Hopp til innhold

Intensiverer jakta på promillekøyrarar til sjøs

Denne sommaren skal Agder-politiet ha ekstra fokus på å ta promillekøyrarar på sjøen.

Politibåt

Denne sommaren skal politiet ta promillekøyrarar til sjøs.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ifølgje politiet vart det teke 49 personar for promillekøyring i skjergarden på Agder.

– Vi har grunn til å tru at det er mange som spekulerer i å liggje rundt promillegrensa som for tida er på 0,8, seier koordinator i sjøtenesta i Agder-politiet, Miriam Stausland til politi.no.

Fire politibåtar vil patruljere langs Sørlandskysten denne sommaren. Politibåtane vil gå i tre skift dei neste åtte vekene.

– Vi har politibåtar som vil patruljere i Risør, Arendal, Kristiansand og Mandal. Politimeisteren har lagt rammene på same nivå som i fjor, og det er vi veldig nøgde med, seier Stausland.

– Generelt opplever vi at dei alle fleste viser godt sjømannskap, men det er nokon som øydelegg. Kombinasjonen av høg fart, promille og manglande lanterneføring vil vi difor ha stort fokus på. Eg vil også oppfordre folk til å bruke redningsvest, seier ho.

Stausland trur folk vil merke at politiet er til stades på sjøen.

– I motsetning til tidlegare å, der vi har måtte ha med promillemistenkte til land for å ta test, vil vi i år ha med oss utstyr i båtane som gjer at utåndingsprøver blir teke umiddelbart. Då vil vi også få svar med ein gang, noko som er resurssparande, seier Stausland.

Politiet vil også ha fokus på vannskutarar.

– Dei som ikkje etterlever regelverket vil bli melde og bøtelagde, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %