Hopp til innhold

Vil sende flyktningar til Svalbard

Frps gruppeleiar i Vest-Agder, Christian Eikeland, vil lage ein flyktningleir på Svalbard for å ta imot mellom anna syriske flyktningar.

Christian Eikeland

Christian Eikeland er gruppeleiar for Frp i Vest-Agder fylkesting.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Facebook-innlegg om flyktningleir på Svalbard

I eit Facebook-innlegg føresler Christian Eikeland å opprette ein flyktningleir på Svalbard.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Det er sett litt på spissen. Eg meiner vi bør hjelpe langt fleire i nærområda der dei er, seier Eikeland til NRK.

I eit innlegg på Facebook-sida si skriv Frp-politikaren at flyktningar først og fremst bør hjelpast der dei er. I same melding kom han med forslaget om å lage ein flyktningleir på Svalbard.

Det var Fædrelandsvennen som omtala saka først

Vil sende flyktningane tilbake

Fleirtalet på Stortinget vil ta imot 10 000 flyktningar i løpet av dei to neste åra. Regjeringa vil heller hjelpe flyktningane i nærområda.

Høgre og Frp peikar også på at det allereie sit 5000 personar rundt omkring på norske asylmottak og ventar på at dei skal bli busett i ein kommune.

– Dersom fleirtalet på Stortinget seier at ein skal ta imot 10 000 flyktningar samstundes som kommunane seier det ikkje er kapasitet, så har ikkje Norge plass. Då var det å setje det litt på spissen at ein kan opprette ein flyktningleir på Svalbard, seier Eikeland.

– Men kvifor ikkje opprette ein flyktningleir på fastlandet?

– Skal ein ta imot flyktningar frå Syria er det for ein mellombels periode. Når det vert rolegare i nærområda ville det beste ha vore å fly dei tilbake til nord-områda, seier han.

syriske flyktninger

Mange er på flukt frå krigsherja område. Dette bilete er frå Syria.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Forhandlingar pågår

Denne veka har det pågått forhandlingar om kor mange flyktningar Norge skal ta imot. Fredag fekk dei parlamentariske leiarane presentert ei skisse frå regjeringa.

Audun Lysbakken (SV)

SV-leiar Audun Solbakken reagerer på forslaget til Eikeland.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Ingen vil svare på kva denne skissa inneheld. Forhandlingane held fram i neste veke.

SV-leiar Audun Lysbakken har vore med i forhandlingane. Han reagerer på utspelet til Frp-politikaren.

– Dette viser at det Frp eigentleg er opptekne av er å sleppe å ta imot flyktningar. Det er trist å sjå slik mangel på solidaritet med menneske i naud. Forslaget er ikkje mogleg å gjennomføre, og det ville sjølvsagt vere ein håplaus måte å ta seg av desse flyktningane på, seier Lysbakken.

– God plass

Christian Eikeland ser utfordringar knytt til ein flyktningleir på Svalbard, men trur likevel det er mogleg.

– Klima kan vere ei utfordring, sjølv om det er nokså overkommeleg klima på Svalbard sett i forhold til flyktningmottaka som er i Finnmark i dag, seier han.

– Om nokon kunne tenke seg å jobbe i ein flyktningleir på Svalbard hadde eg ikkje sett noko utfordring i det. For plass er det jo, seier han.

Arbeiderpartiets førstekandidat til fylkestingsvalget i Vest-Agder, Randi Øverland, kallar ideen ubegripeleg.

– Det vitnar om eit menneskesyn som er veldig trist. Ideen om å sende så mange flytkningar til ein liten stad, sårbart samfunn som Svalbard er ubegripeleg. For meg verkar det som om nokon berre vil ha flyktningar lengst mogleg vekk, seier ho til Fædrelandsvennen.

Møte om kvoteflyktninger

Det pågår forhandlingar om kor mange kvoteflyktningar Norge skal ta imot. Forhandlingane held fram neste veke.

Foto: David Krekling / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %