– Eg gler meg veldig til å halde fram karrieren i Stabæk, seier Ohi til Stabæk si nettside.
Midtbanespelaren kom frå Lillestrøm til Jerv før denne sesongen, og hadde berre ei eittårskontrakt med sørlendingane.
Han har scora 15 mål i 1. divisjon denne sesongen og skal avslutte sesongen med kvalifisering til eliteserien med Jerv før han vender nasen austover mot Nadderud.
Sportssjef Inge Andre Olsen i Stabæk er nøgd med å ha sikra seg 21-åringen.
– Ohi er ein fysisk sterk spelar som er ganske rask. Han har scora mange mål i 1. divisjon og vi håpar jo å bidra til at han utviklar seg vidare her i Stabæk, seier Olsen til klubben si nettside.
Jerv sikra kvalifiseringsplass då dei spelte utlikna til 2–2 mot Follo seks minutt på overtid søndag.
Førstkommande søndag møter overraskingslaget Hødd på bortebane i kvaliken.