Hopp til innhold

Høgsesong for lokalradioen

For tusenvis av lyttarar blir det ikkje heilt påske utan Valle Radio. Og radioen hadde kanskje ikkje bestått utan påska.

Ørnulf Hasla, redaktør Valle radio

Ørnulf Hasla ser alltid fram til påskesendingane frå Valle.

Foto: Valle radio

– Det er like spennande kvart år og når ein har dette som ein kjær hobby og har desse sendingane så kjenner eg sommarfuglane i magen, seier Ørnulf Hasla, redaktør og programleiar i Valle radio.

I år som førre år, inviterer Valle radio til store påskesendingar på skjærtorsdag og fyrste påskedag.

Sendingane har vorte svært populære, og for mange, særleg i Setesdal, er påskesendingane til Valle Radio blant høgdepunkta i påskeferien.

Les også Blinde Rita Vindholmen ser klarere enn noen gang

Rita Vindholmen

Radiobasar for inntekt

Påskeprogrammet inneheld ei blanding av lotteri, rebusar, helsingar og innringarar.

Radioen blir sponsa av næringslivet i Setesdal, som gir gevinstar til lotteriet.

Sidan påskelotteriet starta i 2000, har det skaffa det meste av inntektene som trengst for å driva radioen resten av året.

– Gevinstlista er enormt lang, og det gjer at folk hiv seg over telefonen og kjøper lodd som dannar grunnlaget for inntekta, seier Hasla.

Målet er å selje lodd for nærmare 280.000 kroner, som i fjor.

Valle radio er driven av frivillige og har, i tillegg til påskesendingane, sendingar to dagar i veka. For å få hjula til å gå rundt er dei avhengige av radiobasaren.

Det er 32 personar som er med på å få radioen på lufta.

Valle radio

Dei som jobbar med sendingane i Valle radio, jobbar frivillig.

Foto: Valle radio

Spørsmål om dialektord

Dei som kjøper lodd har mogelegheita til å vinne premiar viss dei kjem gjennom nålauget og blir ringt opp på lufta.

– Når dei kjem inn på lufta hos oss får dei ei gåve frå hovudsponsorane våre. For å kome vidare i konkurransen har vi lydfiler med ord og uttrykk frå Valle som dei kan prøve seg på, seier Hasla.

Er du flink til å forstå ulike dialektar?

Du kan prøve sjølv.

Lyttarar frå inn- og utland

Valle radio blir for det meste lytta til i øvre Setesdal, men påskesendinga strekker seg langt utover Setesdals grenser.

– Folk ringer inn frå inn- og utland og frå heile landet for å vere med på desse påskesendingane, så det er spesielt, seier Hasla og legg til at det som regel er utflytta setesdølar.

Han seier Valle radio har like mange lyttarar som det er innbyggarar i Setesdal. I 2020 var det 8255 innbyggarar.

Les også Prince Kevin lyser opp dagen: - Jeg elsker hunder!

Besøkshund

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %