Hopp til innhold

Vipers-spelaren etter «rar» veke: – No er det rett på sofaen

Vilde Jonassen (29) har hatt ei spesiell veke på handballbana. Laurdag krona ho det heile med målkalas i meisterligaen.

Vilde Jonassen, Vipers

Vipers-spelar Vilde Jonassen har lagt bak seg ei veldig spesiell veke. Landslagsdebut etterfølgt av to kampar der ho har spelt nesten alle minutt.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

– I kveld blir det rett på sofaen. Det har vore ei veldig rar veke, smiler Vilde Jonassen etter hektiske dagar.

Vilde Jonassen
Ho debuterte på det norske landslaget førre torsdag.
Jonassen scora eit mål i debuten.

– Eg har utvikla meg heile tida, men eg har kanskje utvikla meg litt seint. Landslaget er bonus. Er eg god nok får eg vere med. Sjølvsagt har eg veldig lyst til det, seier ho.

Få dagar seinare vart det ny scoring i landskamp nummer to for kantspelaren.

Så starta råkøyret for Jonassen.

Etter landslagsdebuten har Vipers stått overfor store utfordringar på grunn av koronasmitte og skader.

Det har gjort at Jonassen og fleire andre har måtte spele langt meir enn vanleg.

Sjå intervju med Vipers-spelar Vilde Jonassen.

Krisestemning

Onsdag hadde «landslagsrusen» lagt seg og hurtigtoget frå Kristiansand var i gang igjen. Då var det Flint som var motstandar i eliteserien. Ei stund var det usikkert om det vart kamp.

Grunnen var rett og slett at fleire Vipers-spelarar vart koronasmitta på landslagssamling. I tillegg har sørlendingane ei skadeliste som liknar på eit mareritt.

Så kritisk har det vore at sjølv keeper Katrine Lunde har tenkt på om ho må ut på bana som utespelar.

– Eg har sagt at eg kan gjere det, men om det blir så mykje betre veit eg ikkje. Det er kanskje betre å spele i undertal, ler ho.

– Eg har sett Katrine ute på bana og det er risikosport, ler trenar Ole Gustav Gjekstad.

Sjå intervju med Vipers-profilen Katrine Lunde.

Men trenaren skrapa saman det han hadde. Med berre to innbytarar vann Vipers likevel enkelt 33-23.

Og Vilde Jonassen? Ho vart toppscorar med ni mål. Ho spelte nesten alle 60 minutt.

– Det er tungt. Spesielt med 60 minutt på onsdag og så det same i dag. Det blei nesten krampe onsdag, så eg var spent på denne kampen, men det gjekk bra. Eg kjenner eg er sliten og tung i beina no, seier ho.

Dominerte igjen

Laurdag kveld var det altså ny kamp. Også denne gang med færre spelarar i troppen enn vanleg.

Vipers hadde ikkje råd til å tape meisterligakampen mot tyrkiske Kastamonu Belediyesi, etter to tap på dei tre første kampane.

Men Vipers hadde nokre spelarar tilbake og hadde ingen problem med å vinne. 39-25 lyste resultattavla til slutt i favør Vipers.

– Eg er imponert over jentene og tykkjer vi har takla det bra. Vi har hatt god energi og bra nivå, seier Jonassen.

Igjen var Vilde Jonassen sentral - på kanten. Jonassen fekk ballen i mål seks gonger.

Men treningsfri blir det ikkje søndag.

– Ho skal få ta ei roleg restitusjonsøkt i morgon, smiler Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad lurt.

Jonassen har vore med på heile oppturen i Vipers.

qqRBDTCw-_Y
Frå middelhavsfarar i Norge.
Her i cupfinaletapet mot Larvik i 2015.
vG_lCApXfwM
Seks år seinare jubla ho for gull i meisterligaen med Vipers.

No trur NRK-eksperten at Jonassen kan få draumen om å representere Noreg i eit meisterskap oppfylt.

– Ho har hatt ei jamn utvikling gjennom tida i Vipers. Ho har blitt betre og betre for kvart år. Det er gøy at ho fekk sjansen på landslaget. Det er knalltøft å komme seg inn der. Vi har veldig mange gode kantspelarar i dette landet, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

– Vilde har mange år att på handballbana. Det kan godt vere ho kan få eit meisterskap med landslaget, seier Langfeldt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %