Hopp til innhold

Åtvarar mot kattepest

Den svært smittsame og dødelege sjukdommen kattepest er påvist på Sørlandet. No blir katteeigarar bedne om å vaksinere katten sin.

katt vaksine

Det er berre vaksine som hjelper mot kattepest-viruset.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Det er parvovirus som vi har fått påvist her på klinikken, både ved hurtigtest men også ved ekstern pcr-test.

Det seier veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk i Arendal.

Parvovirus-infeksjon hos katt blir også kalla for kattepest. Det er ein svært smittsam sjukdom.

– For katteeigarar betyr det at no må dei vere ekstra bevisst på at katten er vaksinert. Det er den einaste gode behandlinga, seier veterinæren.

Camilla Lilleholt

Camilla Lilleholt er veterinær ved Agder Dyreklinikk i Arendal. Ho ber katteeigarar sjekke at katten er vaksinert.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Viruset blir påvist frå tid til annan.

Lilleholt trur det er litt underdiagnostisert.

– Det er ofte dei kattene som høyrer til villkatt-populasjonen som har størst sannsyn for å bli sjuk og smitta, og dei blir jo ikkje registrert hos veterinær, seier Lilleholt.

Kattepest smittar ikkje til menneske.

Les også Hunden Ravn (7) havnet i rullestol – får rådyr behandling

Hunden Ravn.

Holder kattene inne

På ein katteheim i Arendal går det fleire firbeinte rundt.

Ingvild Epletveit, som passar kattene, er bekymra.

– Det er skummelt. Det blir fort kontakt med kattar i nabolaget dersom eg slepp dei ut.

På katteheimen har dei no fått vaksinert alle kattene, men held dei meir inne enn dei brukar å gjere.

– Me held dei inne når det blir mørkt. Det er då dei samlast.

Ingvild Epletveit

Ingvild Epletveit fortel at dei held kattene meir inne no.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Skal rapporterast

Symptoma på kattepest er feber, slappheit, manglande matlyst, oppkast og diaré.

Sjukdommen er meldepliktig og skal rapporterast inn til Mattilsynet.

Det er viktig at veterinærar som påviser sjukdommen melder frå til Mattilsynet. Vi ynsker å ha oversikt over situasjonen, og hindre at eit utbrot kjem ut av kontroll, seier Bente Fjermestad-Eie, seniorrådgjevar i seksjon for dyrehelse.

Bente Fjermestad-Eie

Seniorrådgjevar i seksjon for dyrehelse i Mattilsynet Bente Fjermestad-Eie.

Foto: Mattilsynet

Ho seier at katteeigarar som er bekymra for at katten kan vere smitta bør ta kontakt med veterinær.

– Om katten din er vaksinert er den godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Behovet for revaksinering vil avhenge av kor mykje smitte katten kan bli eksponert for. Kattar som går mykje ute og møter andre kattar, er på utstillingar eller kattepensjonat kan ha behov for årleg revaksinering.

Dei fleste vaksinerer katten sin når den er ung, i samband med ID-merking eller ved kastrering.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %