Hopp til innhold

Fryktar svineinfluensaen er på veg

Det har allereie vore fleire dødsdall i England og Statens folkehelseinstitutt stadfestar at to personar i Norge har fått påvist sjukdommen.

Dagfinn Haarr

INFLUENSA PÅ VEG: Smittervernlege i Kristiansand, Dagfinn Haarr, fryktar at svineinfluensaen er på veg.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Influensatala har auka dei to siste vekene, så influensaen er på veg. Kor mykje av den som vert svineinfluensa og kor mykje som vert anna influensa veit vi framleis ikkje, seier smittevernlege i Kristiansand Dagfinn Haarr til NRK.no.

Ein person skal vere lagt i respirator på sjukehuset i Kristiansand, der årsaka kan vere svineinfluensa.

Ingen massevaksinasjon

– Ut ifrå kva som har skjedd andre stader må vi rekne med at nokon vil bli sjuke av svineinfluensa i Norge også i år, seier han.

Smittevernlegen seier at eit utbrot av svineinfluensa vil bli handtert på ein heilt annan måte i år enn i fjor.

– Det kjem an på korleis årets pandemi går. Vi satsar ikkje på massevaksinasjon av befolkninga i år, som vi gjorde i fjor. Det er uaktuelt å vaksinere andre enn risikogrupper i år slik vi ser det no, seier Haarr.

Risikogruppe

Eldre over 65 år, personar med kroniske lunge- og hjartesjukedommar, gravide og overvektige menneske vert rekna for å vere i risikogruppa når det gjeld svineinfluensa.

– Det var ein drøss som fekk svineinfluensa i fjor som ikkje merka nokon ting. Dei som vert skikkeleg sjuke vert raskt alvorleg sjuke. Spesielt skal ein vere obs på pustebesvær. Det kan gå fort, seier han.

Han fortel at talet på vaksiner har auka dei siste vekene.

Liten etterspurnad

– Etterspurnaden har vore liten i hast, men no som vi ser at influensaen nærmar seg vil det nok bli betydeleg auka etterspurnad etter vaksina, seier han.

I fjor vart tusenvis av nordmenn vaksinert. Smittevernlegen meiner norske styresmakter gjorde rett i år rå folk til å ta vaksina.

– Eg meiner det var riktig å reagere slik som styresmaktene gjorde. Dei måtte reagere tidleg og planleggje langt fram. Så gjekk det heldigvis mykje betre enn det ein hadde trudd, seier Haarr.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %