Hopp til innhold

Meiner søvn må inn i undervisninga på skulen: – Medisin for psykisk helse

Det er funne store samanhengar mellom søvn og psykisk helse blant unge. Nå må søvn bli pensum, meiner forskingsansvarleg.

Malin Jenssen (fra venstre), Frida Støle Haven og Oda Aarrestad Breland fra 3IDA (idrettslinja) ved Mandal vgs.

Elevane på idrettslinja på Mandal vidaregåande skule trur søvn er viktig for helsa. Frå venstre Malin Jenssen, Frida Støle Haven og Oda Arrestad Breland.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

– Eg treng mykje søvn. Eg blir sliten om eg har sove for lite, seier Malin Jenssen.

Ho og gjengen NRK møter er avgangselevar på idrettslinja på Mandal vidaregåande skule.

Dei trur alle at nok søvn er viktig for læring, konsentrasjon og god helse.

I Ungdata-undersøkinga i Agder frå 2022, kor unge for første gong vart spurt om søvn, kom det også fram at det er ein klar samanheng mellom søvn og psykisk helse.

Det er stor forskjell på dei som søv seks timar eller mindre og dei som søv dei anbefalte åtte timane.

Spesialrådgjevar i KoRus Sør, Ingvild Vardheim, meiner samanhengane er så tydelege at dei ikkje kan ignorerast.

– Dette må gjerast til eit større tema. Enten i undervisning, eller i samfunnet elles, seier ho.

Ingvild Vardheim er forsker i Telemarksforskning

Ingvild Vardheim er spesialrådgivar i KoRus Sør og har hovudansvaret for Ungdata-undersøkingane. Hu seier at for mange blir døgnet på 24 timar for kort. Det er så mykje som skal skje.

Foto: Per Stian Johnsen

Vardheims kollega i KoRus Sør, spesialpsykolog Anne-Kristin Imenes, meiner undervisning om søvn må inn i pensum.

– Me kan ikkje undervise ungdom om psykisk helse utan å lære dei om søvn og korleis det heng saman. Søvn er medisin, seier ho.

KoRus Sør har vore med i arbeidet knytt til Ungdata-undersøkinga i Agder.

Malin Jenssen (til venstre) merker at ho kan bli påverka om søvnen blir for knapp.

Ho synes det kan være greitt å få samanhengen mellom søvn og psyke inn i undervisninga.

Oda Orrestad Breland

Oda Orrestad Breland tykkjer det gir meining at søvn og psykisk helse har ein samanheng.

Ein time meir gir mindre plagar

I Agder vart 17.000 elevar mellom 13 og 19 år spurt om søvn i undersøkinga som KoRus Sør, Universitetet i Agder og Agder fylkeskommune samarbeida om.

Resultata viser at 44 prosent av jentene som søv 6 timar eller mindre har eit høgt nivå av psykiske helseplager, mens dette gjeld 21 prosent av gutane.

Andelen er betydeleg lågare blant både jenter og gutar som søv ein time lengre.

Og blant dei som søv 9 timar, er det berre et mindretal som har et høgt nivå psykiske helseplager.

Søv ein for mykje, 10 timar eller meir, begynner andelen med et høgt nivå psykiske helseplager å auke igjen. Dette gjeld særleg jenter.

Les også Kristin (31) sliter med å stå opp: – Kan sove gjennom 20 alarmer

Vekkerklokke på telefon

I undersøkinga kjem det også fram at antal timar søvn heng saman med familiens økonomi.

Det er færre med høy sosialøkonomisk status (SØS) som søv 6 timar eller mindre samanlikna med dei med lågare inntekt.

Også her påverkar dette jentene meir ein gutane.

Ungdommanes svar på dei aller fleste spørsmål knytt til psykisk helse, skolestress, livskvalitet, sjølvbilde, trivsel og meistringsfølelse ser ut til å ha sterk samanheng med antal timar dei sov sist natt.

Morten Kastet, 3IDA (idrettslinja) ved Mandal vgs.

Morten Kastet på idrettslinja i Mandal seier han kan merke at stressnivået hans går opp om nattesøvnen blir snau og at det påverkar den psykiske helsa hans.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Søvnfiendtleg samfunn

Imenes i KoRus Sør seier dei meiner heile samfunnet er rigga søvnfiendtleg.

Ho nemner at treningar ofte leggjast for seint på kveldane, som fører til at ungdom bruker fleire timar på natta for å skrolle på mobilen. Søvn blir derfor nedprioritert.

Skulen startar deretter tidleg, og mange har ikkje fått tilstrekkeleg med søvn.

Det tenker Imenes kan vere direkte helseskadeleg.

Les også #fårikkesove

Sayme Mirozada

Ho trur at ein må snakke om strukturelle grep for å forbetre unges søvnvanar. Ikkje berre om vanar for god søvnhygiene.

– Unge får ikkje den nødvendige søvnen. Ska dei ofre noko, blir det gjerne den.

Ei av endringane som skjer i kroppen under puberteten, er forsinka døgnrytme ifølgje Ungdata-forskinga.

Det gjør at ungdom føler seg vakne om kvelden, og trøyte om morgonen.

Anne-Kristin Imenes

Anne-Kristin Imenes er seniorrådgivar og psykologspesialist i KoRus.

Foto: Privat

Jobbar med det

Linn Gyland er rådgivar for folkehelse i Agder fylkeskommune. Ho seier dei jobbar med korleis tala frå Ungdata kan brukast i skulen.

Eit av temaa dei sett høgt, er søvn og psykisk helse.

– Når ein ser ei auking av ungdom som rapporterer psykiske plagar, så lurer ein på kva ein skal gjere. Når ein nå får kunnskap om at søvn er eit viktig innsatsområde, må me jobbe hardt for å få det ut, seier Gyland.

Alt skjer i dialog med dei unge i fylket.

Inger Johanne Danielsen har ansvar for analyse av Ungdata-undersøkinga for fylkeskommunen.

Ho seier dei er i gang med ein pilot på tematikken.

– Me ska ha ei oppfølging av disse tala med elevrådet på vidaregåande skular. Kva for slags forslag til tiltak dei kjem med blir spennande å sjå.

Imenes fortel at søvnundervisning har vore prøvd nokon stader allereie. Blant anna i Vestfold og Telemark, og Viken.

– Mykje av søvnundervisinga er tilgjengeleg på nett. Me håper det inspirerer og spreier seg til fleire, seier spesialpsykolog Imenes.

Les også Meinar vi kan for lite om søvn – Tobias (7) skal hjelpe på det

Tobias sit på sengekanten på eit sjukehusrom med leidningar og elektrodar over heile kroppen. Han smilar og har nett vakna. Bak han ser vi maskiner som føl med på alt frå rørsler til pust og puls. Faren sit bak i ein stol.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %