Hopp til innhold

Kunstig intelligens i banken kan føre til auka sosiale skilnader

Elisabeth Austad Asser har forska på kunstig intelligens. No åtvarar ho mot at ukritisk bruk av teknologien i banksektoren kan føre til sosiale skilnader.

Elisabeth Austad Asser. Forsker ved UiA og bærekraftsansvarlig Sparebanken Sør.

Elisabeth Austad Asser har forska på korleis bruk av kunstig intelligens kan hemme eller fremje verdiane i banken.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Kunstig intelligens kan definere nokre menneske som innanfor, og andre menneske som utanfor.

Det seier Elisabeth Austad Asser, som nettopp har disputert for doktorgrada si på Universitetet i Agder.

Der har ho sett på korleis bruk av kunstig intelligens kan hemme eller fremje verdiane til Sparebanken Sør, der ho til dagleg er ansvarleg for berekraft.

Ho åtvarar om at dersom bankar tek i bruk teknologien utan å vere klar over at data ikkje er nøytrale, kan dei bidra til å forsterke sosiale skilnader i samfunnet.

– Det som er farleg, er når bankar eller andre verksemder bruker data til å kategorisere deg og avgrense vala dine utan at du veit om det.

Les også Falske nettsider: Dette er varsellampene

Sørlandspartiet - falsk nettside

Fordomsfull profil

Teknologi som algoritmar lagar ein profil på deg og bestemmer kva ein skal sjå og få tilbod om når ein surfar på nett, forklarer Asser.

Når slike former for teknologi blir brukte i banken, kan det til dømes føre til at området der du bur avgjer om du skal få innvilga bustadlån eller kredittkort.

Tidlegare blei slike avgjerder tekne av rådgjevarar i banken.

Desse kunne vite at sjølv om du kanskje har naboar som er dårlegare betalarar, så er du som individ annleis.

Elisabeth Austad Asser, bærekraftsansvarlig Sparebanken Sør
Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Assar meiner bankane har ein viktig funksjon og eit særskilt samfunnsansvar.

– Data er noko som har vore, og skjedd i fortida. Når vi set ein algoritme som bruker data frå fortida for å predikere noko om ei framtid, må vi vere sikre på at det som har vore i fortida er det vi ynskjer i framtida.

Les også Sliter du med å få gode svar av chatboten? Her er et enkelt råd

Chatbot

Må kjenne risikoen

Anders Hole er konstituert direktør for bank og forsikringstilsyn i Finanstilsynet. Han skriv til NRK at det er viktig at ein dokumenterer korleis KI-system fungerer.

På det overordna, strategiske nivået er det viktig at leiinga og styret i føretaket har inngåande kjennskap til utfordringar og risiko ved innføring og bruk av slik teknologi.

Finanstilsynet ventar at teknologien som blir utvikla og blir brukt av finansføretak i Noreg bygger på etiske prinsipp, menneskerettar og demokrati.

Gav milliongåve til universitetet

Universitetet i Agder (UiA) og Sparebanken Sør investerte i november i fjor 35 millionar kroner for å utvikle ein meir berekraftig og demokratisk kunstig intelligens.

Les også Millionsatsing på KI: – Vi får den desidert største regnekraften i Norge

Millionsatsing på KI

I 2018 lanserte Ole-Christoffer Granmo ved UiA ein kode for opplæring av kunstig intelligens som er både grønare og meir demokratisk enn eksisterande teknologi.

Ifølge Granmo er dagens KI særs energikrevjande og så kompleks at vi ikkje kan forstå. Det er også vanskeleg å få innsyn i korleis teknologien «tenker» når avgjerder vert tekne.

– Det er eit demokratisk problem. Historiske data gjer at han tar med seg diskriminerande og urettferdig behandling, sa Granmo til NRK i november.

Millionsatsing på KI

Eva Kvelland frå Sparebanken Sør og Ole-Christoffer Granmo. I november investerte Sparebanken Sør og UiA med eit millionbeløp på forsking på kunstig intelligens.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %