Hopp til innhold

Landslagsspelar vil droppe profflivet for Toppserien-retur

Medan Toppserien har vorte tappa for profilar det siste året, vurderer Kristine Minde å gå motsatt veg. Etter seks år i utlandet føler 27-åringen seg klar for ein retur til norsk fotball.

Verdensmesterskapet i fotball for kvinner 2019

VIL HEIM: Kristine Minde vurderer å returnere til norsk fotball etter seks år i utlandet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Kristine Minde har allereie rokke å oppleve mykje. I ein alder av 27 kan landslagsspelaren sjå tilbake på fleire serie- og cupmeisterskap i både Sverige med Linköping og i Tyskland med storklubben Wolfsburg.

Men det er likevel noko ho manglar. Med dryge seks månader igjen av kontrakten i Wolfsburg ser ho no ei moglegheit.

– Det er første gong sidan eg reiste ut at eg no vurderer å reise heim. Eg kjenner eg saknar Noreg. I tillegg har eg noko uoppgjort der, seier ho.

Sidan Minde vart utanlandsproff allereie som 21-åring, rakk ho aldri å vinne noko i norsk fotball.

– Vi tok bronse med Arna Bjørnar dei to siste åra før eg drog, så no har eg lyst til å vinne noko i Noreg òg.

Går mot straumen

Proffkarrieren til Minde starta i 2014. Sidan den gong har eksporten av norske spelarar tatt av. Berre i sommar forsvann åtte spelarar frå toppserien til utlandet, mange av dei er landslagsvenninner av Minde.

Kvinnlandslaget i fotball trener før kampen mot Nord-Irland

MOTSTRAUMS: Caroline Graham-Hansen (t.v.) gjekk til Barcelona i sommar etter å ha spelt saman med Kristine Minde i Wolfsburg.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg forstår veldig godt at mange reiser ut. Det har vore ei fantastisk oppleving å vere proff i utlandet. Mange drøymer om å spele i utlandet og oppleve ein annan kultur, så eg unner verkeleg dei norske jentene å gjere det, seier ho.

Frå troppen som spelte VM i Frankrike i sommar er no 14 av 23 spelarar utanlandsproffar. Minde har likevel få bekymringar med å returnere til den norske ligaen.

– Eg vil gå litt motstraums. Det gjorde eg då eg reiste ut òg. Eg prøver ikkje å la meg påverke av kva andre gjer. Eg vil berre finne det som passar meg best, seier ho.

Om det blir retur til Noreg, må 27-åringen førebu seg på ei anna rolle enn ho har i dag. Når laget blir delt opp i alder på treningar, pleier Minde å høyre til den yngste eller mellomste gruppa. I Noreg, blant mange unge Toppserie-spelarar, vil Minde bli ein av dei mest rutinerte.

– Det blir heilt klart ein stor overgang for meg. Her i Wolfsburg har vi eit ganske vaksent lag, medan eg garantert vil vere blant dei eldste viss eg kjem heim. Det vil vere litt uvant, men det blir òg ei eventuell utfordring eg ser fram til, seier ho.

Tøffe erfaringar

For trass i sine 27 år kjem Minde med mykje erfaring. Ho fortel særleg om det å kjenne på det å komme frå utsida og inn i ei prestasjonsgruppe i eit nytt land.

Women's World Cup - Quarter Final - England v Norway

LANDSLAG: Minde i duell med Englands Nikita Parris under fotball-VM i sommar.

Foto: Phil Noble / Reuters

– Eg har aldri tenkt at eg ville gi opp, men det har skjedd at eg har vore veldig lei, vorte mange tårer og at eg har vore forbanna og irritert for ting eg har opplevd. Men samtidig veit eg at det er ein del av gamet, og per dags dato er eg akkurat der eg ønskte at eg skulle vere.

No lever ho draumen som proff i Tyskland, ein draum ho har hatt sidan ho var lita. Minde er likevel veldig klar på at ho ikkje reiser heim for å «trappe ned»,

– Det håper eg ikkje folk trur. Det handlar om at eg har vore ute i lang tid, eg drog tidleg og har opplevd mykje, men eg er framleis topp motivert for å spele fotball både for ein eventuell ny klubb og på landslaget, seier ho.

– I den beste alderen sin

Førebels har verken Minde eller agenten hennar vore kontakt med norske klubbar. NRK sin fotballekspert Melissa Wiik meiner landslagsspelaren vil vere ein solid forsterkning for kvar og ein Toppserie-klubb.

Melissa Wiik

ATTRAKTIV: NRK sin fotballekspert, Melissa Wiik, meiner Minde vil vere attraktiv for mange norske klubbar.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Ho er i den beste alderen sin, med både erfaring og fysisk form. Ho er veldig dedikert og profesjonell og vil bidra til å gjere Toppserien betre, uansett kva klubb ho går til.

Wiik meiner Minde òg vil vere attraktiv for fleire enn berre norske klubbar når kontrakten går ut.

– Eg reknar med at ho er attraktiv for andre topplag utanlands òg, men ho vil vere ein fin profil å få tilbake. Særleg med tanke på at det er så mange gode norske utanlands no, seier ho.

Går for «trippelen»

Men før den tida har Minde òg eit meir kortsiktig mål.

– Vi går for trippelen i år, det er det som er målet vårt.

Trippelen er altså å vinne både liga, cup og Meisterligaen. For Meisterligaen har ikkje Wolfsburg vunne sidan 2014. Fire år før Minde skreiv under for klubben.

– Det hadde vore gøy å avslutte med det, seier Minde, før ho tar eit lite atterhald.

– Men sjølvsagt, det kan vere eg forlenger utenlandsopphaldet òg.

Siste nytt

  • Her koker det over for tennisstjernen – nå venter Ruud

    Denis Shapovalov slo hjemmehåpet Elias Ymer i en dramatisk kamp Stockholm, fredag kveld.

    Da Shapovalov leverte et godt poeng, satte han fingeren bak øret for å få mer jubel.

    Publikum svarte med å bue på ham. Senere ville Shapovalov ha bort en person fra tribunen.

    – Han viser fingeren. Kan jeg gjøre det? Hvorfor får han lov? sa canadieren til dommeren.

    Bilder fra nyhetsbyrået TTs fotograf viser at også Shapovalov viste fingeren tilbake mot tribunen.

    – Det var ikke vondt ment, men det virker som dere blir krenket over alt jeg gjør. Selv når jeg får medisinsk hjelp, buer dere, sa han.

    Underveis måtte nemlig Shapovalov få hjelp etter å ha fått smerter i ryggen. Han kom tilbake og vant 6-1 i det avgjørende settet. Kampen varte i over to og en halv time.

    Det er ikke første gang Shapovalov viser følelser på denne måten.

    – Jeg har sett Denis noen ganger, og det kan bli slik når han spiller. Han kan bli sint på publikum. Jeg var forberedt på at det kunne bli hett, sa Ymer, gjengitt av TT.

    Lørdag kveld møter Shapovalov Casper Ruud i semifinalen.

    (NTB)

    Denis Shapovalov
    Foto: Pontus Orre / TT / NTB
  • Uno-X enda nærmere World Tour-plass: – Vil være sensasjonelt

    Dersom Cofidis hadde som mål å ta igjen de 401 poengene opp til Uno-X på rankingen, var de helt avhengige av å hente hjem en topplassering fra Tour of Guangxi.

    Lørdag morgen endte Sylvain Moniquet fra det franske laget på 19.-plass som deres best plasserte rytter. Den plasseringen har han også sammenlagt.

    Moniquet dro ikke inn noen poeng, da han kom inn halvminuttet bak vinner Paul Double.

    – Blir dette resultatet etter i morgen, er vi et World Tour lag i 2026. Det vil være både sensasjonelt og historisk på samme tid. Jeg er stolt av hele laget og hvordan vi klarer å få til dette med å gå en lengre vei enn våre konkurrenter, da vi på herresiden kun har norske og danske ryttere, sier daglig leder i Uno-X Mobility, Thor Hushovd, til NRK.

    Vinneren av Tour of Guangxi mottar 300 WorldTour-poeng. En eventuelt 19.-plass gir ikke mer enn 20 poeng i kassa.

    Foruten søndagens avslutning i Guangxi gjenstår Japan Cup og temporittet Chrono des Nations før rankingen avsluttes. Uno-X har sendt Søren Wærenskjold og Carl-Frederik Bévort til Frankrike for å maksimere poengfangsten.

    Jørgen Nordhagen (Visma | Lease a Bike) ble nummer fire på etappen.

    Thor Hushovd Uno-X Mobility
    Foto: Yann Valerievich Belov / NRK
  • Crystal Palace-treneren bekrefter: Liverpool-aktuelle Marc Guéhi forlater klubben neste sommer

    Crystal Palace-trener Oliver Glasner bekrefter at midtstopper Marc Guéhi, som i sommer var nære på å signere med Liverpool, forlater klubben neste år.

    – Jeg tror Marc allerede har fortalt oss at han ikke vil signere en ny kontrakt, så han forlater klubben neste år, sier Glasner på en pressekonferanse i forkant av oppgjøret mot Bournemouth, ifølge Sky News.

    Liverpool forsøkte i sommer å hente Guéhi fra Crystal Palace, men overgangen strandet i siste liten.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Matthew Childs / Reuters / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal