NRK Meny
Normal

Ny slitesiger for ØIF Arendal

ØIF Arendal låg under med tre mål til pause mot tabelljumbo Vålerenga, men reiste seg i andre omgang.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

GOD: André Jørgensen Hofstøl banka inn 14 mål mot Vålerenga! (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF slo Vålerenga til slutt 25-19 på bortebane. Til pause var stillinga 12-9 til Vålerenga. På det meste leia Oslo-klubben med fire mål i første omgang.

Andre Jørgensen Hofstøl vart toppscorar for ØIF med heile 14 mål. ØIF Arendal spelte dermed sin ellevte kamp på rad utan tap!

ØIF Arendal har eit håp om å kapre bronsemedaljen frå Drammen.

Arendalittane ligg kun eitt poeng bak drammensarane etter kveldens kamp, men Drammen har ein kamp mindre spelt.

Drammen møter Stord på heimebane søndag.