Hopp til innhold

Meiner vi kan for lite om søvn – Tobias (7) skal hjelpe ved å sove med alt dette på

Vi brukar ein tredjedel av livet på det. Likevel kan vi for lite om det, meiner overlege.

Tobias

Med alt dette på søv Tobias på sjukehuset i Stavanger. Likevel er han oppe og smiler om morgonen.

Foto: Odin Omland / NRK

Med alt dette på søv Tobias på sjukehuset i Stavanger. Likevel er han oppe og smiler om morgonen.

Foto: Odin Omland / NRK

Alle søv. Nokon betre og nokon dårlegare enn andre.

Og nokre av oss søv skikkeleg dårleg.

Men kva som gjer at vi søv dårleg eller bra og kva vi kan gjere med det kan vi for lite om, meiner overlege.

Det skal Tobias hjelpe med – ved å sove på sjukehus med ein masse maskiner kopla til seg.

Ei natt full av draumar

– Korleis har natta di vore, Tobias?

I ei sjukehusseng på Stavanger universitetssjukehus (SUS) har sjuåringen nett vorte vekt av overlegen.

– Bra. Litt bra. Normalt, seier guten.

Han har sove med elektrodar festa til hovudet, luftrøyr i nasen, maskiner festa på brystet og magen, rundt fingrane og på beina.

– Den målar pulsen min og kjennar kor mykje hjartet mitt dunkar, seier Tobias og syner fram ein av dei mange maskinene han er kopla opp til.

– For du plar sove litt dårleg om natta?

– Ja. Av og til so vaknar eg berre. Men av og til vaknar eg aldri, og berre held fram å drøyme til morgonen. Av og til so drøymer eg om morgonen. Dei to melatoninene gjer slik at eg drøymer lenge, lenge, seier Tobias.

Tobias hoppar over sengekanten med alle elektrodane og leidningane på seg. Han hoppar so fort at biletet er utydeleg. Han smilar og har nett vakna. Bak han ser vi maskiner som føl med på alt frå rørsler til pust og puls. Faren sit bak i ein stol.

Trass i eit utal leidningar og maskiner er Tobias i full fart frå han står opp om morgonen.

Foto: Odin Omland / NRK

– Vi kan for lite

Utstyret Tobias har sove med denne natta har målt alt frå hjernebølgjene hans, for å sjå om han drøymer mykje, til korleis han pustar og kor mykje luft det er i blodet hans. Dei har også målt kor mykje han bevegar på beina og auga medan han sov.

Overlege Karoline Lode-Kolz ved barneavdelinga og avdeling for klinisk nevrofysiologi seier det ikkje berre er Tobias som slit med søvnen, men at det er eit stort problem hjå mange barn og unge.

Karoline Lode-Kolz står i ein gang på Stavanger universitetssjukehus. Ho smiler. Bak ho ser ein senger og stolar, samt dører til andre kontor på SUS.

Karoline Lode-Kolz meiner vi manglar og treng meir kunnskap om søvn – ikkje berre for barn og unge, men for dei vaksne også.

Foto: Odin Omland / NRK

– Vi har alltid høyrd om dei som har ungar som ikkje får sove. Foreldra brukar lang tid på å legge om kvelden, dei vaknar om natta, dei vaknar tidleg på morgonen og at dette varar i fleire år, seier Lode-Kolz.

Ho seier vakne barn er eit problem som alltid har eksistert, og at ein i alle generasjonar har prøvd seg fram med ulike metodar for å sjå kva som kan fungere.

Problemet er at vi kan for lite, trass tusenvis av år med prøving og feiling. Der er ikkje forska nok på det systematisk, rett og slett.

– Med meir kunnskap om kva søvnfysiologi eigentleg går i, kan ein hjelpe mange av desse med ganske enkle metodar. Nokre vil trenge meir hjelp, slik at dei ikkje fell ut av skule og arbeidslivet fordi dei ikkje kjem seg opp om morgonen, seier overlegen.

Tobias får hjelp av ein helsearbeidar til å fjerne noko av utstyret han har hatt på seg om natta. Han sit på senga med leidningar overalt. Sjukehusrommet er lyst og eit par av leikane til Tobias ligg på golvet.

Tobias har sove litt dårleg denne natta, slik han plar. Alle leidningane som datt ut fleire gongar hjalp nok ikkje på, men han greidde å få dei på plass att sjølv.

Foto: Odin Omland / NRK
Tobias sin sømnanalyse. Det er ein skjerm som syner ein hel masse data i grafar -- puls, pust, rørsler og alt mogleg. Nederst på skjermen ser ein ein video av Tobias frå då han sov om natta.

Søvnen til Tobias har blitt nøye analysert. Legane har kartlagt alt frå kor mykje han rører på føttene til kor mykje han drøymer og om han pustar med magen eller brystet.

Foto: Odin Omland / NRK
Karoline Lode-Kolz (t.v.) syner ein kollega ein sømnanalyse.

Søvnutgreiing er eit samarbeid mellom fleire avdelingar på sjukehuset.

Foto: Odin Omland / NRK

Søvn er viktig

Søvn er nesten som fysisk aktivitet og mat. Det heng saman med alt i helsa vår, fortel Lode-Kolz.

– Det handlar om psykisk helse og det handlar om læring og utvikling. Om ein søv dårleg vert det vanskelegare på skulen, det vert vanskelegare med relasjonar til andre, ein får det dårlegare med seg sjølv, ein får vondt i kropp og hovud.

Ein får også lettare depresjon og symptom på angst om ein ikkje søv, fortel overlegen.

Ho seier helsepersonell i årevis har skrive ut sovemedisinar til barn utan å ha eit forskingsbasert grunnlag for det.

Lode-Kolz vil at helsepersonell skal få vite meir om nettopp det – kva som fungerer for å gje betre søvn og kvifor nokre søv betre enn andre.

I tillegg vil ho at barn og unge sjølv, som Tobias, skal lære seg meir om kva søvn faktisk er.

– Ofte ser ein at om ein skjønar korleis denne søvnen verkar og kva som spelar inn, so er det lettare å jobbe i riktig retning for å sove betre sjølv, seier ho.

Tobias er no ferdig med alle målingane, og gler seg til å få av seg alle dei kløande leidningane. Kanskje vil hans og andre ungars bidrag gjere at vi alle forstår meir og at han slepp å stå opp trøytt kvar dag i framtida.