Hopp til innhold

Denne statistikken uroar ikkje Jerv

Hødd er det einaste laget Jerv ikkje har scora mot i serien. Det uroar verken trenaren eller toppscoraren før søndagens kvalifiseringskamp på Høddvoll.

Hødd er det einaste laget Jerv ikkje har scora mot i serien. Det uroar verken trenaren eller toppscoraren før søndagens kvalifiseringskamp på Hødvoll.

Sjå intervju med Steinar Pedersen og Ohi Omoijuanfo.

– Hødd har eit robust og ok lag, men det er fullt mogleg å score på dei. Det skal vi sørge for at vi gjer søndag, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen til NRK.

Torsdag kveld trena laget på Lillesand stadion.

Klubben må ut av eigen kommune for å trene på grunn av for dårleg kunstgrasbane og manglande flaumlys.

– No handlar det om å skape energi og gjere dei rette tinga inn mot søndag, seier Pedersen.

Jerv-trening på Lillesand stadion

Jerv-trente på Lillesand stadion torsdag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vil presse høgt

I bortekampen mot Hødd tidlegare denne sesongen vart det 0–0. I oppgjeret på Levermyr stadion vann vestlendingane 1–0.

Jerv sin toppscorar Ohi Omoijuanfo har stor tru på at han finn vegen til nettmaskene på Høddvoll søndag.

– Både eg og laget er i god form og klare for å møte Hødd, seier han.

– Eg trur det blir ein kamp der begge laga ynskjer å halde på ball og vil halde trykket oppe og presse. Vi vil presse høgt og ha fokus på korleis vi skal gjere det, seier han.

Skreiv under for Stabæk

Onsdag skreiv midtbanespelaren under ei treårskontrakt med eliteserieklubben Stabæk.

No drøymer 21-åringen om sende Jerv til eliteserien før han reiser til Bærum etter denne sesongen.

– Det hadde vore fantastisk. Eg veit mange har stilt spørsmål om kvar fokuset mitt er etter at Stabæk kom på bane. Men alt fokuset mitt er her. Eg skal gjere mitt beste for at vi slår Hødd, seier han.

Fotballklubben Jerv har gjort alle spådommer til skamme. I går ble klubben klar for kvalifisering til eliteserien. Og det smaker godt

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %