NRK Meny
Normal

Vipers fekk ikkje lisens

Vipers Kristiansand har ikkje fått lisens til å spele i eliteserien neste sesong. – Ingen dramatikk, seier handballforbundet.

Peder Langfeldt

INGEN LISENS: Vipers-trenar Peder Langfeldt sitt mannskap har ikkje fått klarsignal til å spele i eliteserien neste sesong.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

Handballforbundet presenterte i dag klubbane, som har fått lisens. Kun seks av tolv eliteserieklubbar for kvinner stod på lista over klubbane som har fått invilga lisens.

Bakgrunnen for at så mange klubbar ikkje har fått klarsignal, er den økonomiske situasjonen i klubbane.

Ingen dramatikk

– Årets søknader viser for øvrig at den økonomiske situasjonen i klubbane sett under eitt er betre enn for eitt år sidan. Men det er framleis store variasjonar målt i både omsetning, resultat og eigenkapital, skriv handballforbundet på sine nettsider.

Samstundes opplyser forbundet at det ikkje er noko dramatikk i at fleire klubbar ikkje har fått lisens.

– Ingenting tyder på at Vipers ikkje vil få lisens, seier pressekontakt i handballforbundet, Kirsten Birkeland til NRK.

Klarsignal for ØIF

– Dette var kun første runde av lisensbehandlinga. Vi reknar med å vere ferdige i midten av juni, legg ho til.

Heller ikkje i fjor fekk Vipers lisens i første runde. Klubben fekk lisens først i juni, men med status «under overvaking».

ØIF Arendal har fått klarsignal til ein ny sesong i Nedeneshallen.

Desse klubbane har fått lisens i eliteserien for kvinner:

  • Byåsen
  • Flint
  • Larvik
  • Levanger
  • Nordstrand
  • Tertnes

Følgjande klubbar har fått lisent i eliteserien for menn:

  • BSK/NIF
  • Drammen
  • Fyllingen
  • Haslum
  • Oppsal
  • IL Runar
  • Vålerenga
  • ØIF Arendal