Det meste har gått på bra i Vipers Kristiansand dei siste åra. Klubben har etablert seg i Europa-toppen.
Premieskapet er fylt opp med medaljar frå inn- og utland.
Klubben har signert stjerner som Nora Mørk, Heidi Løke og Katrine Lunde. Klubben har også god økonomi. Det meste peikar oppover.
Men under overflata ulmar det akkurat no. Grunnen: Klubben har tilsett ny sjef.
Betalar lønna til Løke og Mørk
Tidlegare i år blei det klart at Terje Marcussen gir seg som dagleg leiar.
Fredag kveld vart det kjent at Per Geir Løvstad (65) er den nye sjefen. Dette har skapt reaksjonar frå ein av aksjonærane i klubben.
Preben Monen eig 9,75 prosent av aksjane i klubben, og betalar ein del av lønna til Heidi Løke og Nora Mørk.
Han meiner klubben burde ha lyst ut stillinga, noko dei ikkje gjorde. No vil han selje aksjane i klubben i protest.
I ein e-post NRK har sett skriv han følgjande til styret, og dei andre aksjonærane laurdag morgon:
Fryktar fleire vil trekke seg
NRK har vore i kontakt med andre aksjonærar i klubben som reagerer sterkt på at Monen blandar seg inn i tilsettingsprosessen.
Før tilsettinga vart kjent gav Monen uttrykk for at også fleire andre investorar og sponsorar vil trekke seg ut av klubben, dersom Løvstad vart ny sjef utan at jobben vart lyst ut.
Han sa til Fædrelandsvennen, som omtalte saka først, at han er uroa for økonomien i klubben.
NRK har vore i kontakt med Monen på SMS. Der han skriv at han ikkje vil «bidra ytterlegare i denne saka».
Men han stadfestar at han har sendt ein e-post til dei andre aksjonærane i klubben med tilbod om å kjøpe aksjane hans.
Til Fædrelandsvennen sa han dette fredag:
– Det eg reagerer på er at stillinga ikkje er utlyst når det er ei så attraktiv stilling, sa han.
Avtroppande dagleg leiar Terje Marcussen (t.v.) saman med Preben Monen i 2016.
Foto: Kjartan Bjelland / FædrelandsvennenMarknadssjef: – Dumt med slike oppslag
Monen har også uttrykt frykt for at marknadssjefen i klubben, Christer Paulsen, ville trekke seg om stillinga ikkje vart lyst ut.
Det avviser Paulsen overfor NRK.
– Eg kjem ikkje til å slutte. Men eg meiner også at det burde ha vore full utlysing. Det kan godt vere at ein hadde landa på same person uansett, seier Paulsen.
Han har fått nokre reaksjonar frå sponsorar og støttespelarar i klubben.
– Reaksjonane går på prosessen. Kvifor stillinga ikkje blir lyst ut. Men eg vel å tru at næringslivet ynskjer å vere med vidare. Det er dumt at det kjem slike oppslag og fartshumpar, men eg veit at styret berre ynskjer det beste for klubben. Så må folk få lov til å seie meininga si og vere ueinige, seier Paulsen.
Vipers Kristiansand har hatt stor sportsleg suksess dei siste åra. I 2019 tok dei bronse i meisterligaen. I april skal dei spele kvartfinale i den same turneringa.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixDifor vart ikkje jobben lyst ut
Handballklubben blir styrt av to styre. Våg Håndballklubb, som har ansvar for det sportslege. Det inneber at dei også har arbeidsgjevaransvaret for dei som er tilsett i klubben.
Vipers Topphåndball AS eig dei kommersielle rettane i klubben, men er ikkje involvert i tilsettingsprosessar. Det er i dette selskapet Monen eig aksjar.
Styreleiar i Våg Håndballklubb, Emil Tungehaug, forklarar kvifor dei ikkje lyste ut stillinga. Han seier dei vart kontakta av mange då det vart kjent at Terje Marcussen gav seg.
– Vi vurderte rundt 15 personar og laga ei «shortlist» på fem. Til slutt stod vi tilbake med ein kandidat som vart grundig vurdert av ein profesjonell part. Anbefalinga var tydeleg, seier Tungehaug.
Trygge på valet
Den nye daglege leiaren har lang erfaring frå både handball og næringsliv. Han har blant anna jobba som finansdirektør i oljeservicebedrifta National Oilwell Varco i 15 år.
I tillegg har han vore styreleiar i handballklubben i mange år.
– Vi har eit klubbstyre med lang erfaring frå tilsettingar i næringslivet. Vi har diskutert fordelar og bakdelar ved å lyse ut breitt eller rekruttere meir direkte. Begge deler er vanleg, seier Tungehaug.
– Vi er trygge på valet vi har teke, og vi må vel ha lov til å seie at vi trefte godt då vi tilsette Terje Marcussen på same måte i 2013 utan å lyse ut stillinga, seier han.
Den gang var Vipers langt unna Europa-toppen.
NRK veit at Løvstad nyt stor tillit og respekt i Vipers-styret. Det blir blant anna peika på at han har vore sentral av oppbygginga av klubben.
NRK har førebels ikkje lukkast å komme i kontakt med den nye Vipers-sjefen.
Terje Marcussen har vore ein populær dagleg leiar i Vipers Kristiansand. No er det klart at han gir seg.