Stans på Sørlandsbanen

I 26 minusgrader havarerte eit tog med 64 passasjerar ved Herefoss i Birkenes kommune. NSB vurderar å stengje heile togstrekninga mellom Oslo og Kristiansand.

Varmedrakt

NSB har delt ut varmedrakter til passasjerane, den siste timen har det vore rundt 4-5 grader i kupeane.

Foto: Glenn Wiggo Lystad

Eit tog på Sørlandsbanen på veg til Oslo fekk litt før klokka 10 i dag stans mellom Herefoss og Fidjetun, opplyser Agder politidistrikt. Toget som seinare skulle bistå endte også opp med å havarere.

Varmedrakt utdelt av NSB på tog i kulda.

NSBs varmedrakt skal hjelpe mot det stadig kjøligere toget.

Foto: Glenn Wiggo Lystad

NSB vurderar kontinuerleg om dei skal stengje heile strekninga mellom Oslo og Kristiansand.

Strekningsdirektør i NSB, Dag Brekkan, seier ingen tog kjem forbi i augneblinken.

– I tillegg står dei to havarerte toga på forskjellige stader av linja. Det beste for passasjerane er at dei fortast mogleg kan kome fram til sin bestemmelsesstad.

Passasjerane skal bli henta av eit nytt tog som skal frakte dei til nedlagte Herefoss stasjon, for deretter å sende dei vidare austover til Oslo med buss.

Då toget havarerte i foriddag var det 26 kuldegrader på Herefoss. NSB opplyser om at det fortsatt skal vere varme i toget, men passasjerane har fått utdelt varmedrakter.

Trur kulda har skulda

Brekkan seier dei mistenker det er kulda som er skuld i havariet.

– Toget har plutseleg havarert, men kva feilen inneheld konkret er for tidleg å seie noko om. Men vi har ein mistanke om at det er kulda som har gjort at toget har stansa.

Det vart sendt opp eit tog som skulle prøve å trekkje det havarerte toget ut av linja.

Ifølgje Brekkan lukkast dei ikkje med dette. Dei prøver vi no ei tilsvarande løysing med eit lokomotiv som er i området.

Laster Twitter-innhold

Tolmodige passasjerar

Petter Ove Utgård er ein av passasjerane på toget som har havarert. Etter over to timar stilleståande kan han melde om god stemning trass lav temperatur.

– Det byrjar å bli rimeleg kaldt inne i togkupeane. Lyset har kome tilbake, men ikkje varme. Folk kler seg i fullt vintertøy med luer og vottar.

Heller ingen av toaletta fungerer slik situasjonen er no. Men Utgård fortel at passasjerane er tolmodige, sjølv om dei har fått beskjed om at dette vil ta tid.

– Konduktøren får ros frå fleire passasjerar for god informasjon om situasjonen, og det har blitt delt ut gratis mat frå restaurantvogna.

Glenn Wiggo Lystad på toget som stoppa ved Herefoss

Glenn Wiggo Lystad er ein av passasjerane på toget som havarerte ved Herefoss.

Foto: PETTER OVE UTGÅRD

Nedlagt stasjon må ryddast

Det arbeidast no med å rydde nedlagde Herefoss stasjon i Birkenes kommune for snø, for at passasjerane på det havarerte toget kan bytte til eit anna tog.

Eit lokomotiv er på staden for å trekke ut toget som fekk stans.

Toget som skulle gått 9:56 til Oslo, står framleis på stasjonen i Kristiansand, sidan det ikkje er mogleg å passere.

Toget som skulle gått frå Stavanger 10.17 til Oslo er innstilt, og NSB opplyser at situasjonen er uoversiktelig.

Må rydde Herefoss stasjon for snø

Det måkast på nedlagde Herefoss stasjon for å hjelpe passasjerane på det havarerte toget vidare.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK
Laster kart, vennligst vent...