NRK Meny
Normal

Tap for Vipers Kristiansand

Etter fire strake sigrar i eliteserien vart det stopp for Vipers Kristiansand mot Glassverket onsdag kveld.

Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand tapte kampen mot Glassverket.

Foto: Frank Barth-Nilsen/NRK

Kristiansandarane tapte oppgjeret 26-29 på bortebane i Drammen.

Tidlegare Vipers-spelar Veronica Kristiansen vart toppscorar i kampen med ti mål. Kristiansen vart også denne veka teken ut på det norske landslaget.

Michelle Brandstrup vart toppscorar for Vipers med fem mål.

Med onsdagens tap ligg sørlendingane trygt plassert på 6. plass på tabellen. Avstanden opp til bronseplassen er på heile sju poeng.

Kun tre kampar står att for rosatrøyene denne sesongen. Laget skal møte Stabæk (heime), Tertnes (borte) og Larvik.

Kampen mot Larvik vert spelt i den nye storstova i Aquarama.