Hopp til innhold

Jerv-sjefen: – Det mentale vil avgjere

Jerv-trenar Steinar Pedersen trur laget som er sterkast mentalt av Hødd og Jerv tek seg vidare i kvalifiseringa til eliteserien.

Steinar Pedersen

NETT-TV: Sjå intervju med Steinar Pedersen, Alexander Lind og Ohi Omoijuanfo.

– Den som taklar den mentale utfordringa det er å vere med på å avgjere noko der og då vinn. Vår gruppe er veldig sterk i så måte, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen til NRK.

Søndag ettermiddag spring dei to laga ut på splitter nye Høddvoll stadion for å kjempe om avansement i kvalifiseringsspelet.

Vinn eller forsvinn

– Det er jo vinn eller forsvinn. Det er to gode lag som møtest. Vi er godt budde på kva Hødd kjem med og dei er nok godt budde på kva vi kjem med, seier trenaren.

Hødd er det einaste laget Jerv ikkje scora på denne sesongen.

På bortebane vart det uavgjort 0-0, medan Hødd vann 1–0 på Levermyr stadion.

– Eg hadde vel to headingar i tverrliggjaren og eitt skot som gjekk utanfor frå femmeteren i bortekampen. Vi har skapt sjansar mot dei. Vi har berre ikkje klart å setje dei, seier Jerv sin toppscorar Ohi Omoijuanfo.

Lind er på gang

Jerv-spissen Alexander Lind scora mange mål i vårsesongen. I haust har det berre blitt ei scoring på den tidlegare Start-spissen.

No håpar han få finne tilbake til scoringsforma.

– Eg var sjuk i eit par veker etter ferien og har slite med å finne tilbake til forma etter det. Men eg har følt dei siste vekene at eg er på gang igjen. Det hadde passa fint om eg kunne ha scora litt i kvalikkampane, seier han.

– Eg trur vi kan slå Hødd. Men det blir ein hard kamp mot eit veldig solid lag som er gode defensivt. Vi har vore veldig nær i dei to kampane mot dei tidlegare i år. Det er ikkje så mykje som skal til, seier Lind.

Vinnaren på Høddvoll møter vinnaren av Kristiansund – Ranheim.

Alexander Linf om måltørke, skader og kvallikkamp mot Hødd

Sjå intervju med Jerv-spissen Alexander Lind.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %