Hopp til innhold

Her er den etterlengta brua

Innbyggjarane på Andabeløy har drøymt om fastlandssamband i mange år. Tysdag vert planane om eit bruprosjekt til 100 millionar kroner presentert. Dei første skissene er klare.

Illustrasjon av Andabeløy-bru

BRU: Slik ser arbeidsgruppa føre seg at brua skal sjå ut.

– Det er viktig for utviklinga for øya, og med tanke på å få folk til å busetje seg her. Når ungdommen ber om veg må vi høyre på dei, for det er dei som er framtida, seier ein av innbyggjarane på øya.

Tysdag skal ordførar i Flekkefjord, Reidar Gausdal, ta opp saka med fylkeskommunen, skriv Avisen Agder.

Har trua

– Det er i utgangspunktet eit fylkeskommunalt ansvar. Men vi vil no leggje saka fram for formannskapet for å få ideen og prosjektet politisk forankra, seier rådmann Tone Marie Nybø Solheim til avisa.

Arbeidskomiteen som jobbar for Øyna Landfast, Arnfinn Jensen, Kjetel Løyning og Ole Roald Danielsen har stor tru på at brua vert ein realitet.

– Vi er nøydde til å tru på dette. Det blir ein realitet på eitt eller anna tidspunkt. Det er seint nok som det er, seier dei.

Video Vil bygge bro til 100 mill.

Fem år fram

Men dei tre trur det vil ta år før brua er på plass.

– Om fem år er vi fri frå å ta ferje. Det har vi tru på, seier dei.

– Det er ikkje grunn til å vere anna enn optimist. Det var ikkje mange som var optimistar med tanke på å få landfast til Hidra. Det er ein realitet no, og vi trur på dette, seier dei.

Det bur kring 100 menneske på øya, som lenge har hatt eit sterkt ønske om å få bru til fastlandet.

– Spennande prosjekt

– Vi ser føre oss at folketalet kan auke dersom vi vert landfaste, seier komiteen.

Ordførar Reidar Gausdal er positiv.

– Eg tykkjer det er eit spennande prosjekt. Eg vil vere med i denne komiteen og dette vil eg jobbe for. Vi skal løfte det opp for vegstyresmaktene i eit møte i morgon. Planen er å køyre same løp som på Hidra, seier han til NRK.no.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %