Start vann serieopninga

Start slo Sandnes Ulf 2-1 i serieopninga i 1. divisjon i fotball. Dei låg under 0-1 midtvegs i første omgang. Eman Markovic utlikna på straffe på overtid av første omgang. Henrik Robstad vart matchvinnar då han sette inn 2-1 knappe 20 minutt før slutt. Onsdag tek Start imot Jerv i Kristiansand.

YYs6tmPEBbA
Foto: Fredrik Hagen / NTB