Hopp til innhold

Det blir meir snø i Sør-Noreg

Sør-Noreg kan vente seg meir snøvêr til veka. Dei siste to dagane har det vore vanskelege køyreforhold og fleire trafikkulykker.

Det brøytes i Grimstad

SNØ: Brøytebil i Grimstad i helga. Dei neste dagane må nok muligens brøytebilen ut igjen.

Foto: Miriam Grov / NRK

Meir snø er på veg til Agder og Telemark dei neste dagane.

Frå måndag kveld kan det komme 10 til 25 centimeter på 24 timar i midtre og ytre strøk vest for Skien, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Ytst på kysten av Agder kan nedbøren komme som sludd eller regn.

Laster Twitter-innhold

Fleire trafikkulykker

Dei siste dagane har det komme mykje snø på Sørlandet.

Laurdag var det fleire trafikkulykker i Agder som følgje av krevjande køyreforhold. På E18 i Grimstad var to bilar involverte i ei ulykke som førte til at eitt køyrefelt måtte stengjast.

I Lyngdal kolliderte ein ATV med ein personbil, og to personar vart sende til sjukehus.

– Det har gått i eitt no i to døgn, det har vore enormt mange oppdrag, seier dagleg leiar Jan Ove Thygesen i Agder bilberging.

Har sendt ut farevarsel

Det er òg venta auka vind frå søraust måndag, særleg i Rogaland og sør i Hordaland.

Det er sendt ut gult farevarsel om stiv kuling og storm fleire stader langs kysten.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %