Hopp til innhold

Har framleis ikkje fått ny celle

Tjostolv Moland og Joshua French deler celle med fleire fangar. UD jobbar med å flytte dei to til ei eiga fengselscelle, men har framleis ikkje lukkast. Nordmennene seier dei vert utsett for vald og psykisk terror.

Tjostolv Moland og Joshua French

DELER CELLE: Tjostolv Moland (t.v.) og Joshua French har ikkje fått ei eiga celle etter at dei vart flytta til eit fengsel i Kinshasa i Kongo. Dei to fortel om særs tøffe forhold i fengselet.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kjetil Elsebutangen

BLIR PRIORITERT: Pressekontakt i UD; Kjetil Elsebutangen seier at Kongo-saka er høgt prioritert i UD.

Foto: NRK

– Vi har vore opptekne av å følgje opp dette spørsmålet om å få overført dei to til ei eiga celle, seier pressevakt i UD, Kjetil Elsebutangen til NRK.no.

– Vi har teke opp dette i vår kontakt med kongolesiske styresmakter. Det er klart at det vil vere eit naturleg samtaletema i vår kontakt med dei to nordmennene, seier han.

Mishandla og banka

I førre veke sa advokaten til dei to nordmennene, Morten Furuholmen, at Moland og French blir mishandla og banka opp av både medfangar og vakter. Samstundes kravde han statsminister Jens Stoltenberg må gripe inn i saka.

– Situasjonen har blitt alarmerande verre etter at dei vart overflytta til Kinshasa. Eg hadde håpa på ei snarleg avklaring etter flyttinga, men no fryktar eg at saka kan hamne i ei dødssone, sa Furuholmen.

Han viste blant anna til eit brev der Moland og French skriv at dei blir banka, håna og trakassert av medfangar. Dei skriv at dei blir utsett for rasisme og at ein av dei vart biten i fingeren heilt inn til beinet.

– Dette er alvor

– Når Joshua skriv hjelp fleire gonger i brevet, så er dette alvorleg. Desse gutane toler mykje, men dette er alvor, sa mor til Joshua French, Kari Hilde French på pressekonferansen i førre veke.

På nytt påpeikar UD at saka er høgt prioritert. Dei to dødsdømde nordmennene har site fengsla i Kongo i snart tre år.

– Denne saka har vore høgt prioritert frå den norske utanrikstenesta heilt sidan den starta, seier Elsebutangen til NRK.no.

Ndolo-fengslet i Kinshasa

KONGO-FENGSEL: Tjostolv Moland sit fengsla i Ndolo-fengselet i Kinshasa.

Foto: FN
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %