Hopp til innhold

Legesenter ber pasientane bruke KI

Legesenteret meiner bruk av KI kan gi betre kommunikasjon mellom pasient og lege. Ekspert åtvarar mot praksisen.

– Her får du på eit språk som du sjølv kan forstå. Utan medisinske ord og termar. Det gjer at alle er litt meir på lik fot.

Fastlege Notto Aleksander Sandnes trur bruk av ChatGPT kan lette kommunikasjonen mellom pasient og lege.

  • Ein fersk rapport frå IKT Noreg hevdar at Noreg ligg langt etter våre nordiske naboland i satsinga på KI. Det kan du lese meir om i denne saka.

Nyleg oppmoda Sørlandsparken legesenter i Kristiansand pasientane til å laste ned ChatGPT4.

I innlegget står det at pasientane kan bruke ChatGPT til å finne «pålitelege svar på medisinske spørsmål».

Sørlandsparken legesenter oppfordrer pasienter på Facebook om å bruke KI.

Sørlandsparken legesenter oppfordrar pasientar på Facebook til å bruke KI.

Fryktar for tilliten

Min første tanke er at dette er eit godt døme på innovasjon utan etisk risikovurdering, seier Leonora Bergsjø som forskar på digital etikk.

Når du stiller chatteroboten eit spørsmål kan du få lange og detaljrike svar, men kor informasjonen kjem frå kjem ikkje fram.

Dei veit ikkje kva chatboten vil svare kvar enkelt. Ein risikerer at ein pasient kanskje ikkje vil gå til legen likevel fordi han trur han har fått gode nok svar, og i verste fall risikerer ein å bryte ned tilliten til helsesystemet, seier Bergsjø.

Leonora Bergsjø, førsteamanuensis.

Førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold og UiA, Leonora Bergsjø, er kritisk til KI-oppfordringa til legesenteret.

Foto: Bror Kvammen Bjerke / NRK

Bergsjø er redd pasientane kan dele sensitiv informasjon, som dei ikkje vil ha på avvege, med chatterobotar:

Informasjonen pasientar blir oppmoda til å leggje att, har legesenteret ingen kontroll over korleis vil bli brukt.

Les også Scarlett Johansson om ChatGPT-stemme: – Sjokkert, sint og vantro

Open AI lanserer ny ChatGPT-stemme. Sammenlignes med elleve år gammel film.

Meiner svara er riktige

Lege Notto Aleksander Sandnes avfeiar kritikken.

Han meiner at vi ikkje gir frå oss meir informasjon til ChatGPT enn vi gjer på sosiale medium.

Her tek vi aktive val heile tida. Når vi bruker Snapchat, TikTok, Microsoft. Alt dette kjem inn under det same.

Mannlig lege med briller sitter foran PC-skjerm på legekontor.

Fastlege Notto Aleksander Sandnes ved Sørlandsparken legesenter.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Sandnes meiner det er viktig å følgje med på utviklinga, og ta i bruk kunstig intelligens.

– Det vil alltid vere ei uvisse i alt du spør om, inkludert legen, inkludert sjukehuset. Alltid ei lita uvisse. Men truleg ikkje noko meir der enn hos meg, seier Sandnes.

Han har testa ut ChatGPT i eit lite år og reknar med at 95 prosent av svara var rette. Dei galne svara tmener han i stor grad kjem av brukarfeil.

Folk NRK har snakka med er delt på om dei vil spørje KI om svar på eigne symptom.

Venninnene Eline Colegrove og Mai Brit Steinsland sitter på kafè

Eline Colegrove og Mai Brit Steinsland er skeptiske til å spørje KI om legerelaterte spørsmål.

– Er du bekymra, så tenker eg det er lurt å snakke med legen og få råd derfra først, seier Steinsland.

KIlegekontor

– Ein legger igjen mykje personlig informasjon som kan brukast mot deg seinere. Det bør ein kanskje vére litt bevist på, sier Colegrove.

KIlegekontor

– Dei fleste pleier vel å google uansett. Ved å bruke KI får ein eit svar, og det er kanskje enklare enn å google, seier Anders Wilhelmsen Berg.

Person spør ChatGPT på mobilen om svar på hva hun kan gjøre hvis hun har vondt i en fot.

Fleire NRK snakkar med trur ein blir meir stressa av å spørje KI om symptomar.

KIlegekontor

– Når du søker opp symptomar kan det ofte vére vanlege ting du opplever, men så blir du påvirka til å tenke at du har det eine og andre.

Betaler med persondata

Legeforeininga Vest-Agder er skeptiske til bruk av KI før legebesøk.

– Det er uvanleg og framoverlent, men eg trur det er for tidleg. Eg trur ikkje hjelpemiddelet er godt nok utprøvd, seier Ole Georg Vinorum.

Det er to grunnar til at Legeforeininga er skeptiske til bruken. Det eine er at ein ikkje har kontroll over opplysningane ein fôrar KI-ein med, i motsetning til IT-systemet på eit sjukehus.

Det andre er at ein ikkje har kontroll på kva slags svar ein får.

Les også Millionsatsing på KI: – Vi får den desidert største regnekraften i Norge

Millionsatsing på KI

Vi veit at det som er gratis er ikkje det, ein betaler med persondata, seier Leonora Bergsjø og legg til:

Tanken er god, men løysinga er ikkje sikker, personvernmessig forsvarleg eller etisk forsvarleg.

Les også Kunstig intelligens i banken kan føre til auka sosiale skilnader

Elisabeth Austad Asser. Forsker ved UiA og bærekraftsansvarlig Sparebanken Sør.

Ved Sørlandsparken legesenter har Notto Aleksander Sandnes tru på at Ki er framtida.

Han trur spesielt det vil gagne framandspråklege som treng hjelp til å tolke analysar og brev.

– Når skal du møte? Kor skal du møte? Kven skal du snakke med? Alt det kjem då på arabisk eller urdu eller kva du måtte ønske.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %