Hopp til innhold

Fortvilar over mykje promillekøyring til sjøs

Ei rekkje personar er tekne for promillekøyring i båt på Sørlandet i sommar. Stabssjef i Agder-politiet, Jon Kvitne, likar ikkje utviklinga.

Politibåten

Politiet på Sørlandet har teke mange personar for promillekøyring til sjøs denne sommaren.

Foto: NRK

Før helga hadde politiet teke 18 båtførar for promillekøyring. Dette talet auka betrakteleg i helga som var.

– Eg har ikkje eksakte tal endå. Men det auka kraftig i helga. Alkohol og køyring av båt er ein dårleg kombinasjon som vi slår ned på, seier Kvitne til NRK.

– Det har vore særs mange promillekøyrarar denne helga. Det har kanskje noko med finvêret å gjere. Folk kjem i god stemning og tek nokre sjansar utpå kvelden, seier han.

Denne sommaren har politiet fire politibåtar som patruljerer sørlandskysten. Båtane er stasjonert i Arendal, Kristiansand, Mandal og Risør.

NRK fortalde tidlegare i år at politiet vil vere til stades under alle større arrangement langs kysten i sommar.

– Vi har eit regelverk som skal følgjast, så vi slår hardt ned på promillekøyring til sjøs, seier Kvitne.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %