Hopp til innhold

Familien: – Vi har sett livet på vent for Rita

Narkotikadømde Rita Grimestad (53) får sone resten av dommen i norsk fengsel. Men familien torer ikkje å sleppe jubelen laus.

Rita Grimestad dømt til ti år i fengsel i Ecuador

Rita Grimestad har sete i fengsel i Ecuador i snart tre år. No har styresmaktene i Ecuador sagt ja til at ho kan sone resten av straffa i Norge.

Foto: Maren Kateraas

– Det høyrest kanskje forferdeleg rart ut, men vi sit framleis i venteposisjon. Ting tar så lang tid, seier Berit Grimestad.

– Det var sjølvsagt ein gledeleg beskjed å få, men eg klarer ikkje å sleppe jubelen laus heilt endå. Eg stolar ikkje heilt på det før ho er på norsk jord, seier sonen Endre Ulstrup.

fengselet i Latacunga

Grimestad sit fengsla i Latacunga. Ho har sete i tre ulike fengsel i løpet av snart tre år.

Foto: Endre Ulstrup/Privat

Det er snart tre år sidan søstera og mora deira vart pågripen på flyplassen i Quito i Ecuador, med tre kilo kokain i kofferten.

– Håpet om å få ho heim har ligge der heile tida. Men det er forferdeleg å sitte her å vente, seier Grimestad.

Ventar på bestemor

Søstera forklarar at familien har brukt mykje tid og ressursar på å få ho til Norge.

– Livet er sett på vent. Vi kan aldri slappe av, seier ho.

På Sørlandet ventar også barnebarn på bestemora si. Endre Ulstrup har vore open med dottera om kva som har skjedd.

– Det er vanskeleg å forklare kvifor bestemor sit fengsla. Men barna forstår mykje meir enn ein skulle tru, fortel han.

Begge er djupt uroa for helsesituasjonen hennar.

– Det hastar med å få ho heim. Tre år i fengsel i Ecuador pregar både fysisk og psykisk helse. Eg håpar for guds skuld at dette ikkje dreg ut for lenge, seier ho.

Kristin og Endre Ulstrup

Endre Ulstrup og kona Kristin ventar framleis på å få Rita Grimestad heim til Norge.

Foto: Lars Eie / NRK

– Prøver å drepe kvarandre

Norske misjonærar deler på besøke sørlendingen i fengselet. Dei syter for at ho får klede og medisinane ho treng.

Men dette har blitt meir utfordrande den siste tida.

– Kontrollane har auka. Ho opplever også at nokon stel medisinar frå ho. Klede for vi ikkje inn i fengselet lenger, seier ho.

Av og til ringer Grimestad heim. Ho får berre lov til å snakke tre minutt kvar gong. Sist ho ringde var ho særs bekymra.

– Ho seier det blir smugla mobiltelefonar inn i fengselet. Fangar prøver å drepe kvarandre. Ho gjer uttrykk for at ho er veldig redd, og ho er livredd for å bli drege inn i noko, seier Berit Grimestad.

Trur på forklaringa

Rita Grimestad er dømd til ti års fengsel. Politiet fann tre kilo kokain i ein koffert ho skulle ha med seg til London.

Styresmaktene i Ecuador har gått med på at kvinna får sone resten av fengselsstraffa i Norge. Når overføringa skjer er ikkje klart.

Grimestad har heile tida hevda at ein mann ho møtte på internett, lurte ho til å smugle kokain frå Ecuador til London. Det trur familien på.

– Ho har blitt lurt. Det diskuterer vi ikkje ein gong, seier søstera.

Brev frå Rita Grimestad

Rita Grimestad har sendt fleire brev til familien i løpet av dei snart tre åra ho har vore fengsla i Ecuador.

Foto: Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %