Hopp til innhold

Slik ser skogbrannområdet ut frå lufta

Eit brannhelikopter deltek no i sløkkearbeidet i samband med skogbrannen i Birkenes.

Skogbrann i Birkenes

Bilete viser omfanget av skogbrannen i Birkenes. Ein flypassasjer tok bilete torsdag ettermiddag.

Foto: Henning Vik

Bilete er teke av ein flypassasjer som fauk over området tidlegare torsdag ettermiddag.

Brannhelikopteret kom til Birkenes i 18-tida torsdag kveld.

NRK får opplyst frå brannmannskap på staden at det framleis ikkje er kontroll over brannen. Det er heller ikkje klart kor stort område som står i brann.

Sjå video frå skogbrann i Birkenes.

Sjå video frå skogbrannområdet.

Hus og hytter i nærleiken

Det er førebels ikkje fare for at brannen skal spreie seg til bygningar.

– Det er hytter og hus i området, men eg har forstått det slik at det ikkje er fare for bebyggelse på noverande tidspunkt, seier Birkenes-ordførar Arild Windsland til NRK.

Han fortel at kommunen sitt kriseteam står klar ved behov.

I tillegg til brannhelikopter deltek Sivilforsvaret og brannmannskap frå fire kommunar på Sørlandet.

Starta etter bålbrenning

Brannen starta etter at to personar fyrte opp eit bål i området torsdag ettermiddag.

Flammane spreidde seg til kratt i nærleiken og utvikla seg til ein skogbrann.

To personar er sende til legevakta for sjekk for røykskader.

Brannvesenet reknar med at sløkkearbeidet vil pågå utover natta.

Skogbrann frå lufta

Bilete viser omfanget av skogbrannen i Birkenes. Ein flypassasjer tok bilete torsdag ettermiddag.

Foto: Henning Vik
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %