Hopp til innhold

Politiloggen: Hektisk natt for politiet

Fleire våpenepisodar, fyll og rullator i vegbanen har prega ei hektisk natt for Agderpolitiet. Her kan du lese politiloggen.

POLITI

Politiet i Agder har hatt ei hektisk natt til laurdag.

Foto: KYRRE LIEN / SCANPIX

Tvedestrand, kl. 06.26: Ein person pågrepet for vald mot politiet og nekta å etterkomme pålegg frå politiet.

Tvedestrand, kl. 04.17: Melding om berusa person som ikkje kan ta vare på seg sjølv. Politiet til staden. Ender med at han angrep politiet, anmeldt.

Vennesla, kl. 03.10: Melding om to personar som går i vegbanen med ein rullator. Personane hadde gått inn i eit hus til slutt.

Kristiansand sentrum, kl. 03.04: Mann anmeldt for urinering på offentleg stad.

Arendal, kl. 02.52: Mann vist bort frå sentrum resten av natta. Hadde forstyrra ro og orden.

Mandal, kl. 02.44: Mann mistenkt for køyring i påverka tilstand og utan førarkort i sentrum. Anmeldt.

Froland, kl 02.37: Melding om inbrudd. Viser seg å vere ein kvinneleg kjærast som ville komme seg inn i huset ved bruk av stige.

Flekkefjord, kl. 02.24: Politiet bistår ein eigar av ein campingbil som har fått ein liten gasslekkasje i bilen sin frå ein propanbehaldar.

Kristiansand, kl. 02.18: Mann vist bort frå sentrum etter å ha forstyrra ro og orden.

Arendal, kl. 02.11: Mannleg fører av vannscooter pålagt å la den ligge til kai grunna beruselse.

Kristiansand, kl. 01.57: Melding om slagsmål i Vestre Strand gate. Forholdet laust opp.

Kristiansand sentrum, kl. 01.47: Politiet kom over ein kvinne som har falt og slått seg. Dama overtatt av ambulansen.

Kristiansand sentrum, kl 01.33: Rusa mann køyrt legevakt.

Arendal sentrum, kl. 01.31: Mann innbringast for å ikkje etterkomme politiets pålegg. Anmeldt.

Tvedestrand, kl. 01.30: Melding om 10 personar som slåst. Forholdet løyste seg opp. Ingen vidare forfølging frå politiets side.

Birkeland, kl. 01.22: Mann stakk av frå drosjerekning. Drosjeeigar anmelder forholdet over helga.

Lillesand, kl. 01.15: Melding om fulle ungdommar i sentrum. Nokon har og kutta ned eit tre i parken. Politiet har ID på moglege gjerningspersonar.

Tvedestrand, kl. 01.12: Mann innbringes til politiet då han ikkje godtok politiets pålegg i sentrum. Anmeldt.

Kristiansand, kl. 01.07: Mann pågrepet for ordensforstyrrelse utanfor ein utestad. Forholdet anmeldt.

Risør, kl. 01.03: Melding om mogleg skadeverk på garasjer. Politiet var på veg, men måtte prioritere slagsmål. Ber fornærma ta kontakt.

Arendal, kl. 00.52: Mann vist bort frå sentrum for resten av natta. Mannen hadde forstyrra ro og orden på ein utestad.

Birkeland, kl. 00.54: Mann pågrepet for å ha utført vald mot ein annan mann ved spark. Fornærma køyrt sjukehus. Forholdet anmeldt.

Kristiansand sentrum, kl. 00.48: I førebyggjande samanheng har politiet vore innom fleire utestader i sentrum.

Lillesand gjestehamn, kl. 00.47: Melding om ein båt med ungdommar som har skutt opp nødbluss og tømt eit pulverapparat. Politiet undersøkjer saka.

Arendal, kl. 00.44: Melding om overstadig berusa kvinne i sentrum. Venner tar seg av vedkomande.

Tvedestrand, kl. 00:29: Ein berusa mann har fått pålegg om å dra heim etter å ha forstyrra ro og orden.

Kristiansand sentrum, kl 00.16: Mann pågrepet for ha slått og sparka ein annan mann i hovudet. Forholdet anmeldt.

Kristiansand, kl. 00.12: Melding om fest som forstyrrar natteroa i Nybyen. I ferd med å avslutte då politiet ankom.

Lindesnes, kl. 00.07: Mann pågrepet for uforsiktig omgang med våpen. Hadde blant anna skutt ein pc med hagle. Våpen beslaglagt og forholdet anmeldt.

Tvedestrand, kl. 23.40: Mann slått til med ei flaske. Politiet har ID på gjerningsmann. Forholdet anmeldt.

E18 Stoa, kl 23.34: Mannleg bilførar anmeldt for køyring i påverka tilstand. Blodprøve, førarkortbeslag. Politiet oppretter sak.

Grimstad, kl. 23.27: Fleire mindreårige berusa ungdommar på ein fest på Fevik. Foresatte varsla.

Lista, kl. 23.00: Melding om mann som har trua sambuar med våpen. Mannen pågrepet og anmeldt for forholdet. Våpen beslaglagt.

Kvinesdal, Norway Rock. I løpet av natta er to menn innbragt og anmeldt for ordensfortsyrrelse og ikkje etterkomme politiets pålegg.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %