 til pause.

I andre omgang var det eit heiltent Vipers som kom på bana.

Før det var spelt ti minutt var Vipers tilbake i leiinga. Ei leiing dei klarte å halde på ut kampen.

Som så ofte før var det den russiske stjerna Anna Vjakhireva som førte an.

Men ho måtte dele toppscorartittelen med Ragnhild Valle Dahl. Begge sette ni ballar i nettet til tyskarane.

Valle Dahl halta rundt på bana med ein ispose på ankelen etter kampen.

– Eg trakka på ein fot i første omgang og trakk skikkeleg over. Men det gjekk fint, seier Valle Dahl.

Sekunddrama

Men Vipers måtte verkeleg kjempe for dei to poenga. 38 sekund før slutt leia dei med eitt mål. Trenar Ole Gustav Gjekstad tok time-out og la slagplanen.

Ragnhild Valle Dahl dundra ballen i vinkelen til 34-32. «Alle» trudde sigeren var sikra.

– No vinn vi tenkte eg, ler Valle Dahl.

Men Bietigheim fossa rett i angrep og fekk straffe.

Men den redda sjølvsagt Katrine Lunde, og Vipers kunne juble for ein særs viktig siger.

– Det betyr mykje. Det er viktig at vi tek poenga. Så får vi mobilisere alt vi kan til neste helg, seier Lunde.

Avgjerande kamp neste helg

Med sesongens åttande siger, av elleve moglege, kan altså Vipers sikre kvartfinaleplass allereie neste helg.

Dei to beste laga i gruppa kvalifiserer seg direkte til kvartfinalen.

Vipers ligg på andreplass, tre poeng føre Odense med tre kampar att.

Med siger i Danmark neste helg er kvartfinalebilletten i boks.

– Eg håpar det kjem ein del nordmenn. Det blir nok stemning uansett. Eg trur ikkje det er så mange billettar igjen, seier Lunde.

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad er inne i sin siste sesong i klubben. Nyleg vart det klart at han tek over nettopp Odense neste sesong.

– Det tenker eg veldig lite på. Det er business as usual. Det brukar eg ikkje energi på, og eg trur ikkje det kjem til å prege meg på noko vis, seier Gjekstad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %