Hopp til innhold

Dømd for vald mot politimann

Ei 22 år gammal kvinne er dømd til 26 dagars fengsel etter å ha slått og sparka ein politimann.

Episoden fann stad i Grimstad i april i år. Kvinna var ute på byen, men vart nekta å sleppe inn på ein utestad fordi ho var for full.

Politiet vart tilkalla og ba tjentestemennene om å komme seg vekk. Dette gjorde at kvinna vart arrestert. Det var under pågripinga at ho slo seg vrang.

22-åringen sparka ein politimann fleire gonger. På veg inn i politibilen spytta ho også på den same mannen i ansiktet. Kvinna fortalde i retten at ho fekk panikk fordi ho aldri tidlegare hadde vore i ein slik situasjon.

Politiet valde å køyre kvinna til legevakta for sjekk, før ho skulle i arresten. På legevakta sparka 22-åringen mot den same politimannen på nytt - utan å treffe.

Kvinna er tidlegare straffa, noko Aust-Agder tingrett la vekt på. 22-åringen må også betale 1500 kroner i sakskostnader.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %